Hopp til innhald

Studieplan - Lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1-13 - Musikk

Hausten 2022

Lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1-13 er ei mastergradsutdanning som kvalifiserer for tilsetting i undervisningsstilling i grunnskulen og i den vidaregåande opplæringa. Utdanninga skal bygge på forsking og erfaringsbasert kunnskap og ha heilheit og samanheng mellom masterfag (musikk eller kroppsøving og idrettsfag), profesjonsfag og praksis. Fagval og innretning kan ha betydning for kva trinn studenten kan tilsettast på.

Lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1-13 – musikk skal utdanne allsidige lærarar med utøvande og profesjonsfagleg kompetanse. Utdanninga skal kvalifisere kandidaten til å bidra i vidareutvikling av skulen som institusjon for danning og læring i eit demokratisk og mangfaldig samfunn. Studieretninga kvalifiserar studentar til å undervise i musikk på alle trinn i grunnskulen, vidaregåande skule, kulturskule, folkehøgskule og det frivillige musikkliv. Vidare skal utdanninga gje eit godt grunnlag for å drive med utøvande musikalske aktivitetar. Arbeidet med musikkfag skal legge grunnlag for kunnskaps- og ferdigheitsutvikling, samt fagdidaktisk refleksjon og djupnelæring. Gjennom arbeid med fagdidaktiske og musikkutøvande problemstillingar, skal studentane bli engasjerte, motiverte og kompetente til å arbeide med elevar sin handlingskompetanse. Gjennom samarbeid og fellesskap skal studentane få erfaring med musikkfaglege disiplinar i teori og praksis og utvikle sine skapande og kreative evner. Arbeid med ensemblespel, hovudinstrument, støttedisiplinar i musikk og musikkdidaktikk skal leggja grunnlaget for brei kompetanse og eit variert didaktisk repertoar. Arbeidet med musikkfag skal integrerast med profesjonsfag, praksisopplæring og fagdidaktisk refleksjon.

Lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1-13, kroppsøving og idrettsfag skal utdanne allsidige lærarar til å undervise i kroppsøving på alle trinn i grunnskulen og i kroppsøving og utdanningsprogram for idrettsfag i vidaregåande opplæring, i folkehøgskule og i idretten. Dette er ei integrert, forskingsbasert og profesjonsretta utdanning. Arbeidet med kroppsøving og idrettsfag skal legge grunnlag for kunnskaps- og ferdigheitsutvikling, fagdidaktisk refleksjon og djupnelæring. Gjennom arbeid med fagdidaktiske problemstillingar skal studentane bli engasjerte, motiverte og kompetente til å arbeide med elevar sin handlingskompetanse. Gjennom samarbeid og fellesskap skal studentane få erfaring med mange typar bevegelsesaktivitetar og utvikle sine skapande og kreative evner. Studentane skal oppnå brei kompetanse gjennom erfaring med både spontan leik, målretta trening og kroppsleg utfolding og øving i ulike bevegelsesmiljø. Arbeidet med kroppsøving og idrettsfag skal integrerast med profesjonsfag, praksisopplæring og fagdidaktisk refleksjon.

Studieprogrammet følgjer Forskrift om rammeplan for lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1-13, fastsett av Kunnskapsdepartementet (KD) 04.06.2020, Orientering om lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1-13 frå KD 3.juli 2020 og Nasjonale retningslinjer for lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1-13.

Fullført masterstudium med samla karakter på B eller betre vil kvalifisere for opptak på doktorgradsprogramma ved HVL og relevante doktorgradsprogram ved andre universitet og høgskular.

