Barn som tegner med fargeblyanter

Norsk 1 | 1.-7. trinn | samlingsbasert

Etter- og vidareutdanning

Ønskjer du studiepoeng i norsk på barnetrinnet? Vel denne nett- og samlingsbaserte vidareutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet. 

Sogndal

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må være tilsett i ei lærarstilling.

    Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvike dersom du berre manglar faget du søker på, for å få fullført lærarutdanninga di.

    Om du søker dispensasjon frå opptakskravet, må det foreligge  stadfesting frå tidlegare studiestad om at studiet du søker opptak til kan inngå i og føre til avslutta lærarutdanning.

    Norsk er eit kunnskaps- og danningsfag, eit estetisk fag, eit språkfag og eit praktisk profesjonsfag. Å studere norsk som del av grunnskolelærarutdanninga handlar om å skaffe seg kunnskapar om norsk språk og norsk tekstkultur og om didaktiske teoriar knytte til norskopplæring.

    Norsk 1 1-7 Grunnutdanning (30 studiepoeng) tilsvarer obligatorisk norsk for lærarar med grunnskolelærarutdanning 1-7 og er retta mot lærarar som vil undervise i norsk på barnetrinnet.

    Slik er studiet bygd opp

    Studiet er delt i to emne: Emne 1 Begynnaropplæring (15 studiepoeng ) går hausten, og emne 2 Opplæring på mellomsteget går våren.

    Til saman gir dei to emna ei innføring i norsk språk og litteratur og i arbeidet med faget norsk i klasserommet.

    Studiet er eit ledd i regjeringa si satsing på varig vidareutdanning (Kompetanse for kvalitet). Etter Forskrift til opplæringslova §14-2 må ein lærar ha 30 studiepoeng norsk for å undervise i faget på barnetrinnet. Krava til lese- og skrivekompetanse har auka sterkt dei siste tiåra, og det er eit uttalt ønske at norsklærarane aukar kompetansen sin på området lesing og skriving. Norsk 1 set studentane i stand til å møte desse krava og gir tilstrekkeleg kompetanse til å undervise på barnetrinnet.

    Emne 1 Begynnaropplæring er innretta mot undervisning i norsk på dei fire lågaste klassetrinna i grunnskolen. Undervisning i lesing, skriving og munnleg bruk av språket står heilt sentralt. Du skal få forskingsbasert innsikt i desse emna. Du skal lære om arbeidsmåtar som passar frå 1. til 4. trinn, få kjennskap til korleis ulike arbeidsmåtar kan brukast i faget og utvikle ei god forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.

    Praktisk informasjon

    Undervisnings- og læringsformar

    Norsk i begynnaropplæringa er eit nett- og samlingsbasert deltidsstudium. Mykje av kunnskaps- og informasjonsutvekslinga vil skje i studiestøttesystemet Canvas, og ein føreset at du lærer å bruke denne læringsplattforma aktivt. Samlingane har obligatorisk frammøte. Mellom og etter samlingane skal du arbeide individuelt og i studiegrupper.

    Studiet er organisert som ein kombinasjon av samlingar, sjølvstudium og nettbasert arbeid i grupper. Ein legg stor vekt på studentaktive læringsformer, der du er både mottakar, aktiv deltakar, rettleiar for medstudentar og observatør. Det er vidare ein føresetnad at du som følgjer studiet, deler kunnskapen og ferdigheitene du tileignar deg, med lærarar i kollegiet på eigen skule.

    Studiet har ikkje eigen praksisdel, men er praksisretta ved at eiga yrkeserfaring blir knytt til arbeidet. Du skal få prøve ut og reflektere over emne og fagstoff som blir tatt opp i undervisninga og sjå desse emna i samanheng med erfaringar og observasjon i eigen klasse.

    Samlingsdatoar

    Haust 2023

    • 31. august – 1. september
    • 5. – 6. oktober
    • 16. – 17. november

      Vår 2024
    • 8. – 9. februar
    • 14. – 15. mars
    • 25. – 26. april

    Arbeidskrav

    Studentane må levere og få godkjent tre obligatoriske arbeid for å få gå opp til eksamen. Tema for innleveringane blir kunngjorde ved studiestart. Oppgåvene skal skrivast på bokmål.

    Godkjende arbeidskrav er gyldige i fire semester etter godkjenning.

    Vurderingsform: Individuell heimeeksamen, ei veke. Målform: bokmål.

    Vurderingsform

    • Heimeeksamen emne 1: 5. -12. januar
    • Frist for å levera mappeeksamen emne 2: Fredag 31. mai

    Pensum

    Du får informasjon om pensum ved studiestart. 

     

    To elevar i klasserommet

    Ønsker du å styrke din kompetanse som lærer? Her er oversikten over Høgskulen på Vestlandet sine videreutdanninger innen ordningen «Kompetanse for kvalitet».