Kvifor studere Maritime Cyber Risk Management?
Kurset gir eit teoretisk grunnlag for å forstå cyberrisiko knytt til maritime IT-system og dei negative konsekvensane dette kan ha for drifta. Kurset ser òg på kva kjenneteikn ulike truslar har, og korleis dei kan forståast og handterast.
Læringsutbytte
Etter å ha gjennomført kurset skal du kunne:
- forstå grunnleggande omgrep innan cybersikkerheit
- identifisere sentrale cyberrisikoar og konsekvensane dei kan ha for maritim drift
- forstå dei ulike delane av ein strategi for handtering av risiko.
Kursbevis
Kursbevis
Dersom du ønsker kursbevis etter at du har fullført kurset, kan du sende ein e-post til ftms-studie@hvl.no med namnet på kurset i emnefeltet. Kurset gir ikkje studiepoeng.
- Kurset er kun ope for deltakarar med norsk BankID
- Søknadsfristen er 1. desember 2026
Undervisningsform
Kurset er fleksibelt og inneheld videoar, skriftleg materiale og interaktive aktivitetar. Du kan lære i ditt eige tempo, uansett kvar du er. Det er ingen formelle opptakskrav.
Den estimerte arbeidsmengda er 15 timar. Du har tilgang til kurset i læringsplattforma Canvas fram til 15.12. 2026.
Kursstruktur - fire modular
Kurset består av fire modular:
1. Introduksjon til cybersikkerheit
Denne modulen introduserer grunnleggjande omgrep innan cybersikkerheit og forklarer dei ulike stega i vanlege cyberangrep. Når vi forstår desse grunnleggjande prinsippa, er vi betre rusta til å verne systema og fartøya våre.
2. Trygge sjøfolk
Denne modulen handlar om korleis handlingane og åtferda til sjøfolk direkte påverkar cybersikkerheita om bord, og om korleis cyberangrep mot operasjonell teknologi (OT) kan ha andre konsekvensar enn angrep mot informasjonsteknologi (IT).
Modulen ser nærmare på ulike former for sosial manipulering (social engineering) og understrekar kor viktig gode rutinar for cybersikkerheit er for å redusere risiko.
3. System- og datasikkerheit
Denne modulen ser på ulike verktøy og teknologiar som blir brukte for å verne system og data. Vi ser mellom anna på korleis brannmurar, system for inntrengingsdeteksjon, kryptering og andre tiltak bidreg til eit robust vern mot cybertruslar.
4. Cyberrisikohandtering
Denne modulen handlar om korleis sikkerheitsverktøy og rammeverk kan brukast strategisk for å gjere organisasjonar meir robuste mot cyberrisiko. Modulen tek mellom anna for seg NIST Cybersecurity Framework og relevante retningslinjer for cybersikkerheit i maritim sektor.
Målgruppe
Kurset er for alle med norsk BankID som arbeider i maritim sektor, anten du arbeider på land eller om bord på fartøy eller offshoreinstallasjonar.
Kurset vert undervist i på engelsk.