Læringsutbytte

Kandidaten skal etter fullført lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13, musikk og/eller kroppsøving og idrettsfag, ha følgjande samla læringsutbytte:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har avansert kunnskap og profesjonsfagleg kunnskap i masterfaget (musikk eller kroppsøving og idrettsfag) og brei profesjonsretta kunnskap i dei andre faga i utdanninga
  • har spesialisert innsikt i musikk eller i kroppsøving og/eller idrettsfag (masteroppgåva) og inngåande kunnskap om forskingsmetode og etikk, og om profesjonsrelevant forsking og/eller kunstnarisk utviklingsarbeid
  • har spesialisert innsikt i musikk eller i kroppsøving og/eller idrettsfag (masteroppgåva)
  • har brei kunnskap om dei praktiske og estetiske faga sin eigenart og historie, om korleis den digitale utviklinga påverkar innhald og arbeidsmåtar, og om faga sin betyding for born og unge i eit livsløpsperspektiv
  • har kunnskap om lærarprofesjonen, om utviklinga av skulen som organisasjon, faga som skule-, kultur og forskingsfag, og brei forståing av skulen sitt mandat og verdigrunnlag
  • har inngåande kunnskap om læringsteori og barn og unge sin utvikling, danning og læring i ulike sosiale, språklege og kulturelle kontekstar, særskilt knytt til dei praktiske og estetiske faga sine praksisar
  • har inngåande kunnskap om klasseleiing, kva som skal til for å fremje eit godt læringsmiljø og kva som fremjar læring spesielt i dei praktiske og estetiske faga (i musikk eller kroppsøving og idrettsfag)
  • har kunnskap om gjeldande lov og planverk for grunnopplæringa, og om overgangen frå barnehage til barnetrinn, frå barnetrinn til ungdomstrinn og frå ungdomstrinn til vidaregåande opplæring
  • har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar, med kunnskap om til dømes mobbing, vald og seksuelle overgrep mot barn og unge, om barn og unge sine rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv og om korleis sette i gang naudsynte tiltak etter gjeldande regelverk

Ferdigheiter

Kandiaten

  • kan bruke ulike uttrykk, former og teknikkar i praktisk, utøvande og skapande arbeid og har spesialiserte ferdigheiter i masterfaget (musikk eller kroppsøving og idrettsfag)
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig og avgrensa profesjonsretta forskingsarbeid eller kunstnarisk utviklingsarbeid i musikk eller kroppsøving og/eller idrettsfag (masteroppgåva) som er i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
  • kan iverksette tidleg innsats og sikre progresjon i elevane sin faglege utvikling, og arbeide med dei grunnleggande ferdigheitene på faga sine premissar
  • kan aleine og saman med andre planlegge, vurdere og gjennomføre undervisning for elevar med ulike behov, basert på nasjonal og internasjonal forsking, profesjonsfagleg erfaringskunnskap og gjeldande læreplanar og andre styringsdokument
  • kan analysere, vurdere og dokumentere elevane si læring, gje læringsfremjande tilbakemeldingar og bidra til at elevar kan reflektere over eiga læring og utvikling
  • kan analysere og vurdere risiko i opplæringa og gjennomføre opplæringa slik at sikkerheit, helse og miljø blir ivareteke
  • kan bruke profesjonsfagleg digital kompetanse i kreativt arbeid, læringsprosessar, dokumentasjon og formidling, og gje elevane opplæring i digitale ferdigheiter dei aktuelle faga (musikk eller kroppsøving og idrettsfag)
  • kan identifisere særskilte behov hjå barn og unge, mellom anna teikn på mobbing, seksuelle overgrep og vald, og kan på bakgrunn av faglege vurderingar etablere samarbeid med relevante faginstansar

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan bidra til skulen sitt arbeid med verdigrunnlaget i overordna del av læreplanverket og dei tre tverrfaglege temaa demokrati og medborgarskap, folkehelse og livsmeistring og berekraftig utvikling
  • kan bidra til forståing av samane sin status som urfolk
  • kan aleine og saman med andre initiere praktiske, skapande, utforskande og estetiske læringsprosessar, og bidra til å utvikle skulen sin kollektive praksis
  • kan på eit avansert nivå drive formidlingsarbeid på masterfaget sitt særtrekk (musikk eller kroppsøving og idrettsfag), og kan identifisere, vurdere og formidle profesjonsfaglege – og etiske problemstillingar og bidra til å utvikle eigen praksis og profesjonsutøvinga
  • kan bidra til djupnelæring, kreativitet, nytenking og innovasjon i musikk eller i kroppsøving og idrettsfag
  • kan, basert på innsikt i barne og ungdomskultur, legge til rette for barn og unge si kreative utfolding som skapande individ
  • kan initiere og ivareta eit samarbeid mellom skule og heim, og med arbeids-, samfunns og kulturliv og andre aktørar som er relevante for skulen si verksemd

