Studieplan - Master i økonomi og administrasjon (Siviløkonom)
Hausten 2026
Innhald
Studieprogrambeskrivelsen finnes kun på engelsk, gå til våre engelske nettsider ved å klikke "English" øverst i menyfeltet.
Vurderingsformer
Det er varierte vurderingsformar i studieprogrammet, der både individuell og gruppevis vurdering kan vere aktuelle. Det går fram av dei ulike emnebeskrivingane kva vurderingsform som gjeld i det enkelte emnet. Når det gjeld masteroppgåva, er det lagt opp til eit midtvegsseminar der alle skal presentere arbeidet med masteroppgåvene sine, samt ein munnleg justerande eksamen.
I det siste semesteret av masterprogrammet skal studentane skrive ei masteroppgåve på 30 studiepoeng. Masteroppgåva skal skrivast i grupper på to. Oppgåva skal vere eit sjølvstendig vitskapleg arbeid der studentane viser evne til kritisk tenking, kontekstforståing, kjennskap til relevant litteratur, forskingsdesign og analytiske ferdigheiter. Desse ferdigheitene må takast i bruk innanfor fagområda som programmet dekkjer. Dei sentrale teoriområda i masteroppgåva skal vere knytte til dei sentrale teoriområda i studieprogrammet. Individuelt arbeid med masteroppgåva er berre mogleg som ein del av særskild tilrettelegging som enkelte studentar kan ha behov for, primært av medisinske grunnar. For å få eit slikt unntak må studenten søkje og leggje ved nødvendig dokumentasjon som underbyggjer behovet.
Krav til studieprogresjon
Studentane må ha fullført 50 studiepoeng av kursdelen i programmet for å kunne få rett til rettleiing på oppgåva og for å kunne levere oppgåva.
Internasjonalisering
I 2. semester tilbyr vi to ulike utvekslingsopphald:
Du kan ha eit studieopphald ved University of California i USA, der utvekslinga er kombinerte med internship i ei valfri verksemd i San Francisco-området eller ved andre samarbeidsinstitusjonar i Europa og Sør-Korea.
Du kan òg følgje internship-programmet ved University of Cape Town i Sør-Afrika, med fokus på sosialt entreprenørskap.