Studieplan - Sjukepleie, bachelorstudium, Førde
Hausten 2019
Målet med utdanninga er at studentane skal tileigne seg kompetanse til eit yrke som sjukepleiar. Dette betyr kompetanse til å nytte og utvikle sjukepleiekunnskapar, haldningar og ferdigheiter på ein god og tenleg måte i møte med pasient, pårørande og medarbeidarar. Å ha sjukepleiekompetanse betyr at ein er fagleg kvalifisert og utfører yrket i samsvar med gjeldande lover, reglar og yrkesetiske retningslinjer.
Studieplanen er utarbeid i samsvar med Rammeplan og forskrift for sykepleierutdanning fastsett av Utdannings- og forskingsdepartementet 25. januar 2008, med heimel i Lov av 1. april 2005 nr. 15 om universitet og høgskular.
Læringsutbytte
Mål for studiet er å utdanne sjukepleiarar som yter tenester ut frå eit heilskapleg menneskesyn, som viser respekt for mennesket sin integritet og rettar og som trygger brukarane sin autonomi og rett til medbestemming. Sjukepleiaren skal utføre kunnskapsbasert sjukepleie, der forsking, klinisk erfaring, fagleg skjønn, ressursvurdering og brukarmedverknad ligg til grunn. Målet er at ein skal utøve sjukepleie som tek omsyn til pasienten sine individuelle omsorgsbehov i ulike fasar i livet og samstundes ha kompetanse til å ta del i kvalitetsforbetring, fagutvikling og forsking. Læringsutbytte bygger på konsensus i Sykepleierutdanningenes faglige lederforum (SUFAL) (no Nasjonalt profesjonsråd for sykepleie):
Kunnskap
Kandidaten
- har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar og problemstillingar innan sjukepleievitskapelege emne
- har kunnskap innan medisinske og naturvitskapeleg- og samfunnsvitskaplege emne
- har kunnskap om sjukepleiefagets historie, tradisjonar og eigenart
- kjenner til forsking og utviklingsarbeid relevant for sjukepleie
- har kunnskap om velferdsstaten, rammer for tenesteutøving og sjukepleietenesta sitt bidrag til helse- og velferdstenesta
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan utøve sjukepleie basert på forsking, erfaring og fagleg skjønn
- kan ivareta pasienten sine grunnleggande behov ved å observere, vurdere, planlegge, sette i verk, evaluere og dokumentere sjukepleie
- kan identifisere risikofaktorar av individuell og miljømessig karakter, planlegge og utføre helsefremjande og førebyggjande tiltak
- kan informere, undervise og rettleie pasientar og pårørande
- kan fremme læringsprosessar som bidreg til pasienttryggleik, kvalitet og tillit i helsetenesta
- kan beherske relevante faglege verktøy, teknikkar, prosedyrar og kommunikasjonsformer
- er ein endringsdyktig leiar av eige fag
- kan samhandle tverrprofesjonelt for å skape eit koordinert, heilskapleg og samanhengande tenestetilbod
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan utøve fagleg forsvarleg sjukepleie, basert på etisk medvit og kritisk refleksjon
- kan møte pasientar og pårørande med omsorg, innleving og moralsk ansvar
- kan ivareta pasienten sin rett til medbestemming og medverknad
- kan medverke til nytenking og innovasjon
- kan vise evne og vilje til livslang læring, arbeide kunnskapsbasert og bidra til å utvikle kvalitet i sjukepleiefaget og helsetenesta
- kan anvende og formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysningar både skriftlig og munnleg
- kan bidra til synleggjering av faglege og etiske normer i offentleg debatt om helsepolitiske spørsmål
Verdigrunnlag
Sjukepleiehandlingar har som mål å fremje helse og lindre liding. At den einskilde tenesteytar tek omsyn til fysiske, psykiske, sosiale, kulturelle og åndelege sider ved mennesket, er avgjerande for eit godt tilbod. Helseproblem og sosiale problem må og sjåast i samanheng med samfunnsmessige faktorar. Sjukepleie inneber å forstå kva konsekvensar sjukdommen kan ha for den enkelte, og å sjå ulike aspekt ved det å vere sjuk. Dette krev evne til innleving og ei deltakande haldning. Sjukepleie kan vere retta mot enkeltindivid, grupper av menneske eller omgjevnader der sjukepleiekunnskap skal setje mennesket i stand til å førebygge eller meistre sjukdom. Sjukepleiefaget er basert på grunnleggande omsorgsverdiar. https://www.nsf.no/Content/785285/NSF-263428-v1-YER-hefte_pdf.pdf
Yrkesetiske retningslinjer for sykepleiere bygger på moralske prinsipp om respekt for at livet ikkje skal krenkast, på respekt for mennesket sitt eigeverd og solidaritet med dei svakstilte.
