Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).
Studiekode i Søknadsweb
8655
Kvifor studere Norsk 1?
Norskfaget legg grunnlaget for elevane si læring i alle fag. Med Norsk 1 får du formell kompetanse som styrker rolla di som lærar og gir deg eit tryggare fagleg fundament i undervisninga di.
Kva lærer du?
Norsk 1 for 5.–10. trinn består av to emne på 15 studiepoeng kvar.
I det første emnet jobbar du med skriving og munnleg kommunikasjon, med vekt på skrivedidaktikk, munnlegdidaktikk, grammatikk og vurdering.
I det andre emnet arbeider du med lesing og tekst og litteratur, med vekt på vidare leseopplæring og litteraturdidaktikk.
Studiet legg òg vekt på å utvikle eigne språkferdigheiter, tekstkompetanse, formidlingsevne og digital kompetanse.
Les meir i emneplanane om kva du lærer og eksamen:
Målgruppe
Målgruppa for studiet er lærarar med mindre enn 30 studiepoeng i norsk i utdanninga. Studiet er nettbasert.
Undervisningsform
I starten av semesteret vert studentane delte inn i arbeidsgrupper som arbeider saman gjennom både haust- og vårsemesteret.
Dette studiet er eit nettbasert tilbod, og det inneber at studentane sjølve aktivt brukar digitale samhandlingsformer for å løyse oppgåvene dei får og til å halde kontakt med arbeidsgruppa si.
Studiet nyttar videoverktøy, læringsplattforma Canvas og andre digitale samhandlingsverktøy i den daglege organiseringa og gjennomføringa av kurset, noko som også bidreg til å auke studentane sin profesjonsfaglege digitale kompetanse.
Nettøkter
Nettundervisninga består av førelesningar, presentasjoner, seminar og gruppeinndelte økter.
Nettundervisning er torsdagar kl. 13.00-15.00.
Du får tilgang til læringsportalen Canvas før studiestart med meir informasjon.
Torsdagar kl. 13.00-15.00.
Dette gjeld både haustsemester (NORU801N) og vårsemester (NORU802N).
Pensum
Du får informasjon om pensum ved studiestart.
