Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).
Studiekode i Søknadsweb
9796
Kvifor studere naturfag?
Ved å fordjupe deg i naturfag får du mogelegheit til å utvide eigen kunnskap og utvikle deg som pedagog. Du lærer å formidle eit fag som mange barneskuleelevar opplever som komplekst, på ein måte som skaper engasjement og forståing. Dette er ein kompetanse som er svært verdifull i læraryrket.
Kva lærer du?
Naturfag 1 er forankra i nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanninga for 1.–7. trinn og i læreplanen for grunnskulen (Kunnskapsløftet 2020).
Studiet legg vekt på ei konkret og praktisk tilnærming til naturfagundervisning i grunnskulen. Gjennom utprøving av ulike arbeidsmåtar og faglege diskusjonar blir du invitert til å vidareutvikle eigen praksis og bidra til utvikling på eigen skule.
Naturfag 1 omfattar fagstoff frå alle kjerneelementa i læreplanen for 1.–7. trinn. Studiet legg særleg vekt på medvite og målretta arbeid med grunnleggande ferdigheiter, slik dei er skildra i rammeverket. Kompetansemål knytte til kjerneelementa naturvitskaplege praksisar og tenkemåtar og teknologi blir integrerte i arbeidet med dei andre kjerneelementa.
Les meir i emneplanane om kva du lærer og eksamen:
- Emne 1: Den levende naturen 1 (NAB801).
- Emne 2: Innføring i fysikk og kjemi for grunnskulen (NAB802).
Du kan også studere Naturfag 2 som bygger vidare på Naturfag 1.
Målgruppe
Dette studiet er for deg som er lærar og vil undervise i naturfag i grunnskulen.
Undervisningsform
Studiet er delt i to emne. Emne 1 vert undervist i om hausten, og emne 2 går om våren. Kvart emne består av 3 samlingar og gir 15 studiepoeng. Undervisninga på samlingane skjer i tidsrommet kl. 09.00-16.00.
Undervisninga på samlingane vil veksle mellom forelesning, feltarbeid, laboratoriearbeid og diskusjonar. Kursdeltakarane må vere førebudde på sjølvstudium av pensumlitteratur mellom samlingane. Det er også digitale nettmøter mellom samlingane.
Samlingsdatoar og digitale møter
Høst 2026:
21. - 22. januar (9.00-16.00 begge dagar): Samling på campus Bergen
5. februar (9.00-11.00): Digital samling
17. -19. februar (9.00-16.00 alle tre dagar): Samling på campus Bergen
5. mars (9.00-11.00): Digital samling
11. - 12. mars (9.00-11.00 begge dagar): Samling på campus Bergen
Pensum
Kvammen, P. I. et al. (2021) Oppdag naturen : biologi for lærere : grunnskolelærerutdanning. 2. utgave. Bergen: Fagbokforlaget.
Staberg, R. L. et al. (2020) Biologididaktikk for lærere. 1. utgave. Oslo: Gyldendal.
Du får mer informasjon om pensum ved studiestart.