Sjukepleiekompetanse
For å synleggjere kva forventningar arbeidsgjevaren stiller til nyutdanna sjukepleiarar, skil rammeplanen mellom handlingskompetanse og handlingsberedskap (Rammeplan for sykepleierutdanning 2008). Handlingskompetanse er knytt til område der sjukepleiaren etter utdanninga skal kunne fungere sjølvstendig. Handlingsberedskap omfattar kunnskap som etter opplæring, rettleiing og praksiserfaring kan verte vidareutvikla til sjølvstendige funksjonar innan leiing, undervisning, rettleiing og fagutvikling.
Krav til fagleg forsvarleg og omsorgsfull hjelp
Studentar er omfatta av Lov om helsepersonell og Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning).
Politiattest skal leverast ved studiestart, jmfr Politiregisterloven kap 7, § 39. Ny politiattest kan krevjast av praksisfeltet eller HVL i løpet av utdanninga.
Innhald
Utdanninga er delt opp i 15 emne, som tek utgangspunkt i sjukepleiefaget sitt kunnskapsgrunnlag (Jmfr. Forskrift til rammeplan for sykepleierutdanning. Emna fordeler seg på seks semester på heiltidsstudiet. Kvart emne vert omtala i studieplanen Høgskulen på Vestlandet nyttar Canvas som sitt elektroniske læringsstøttesystem. Her vil studenten finne detaljerte skildringar av kvart enkelt emne Canvas vert også nytta som eit pedagogisk verktøy i studiet. Alle retningslinjer som omhandlar studiet ligg i Canvas.
Kvalitetssikring av studiet
Studieplanen er utarbeidd i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved HVL.
Studieplanen er tenleg å lese i elektronisk utgåve, slik at ein kan klikke seg vidare til aktuelle emne og lenkjer. Alle emne har faggrupper beståande av fagtilsette med særskilt tilknyting til fagområda emna inneheld. Det vert lagt opp til studentevaluering av alle emne som vert drøfta i fagutval og studienemnd ved avdelinga og i utdanningsutvalet i høgskulen.
Faget sin eigenart og vanskegrad/grad av sjølvstendig arbeid er, i tillegg til føringane i Rammeplanen for sykepleierutdanningen, bakgrunn for den tid (tal veker) som er sett av til studieinnsats. Utgangspunktet er Rammeplanen si inndeling av hovudemne:
- Sjukepleiens faglege og vitskaplege grunnlag: 33 sp
- Sjukepleiefaget og yrkes-grunnlaget: 72 sp
- Medisinske og naturvitskaplege emne: 45 sp
- Samfunnsvitskaplege emne: 30 sp
Praksis
Målet med rettleia praksisstudium er at studenten skal oppnå optimal handlingskompetanse for å kunne møte pasienten og samfunnet sine behov for sjukepleie, som ein del av eit samla behandlingstilbod.
Praksisstudium utgjer 50% av studiet, 60 veker. Av desse utgjer 50 veker direkte pasientretta praksisstudium, og 10 veker trening i praktiske ferdigheiter, førebuing til og refleksjon over praksis. Det er krav om 90 % frammøte i praksisstudie. Praksisplassar er hovudsakleg knytt til heile Sogn og Fjordane. Praksiskontoret skaffar praksisplasser, ikkje den enkelte student.
Høgskulen sine fagtilsette har eit overordna ansvar i å rettleie studentane og legge til rette for gode læresituasjonar i praksis. Studentane skal i praksisstudia ha kontinuerleg rettleiing av sjukepleiar som bør ha rettleiingskompetanse og minst eitt års erfaring som sjukepleiar. Sjukepleiarane på praksisplassen har ansvar for å rettleie studentane med utgangspunkt i praksisplassen sin spesialitet og eigenart.