Innhald

Studentane vel studieretning musikk eller studieretning kroppsøving og idrettsfag, som er masterfaga i utdanninga (fag 1). I 1.-3. studieår skal utdanninga innehalde minimum 90 studiepoeng masterfag og minimum 30 studiepoeng profesjonsfag. I 4.-5-studieår skal det vere mellom 15-45 studiepoeng masterfag og minimum 30 studiepoeng profesjonsfag. Fag II skal vere undervisningsfag med læreplan i grunnopplæringa. Eit eventuelt fag III er eit undervisningsfag som fag II, eller spesialpedagogikk. Fag II på 60 studiepoeng skal i utgangspunktet takast ved HVL, men andre høgskular universitet er òg mogeleg. Det same gjeld fag II og fag III. Studiet er i hovudsak campusbasert, men nokre av emna blir gjennomført som «Vestlandsklasse», dvs. nettbasert.

Praksis

Praksis skal gjennomførast på ulike arenaer avhengig av studieretning, men i hovudsak innan skuleverket (grunnskulen sitt barnetrinn, ungdomstrinn og i vidaregåande opplæring). Praksis kan òg bli gjennomført innan kulturskule eller anna opplæring knytt til fagleg og kulturelt arbeid.

Dei tre fyrste studieåra er det 90 dagar praksis, der 70 dagar skal vere i grunnopplæringa.

 

1.studieår: 40 dagar praksis i grunnskule

Studieretning musikk

Studieretning kroppsøving og idrettsfag

 

2.studieår: 30 dagar praksis i grunnskule 

Studieretning musikk

Studieretning kroppsøving og idrettsfag

 

3.studieår: 20 dagar praksis i vidaregåande skule, trinn 11-13. GLU-fag følgjer aktuell trinnretning 

Studieretning musikk

Studieretning kroppsøving og idrettsfag

 

4.studieår: 25 dagar praksis i vidaregåande, trinn 11.-13. 

Studieretning musikk

Studieretning kroppsøving og idrettsfag

 

5.studieår: 15 dagar prosjektpraksis (knytt opp mot masteroppgåva)

Studieretning musikk

Studieretning kroppsøving og idrettsfag

 

Det skal vere progresjon i praksis frå observasjon og analyse i starten av utdanninga til det å kunne vidareutvikle erfarings- og forskingsbaserte undervisningspraksisar i den siste delen av utdanninga. Praksis skal vere ein integrert del av faga i utdanninga og bidra til at studentane utviklar evne til å reflektere over og utvikle eiga profesjonsutøving.

Arbeidsformer

Hovudarbeidsforma i teoretiske emne vil vere førelesingar, prosjekt og gruppe og individuelt arbeid. Det vil vera praktisk undervisning i større og mindre grupper utandørs og innandørs i treningssal, treningsstudio, musikkrom.

Vurderingsformer

Studieprogrammet har skriftlege, munnlege, praktiske og digitale obligatoriske læringsaktivitetar, individuelt og i gruppe. Variasjon i vurderingsformer vert vektlagt og følgjande evalueringsformer vert nytta: skriftleg skuleeksamen, heimeeksamen, mappeeksamen, munnleg eksamen, praktisk eksamen, skriftleg oppgåve i gruppe, skriftleg FoU-oppgåve i gruppe og skriftleg masteroppgåve individuelt eller gruppevis.

Internasjonalisering

Det er høve til studieopphald i utlandet i 6. eller 8.semester (kjem an på val av fag II). HVL har utvekslingsavtalar med institusjonar i Nord-Amerika, Australia, Europa og i Norden gjennom Erasmus og Nordplus-programma.