Korleis søke opptak til Helse, migrasjon og aldring

Her finn du informasjon om korleis du skal gå fram for å søke opptak til etterutdanningskurs og studiepoengskurs i programmet Helse, migrasjon og aldring.

Dei nettbaserte kursa i programmet er kun tilgjengelege som studiepoengskurs. Dei samlingsbaserte kursa er tilgjengelege både som etterutdanningskurs og som studiepoengskurs.  

Studiepoengskurs

Om du ynskjer å ta kurs som studiepoengskurs må du ha bachelorgrad. Desse kursa er på 2,5 studiepoeng og har obligatoriske arbeidskrav og eksamen. Dei nettbaserte kursa er kun tilbudt som studiepoengskurs, medan dei samlingsbaserte kursa både kan takast som studiepoengskurs og etterutdanningskurs.

Ordinær søknadsfrist er 15. april for studier som går om høsten og 15. november for studier som går om våren.

Søk studiepoengskurs


Når du har logga inn må du først legge inn personalia.
Vel opptak «Masterstudium», deretter «Master/vidareutdanning i helse- og sosialfag vår 2024».
Vel det studiet du vil søke på frå nedtrekksmenyen og trykk på "Legg til" før du sender inn søknaden. Du kan melde deg på så mange du vil.

Etterutdanningskurs

Om du ynskjer å ta kursa som etterutdanningskurs, kryssar du av for om du ynskjer å ta det som introduksjonskurs (halvdagssamling + litt digitalt materiale) eller grunnkurs (halvdagssamling + digitalt materiale og ein liten test). Det følger ingen utdanningskrav med å ta kursa som etterutdanningskurs og du kan melde deg på så mange du vil.

Søk etterutdanningskurs

Studierett i 2 år

Når du har blitt tatt opp til programmet får du studierett i programmet i 2 år. Det betyr at du kan velge å ta dei kursa du ynskjer utan å måtte søke nytt opptak. Om du ynskjer å ta fleire kurs etter at det har gått 2 år, søker du om opptak på nytt.