Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).
Det er anbefalt å ha minst 30 studiepoeng i naturfag frå tidlegare.
Studiekode i Søknadsweb
9776
Kvifor studere Naturfag 2?
Ved å fordjupe deg i naturfag får du mogelegheit til å utvide eigen kunnskap og utvikle deg som pedagog. Du lærer å formidle eit fag som mange barneskuleelevar opplever som komplekst, på ein måte som skapar engasjement og forståing. Denne kompetansen er svært verdifull i læraryrket.
Kva lærer du?
Du lærer korleis du kan bidra til å utvikle dei yngste elevane si sansing, oppdagarglede, undring, naturglede og naturfagspråk når dei blir introduserte for naturfag. Du får også innsikt i korleis du kan førebu dei eldste elevane på overgangen til ungdomstrinnet.
Studiet legg vekt på ei konkret og praktisk tilnærming til naturfagundervisning i grunnskulen.
Naturfag 2 er delt i to emne:
Emne 1 blir undervist om hausten og tek for seg tema innan fysikk og kjemi.
Emne 2 blir undervist om våren og tek for seg tema innan humanbiologi, cellebiologi og evolusjon.
Les meir i emneplanane om kva du lærer og eksamen:
- Emne 1: Fysikk, kjemi og miljøutfordringar (NAB803).
- Emne 2: Fordypning i biologi for grunnskolen (NAB804).
Målgruppe
Naturfag 2 er fastankra i nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanninga for 1.-7. årstrinn og læreplan for grunnskulen. Kurset bygger på naturfag 1, og det er anbefalt (men ikkje eit krav) at ein har fullført naturfag 1. Til saman utgjer naturfag 1 og 2 ei årseining i naturfag (60 studiepoeng).
Undervisningsform
Kvart emne består av tre fysiske samlingar og nokre samlingar på nett, og kvart emne gir 15 studiepoeng. Undervisninga på samlingane vil veksle mellom forelesning, demonstrasjonar, feltarbeid, laboratoriearbeid og diskusjonar. Kursdeltakarane må vere førebudde på sjølvstudium av pensumlitteratur mellom samlingane.
Samlingar
Pensum
Myhre, A. (2015). Klima, energi og miljø.
Paasche, Ø. og Kolstad, E. (2022) Hva er klima.
Hansen,P.J K. (2015) "La oss snakke om været" (gratis på nett).
Ødegaard, M. (2016) På forskerføtter i naturfag.
Du får meir informasjon om pensum ved studiestart.