Student, rettleiar i praksis og praksislærar skal gjennomføre forventningssamtale, halvtids- og sluttevaluering i alle rettleia praksisperiodar. Forventningssamtale skal gjennomførast i løpet av dei to første vekene. Halvtidsevaluering skal gjennomførast innan 3 veker før praksisslutt. Sluttevaluering skal gjennomførast siste veka studenten er i praksis. Alle praksisperiodane blir vurderte til greidd/ikkje greidd med utgangspunkt i læringsutbyte for emne.
Studenten sin praksis kan vurderast til ikkje greidd ut frå eigne kriterium. Det skal bli gitt skriftleg varsel om fare for ikkje greidd praksis seinast tre veker før praksisslutt, jf. Forskrift om studium og eksamen ved HVL (lovdata.no). Om studenten i slutten av praksisperioden visar handling/åtferd som openbert ikkje gjev grunnlag for greidd praksis, kan studenten få "Ikkje greidd" sjølv om ikkje varsel om fare for ikkje greidd er gitt, jf. Forskrift til rammeplan for sykepleierutdanning.
Arbeidsformer
Høgskulen legg vekt på å tilby undervisning basert på det fremste innan forsking, fagleg utviklingsarbeid og erfaringskunnskap. Undervisnings- og læringsformer vil variere i dei ulike emna, og dette vil gå fram av emneomtalen for dei einskilde emna.
Forventa studieinnsats for ein heiltidsstudent er 40 timar kvar veke. Krav om obligatorisk frammøte i undervisning eller andre aktivitetar skal gå fram av studieplan/emneplan. Med mindre emneplan seier noko anna, er det krav om 80 % frammøte til det som vert sett som obligatorisk undervisning. Fråvær frå obligatorisk frammøte vere handsama etter Forskrift om studium og eksamen ved HVL (lovdata.no). Praktiske øvingar på sjukepleiesenteret og i praksisstudie krev 90% frammøte. Institutt for sjukepleie gjer nytte av ulike digitale læringsmetodar i undervisinga.
Vurderingsformer
Arbeidskrav
Arbeidskrav kan omfatte , skriftlege og munnleg arbeid, frammøte til undervisning, deltaking på seminar og øving i sjukepleiesenteret Kvar av emneomtalane gjev nærare informasjon om arbeidskrav.
Studenten må ha greidd kvar rettleia praksisperiode for å kunne framstille seg for neste praksisperiode. Arbeidskrav i dei ulike emna må vere gjennomførte/godkjende for å gå opp til aktuelle eksamenar og for å få godkjend praksis, jf. Forskrift om studium og eksamen ved HVL (lovdata.no).
Sluttvurdering
Vurderingsformer er i tråd med Rammeplan for sjukepleieutdanning ogForskrift om studium og eksamen ved HVL. Kvart emne blir sluttvurdert, og det vert stilt krav til progresjon i gjennomføring av utdanninga. Dei vurderingsformene som vert nytta er skriftleg skuleeksamen, heimeeksamen og prosjekteksamen. Språk som kan nyttast i sluttvurdering er norsk, svensk og dansk. Alle praksisperiodane blir vurderte til greidd/ikkje greidd med utgangspunkt i læringsutbyte for emnet.
Krav til studieprogresjon
Faglege vilkår for studieprogresjon
Sjukepleieutdanninga er bygd ved at nye emne i stor grad føreset og bygger på læring og vurdering i tidlegare emne. Utdanning i sjukepleie inneberer kontakt med og medansvar for sjuke, noko som føreset at studenten er førebudd til og har kunnskapar før praksisperioden tek til. Det er difor fastsett krav til rekkefølgje av emne og det er krav om obligatorisk deltaking i delar av studiet. I emne SK 157 og SK 159 inngår praksis som ein del av emnet, og emna er ikkje fullførte og greidde før praksis er greidd.
Internasjonalisering
Studentar kan ta delar av utdanninga ved ein utanlandsk institusjon. Det er inngått samarbeidsavtalar med utanlandske universitet og høgskular, og vi deltek i utvekslingsprogram.
Det går fram av emneomtalane kva delar av studiet som kan gjennomførast i utlandet. Emne SK 159 vil for dei som søkjer utveksling i 6 semester erstattast med emne SK198 Internasjonalisering.