Studenter på Norsk 2.

Norsk 2 Språk, kultur og litteratur

Norsk 2 Språk, kultur og litteratur (MGBNO301 og MGBNO401) bygger på Norsk 1 begynnaropplæringa og Norsk 1 mellomsteget. Norsk 2 ligg i 3. studieår, 2. semester og dei to modulane (MGBNO301 og MGBNO401) går parallelt.

Emnet gir historisk bakgrunn og meir omfattande kunnskap om sentrale språklege og litterære emne, djupare innsikt i fagdidaktiske spørsmål i norskundervisninga på barnetrinnet, og betre fagleg grunnlag for arbeid med læringsfremjande vurdering og tilpassa norskopplæring for alle elevar. Studentane får også gode høve til å vidareutvikle sine eigne språkferdigheiter og sin eigen tekstkompetanse og formidlingsevne.

Norsk 2 språk, kultur og litteratur (MGBNO301) gir studentane innsikt i språkleg variasjon, norsk som første- og andrespråk og norsk i eit internasjonalt kontrastivt perspektiv. Norsk 2 språk, kultur og litteratur (MGBNO401) gir studentane god innsikt i aktuell barnelitteratur og i korleis denne kan formidlast til elevar på ein god måte. Emnet diskuterer også teori og arbeidsmåtar knytta til aktuell lese- og skriveopplæring, noko som gjer faget svært praksisrelevant. 

Organisering av undervisninga

Studentane skal vere både mottakarar, aktive deltakarar, samtalepartnarar, rettleiarar for medstudentar og observatørar i klasserommet. Det er derfor lagt opp til varierte arbeidsformer som bidreg til å realisere ein lærande, aktiv og nærverande studentrolle. Det er obligatorisk oppmøte til undervisninga.

Arbeidsformer

Arbeidsformene vil vere forelesingar, rettleiingar, studentframlegg, utveksling av røynsler og arbeid i større og mindre grupper. Studentane skal også bidra på nett med obligatoriske arbeidskrav, samtalar og diskusjonsinnlegg, samt vidareutvikle evna til å lese og skrive akademiske tekstar.

Studiestad

Ein kan ta faget på studiestad Stord, Bergen, Sogndal.