Norsk 2 | 5-10 trinn | regionalt tilbod

Etter- og vidareutdanning

Dette er vidareutdanninga for lærarar i Valdres og Hallingdal som har minst 30 studiepoeng i norsk frå før av, og vil ppfylle kompetansekravet om minimum 60 studiepoeng for å kunne undervise i norsk på ungdomstrinnet.

Hopp til

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må vere tilsett i ei lærarstilling.

    Du må ha minst 30 sp i norsk frå før.

    Kravet om bestått lærerutdanning kan fravikes dersom søkeren kun mangler faget det søkes på, for å få fullført sin lærerutdanning.

    Hvis man søker dispensasjon fra opptakskravet, må det foreligge en bekreftelse fra tidligere studiested om at studiet det søkes opptak til kan inngå i og føre til avsluttet lærerutdanning.

    Vi tek ikkje opp nye studentar på Gol i 2022. Er du interessert i å ta denne vidareutdanninga, kan du sjekke ut våre tilbod for Norsk 2, 5.-10. trinn.

    Studietilbodet Norsk 2 for 5–10. trinn gjev 30 studiepoeng, og er eit tilbod om grunnutdanning i norsk for lærarar i regionane Valdres og Hallingdal. Målgruppa til studiet er lærarar med minst 30 studiepoeng i norsk frå før. Slik vil lærarar etter dette studieåret oppfylle kompetansekravet om minimum 60 studiepoeng for å kunne undervise i norsk på ungdomstrinnet.

    Innhaldet i studiet rettar seg i hovudsak mot undervising på ungdomssteget, men vil også vere relevant for lærarar på mellomsteget. Studiet byggjer på Norsk 1 for grunnskulelærarutdanninga, og er delt i to emne med 15 studiepoeng kvart semester.

    • Norsk 2 5–10 A: Språk og litteratur i fortid og samtid (haustsemesteret)
    • Norsk 2 5–10 B: Språkmangfald og tekstmangfald (vårsemesteret)

    Studiet har fokus på å gje djup innsikt i og historisk bakgrunn for sentrale emne som er viktige på 5.–10. trinn. Lærarutdanningsfaget norsk er eit samansett og mangfaldig språk-, kultur- og litteraturfag og ein praksisarena for kvalifisert arbeid med språk og tekstar i ulike sjangrar og modalitetar, frå fortid og samtid. Gjennom arbeid med språk og tekstar får du som student godt høve til å vidareutvikle eigne språkferdigheiter, eigen tekstkompetanse og eiga formidlingsevne. 

    I haustsemesteret vil du som student få god kjennskap til språk- og litteraturhistorie, samt omfattande kunnskap om sentrale språklege og litterære emne. Slik vil du få innsikt i historiske endringsprosessar og normering av skriftspråket, i tillegg til skjønnlitteratur og sakprosa for born, ungdom og vaksne.

    Sentralt i vårsemesteret står språkleg mangfald gjennom innsikt i talemålsvariasjon, sosiolektar og fleirspråklegheit, og tekstleg mangfald gjennom tekstlesing og tekstteori, der tekstane er henta frå ulike sjangrar og medium.

    Begge emna gjev djup innsikt i aktuelle fagdidaktiske spørsmål og eit godt grunnlag for arbeidet med læringsfremjande vurdering tilpassa norskopplæring for alle elevar.

    Undervisingsmåtar

    Ein legg stor vekt på studentaktive læringsformer, der du som student vil vere mottakar, aktiv deltakar, rettleiar for medstudentar og observatør. Du vil gjennom studieåret arbeide med faglege og didaktiske oppgåver knytt til fagstoffet mellom undervisningsøktene. Studiet legg også opp til at studentane vil bruke og få kjennskap til ulike digitale samhandlingsformer ved å ta del i undervisinga og løyse oppgåver ved hjelp av digitale verktøy. Dette bidrar til å auke din profesjonsfaglege digitale kompetanse.  

    Ein sentral del av arbeidet vil vere knytt til eigen undervisningspraksis/eigne praksiserfaringar. Det er vidare ein føresetnad at du som følgjer studiet, deler kunnskapen og ferdigheitene du tileignar deg, med lærarar i kollegiet på eigen skule.   

    Arbeidskrav

    Som student må du levere/gjennomføre og få godkjent tre obligatoriske arbeid kvart semester for å få gå opp til eksamen. Tema for og form på arbeidskrava blir kunngjorde ved semesterstart, men minst ei av oppgåvene skal vere knytt til eigen praksis. Studentane skal vurderast i både bokmål og nynorsk.

    Eksamen

    Det vert gjennomført eksamen på slutten av både haust- og vårsemesteret.

    Til jul har du éin heimeeksamen over tre dagar (målform: bokmål). I tillegg skal du levere ei semesteroppgåve på 4800 ord (målform: valfri). Begge eksamenane tel like mykje, og du vil få éin samla karakter på arbeida (A-F).

    Til sommaren har du éin heimeeksamen over tre dagar (målform: nynorsk). I tillegg skal du førebu ein munnleg presentasjon. Begge eksamenane tel like mykje, og du vil få éin samla karakter på arbeida (A-F).

    Timeplan

    Samlingane er lagt til Gol, og vil gå over to dagar (onsdag til torsdag). Mellom desse fysiske samlingane vert det nettundervising over Zoom (torsdagar etter lunsj).

    Våren 2022:

    • 4. samling på Gol: 19. og 20. januar
    • Nettundervising: 10. februar kl. 13.00-15.00
    • 5. samling på Gol: 2. og 3. mars
    • Nettundervising: 31. mars kl. 13.00-15.00
    • 6. samling på Gol: 20. og 21. april
    • Nettundervising: 5. mai kl. 13.00-15.00
    • Eksamen: Heimeeksamen (tre dagar) og munnleg presentasjon