Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).
Studiekode i Søknadsweb
8652
Kvifor studere matematikk?
Som lærar i matte kan du vere med å forme og inspirere kommande generasjonar til å skape ei positiv haldning til matte. Ein god mattelærar på barnetrinnet, kan vere avgjerande for korleis elevane meistrar matte vidare på skulen.
Kva lærer du?
Du skal utvikle eit fagleg og didaktisk grunnlag for matematikkundervisning på mellom- og ungdomstrinnet. Du skal arbeide med dei matematiske tema tal og talforståing, algebra, funksjonslære, geometri, måling, statistikk og sannsynsrekning.
Du skal lære om bruk av digitale verktøy og reflektere kring korleis bruk av digitale verktøy kan vidareutvikle matematikkfaget.
Den praktiske erfaringa du har vert trekt inn i emnet, og det er eit mål at du skal tilføre skulen du underviser på oppdatert fagleg og didaktisk kompetanse.
Les meir i emneplanane om kva du lærer og eksamen:
- Emne 1: Lærerens undervisningskompetanse i matematikk (MAU801N).
- Emne 2: Læring i matematikk MAU802N).
Målgruppe
Matematikk 1, 5-10. trinn er retta mot deg som ønsker å undervise i matematikk, men som har færre enn 30 studiepoeng i faget.
Undervisningsform
Dette er eit reint nettstudium. Nettøktene består av forelesningar, presentasjonar, seminar og gruppeinndelte økter. Mellom samlingane arbeider du i nettbaserte studiegrupper.
Du skal levere inn fire arbeidskrav per semester. Nokre av arbeidskrava krev at du gjennomfører undervisningsopplegg i eiga matematikklasse.
Du nyttar læringsplattforma Canvas og konferanseverktøyet Zoom i kommunikasjonen med høgskulen. Du får tilgang til Canvas før studiestart med mer informasjon.Etter opptaket får du ei innføring i bruk av Canvas og Zoom.
Nettøkter
Studieåret 2026/2027
Hausten 2026 (MAU801N):
Nettundervisning mandagar kl. 14.00-16.00. Oppstart 17.08.26.
Våren 2026 (MAU802N):
Nettundervisning mandagar kl. 14.00-16.00. Oppstart 04.01.27.
Pensum
Du vil motta informasjon om pensum ved studiestart.
