Hopp til innhald

Studieplan - Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag for trinn 8-13

Hausten 2019

Praktisk-pedagogisk utdanning er ei lærerutdanning for deg som allereie har ei utdanning, og som treng pedagogisk kompetanse for å kunne undervise elevar i det faget du har utdanning i. PPU for yrkesfag for trinn 8-13 er studieretninga for deg som har ei yrkesfagleg utdanning, enten i form av eit fag-/ sveinebrev eller ei profesjonsutdanning frå ein høgskule eller eit universitet.

Læringsutbytte

Kandidaten skal etter fullført praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag ha følgande samla læringsutbytte definert som kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

 

Kunnskap
Kandidaten

- har kunnskap om gjeldande lovverk og styringsdokument som er relevante for profesjons- og yrkesutøvinga

- har brei kunnskap om yrkesfag, pedagogikk og yrkesdidaktikk, arbeidsmetodar/verktøy og prosesser som er relevante for profesjons- og yrkesutøvinga, og kan vurdere behov for HMS-tiltak

- kan sjå yrkesopplæringa og yrkesutøvinga i eit historisk og kulturelt perspektiv

- har kunnskap om skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og det heilskaplege opplæringsløpet frå ungdomstrinnet til enda fag- eller yrkesopplæring (8 -13 trinn)

- har brei kunnskap om ungdomskultur og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekstar

- har kunnskap om ungdom i vanskelege situasjonar og om deira rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv

- kjenner til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonen innanfor det yrkespedagogiske og det yrkesfaglege området, og kan oppdatere sin kunnskap innanfor fagområdet

 

Ferdigheiter

Kandidaten

- kan nytte sine yrkesfaglege, pedagogiske, yrkesdidaktiske og teknologiske kunnskapar

- kan planlegge, grunngje, gjennomføre, leie, vurdere og dokumentere relevant fag- og yrkesopplæring tilpassa elevane/lærlingane sine behov

- kan identifisere og arbeide systematisk med grunnleggande ferdigheiter, av dette yrkesdidaktisk bruk av digitale verktøy

- kan vurdere og dokumentere elevar si læring og utvikling, gje læringsfokuserte tilbakemeldingar og bidra til at elevane/lærlingane kan reflektere over eigen læring

- kan orientere seg i faglitteraturen og stilla seg kritisk til informasjonskjelder og eksisterande teoriar knytta til ungdomstrinnet og fag- og yrkesopplæring (8-13.trinn)

- beherskar relevante arbeidsprosessar, verktøy, teknikkar og uttrykksformer, og kan reflektere over eigen yrkesutøving og justere denne under rettleiing

- kan bruke og vise til relevante forskingsresultat for å treffe grunngjevne val og gjennomføre systematisk yrkesfagleg og pedagogisk utviklingsarbeid

 

Generell kompetanse

Kandidaten

- har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar og kan formidle sentralt fagstoff på norsk både skriftleg, muntleg og gjennom andre dokumentasjonsformer

- kan via fagleg innsikt, engasjement og formidlingsevne motivere for elevane/lærlingane si læring, yrkesstoltheit og yrkesidentitet

- kan analysere eigne behov for kompetanseheving og ha endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtida sine behov i skule, arbeids- og samfunnsliv

- kan legge til rette for entreprenørskap, nytenking og innovasjon, og at lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv vert involvert i opplæringa

- kan bygge gode relasjonar til elevar/lærlingar og skape konstruktive og inkluderande læringsmiljø

- kan bygge gode relasjonar til og samarbeide med føresette og andre aktuelle samarbeidspartnarar

Innhald

Utdanninga bygger på forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag for trinn 8.- 13.

Praktisk-pedagogisk utdanning er eit deltidsstudium over to år med eit omfang på 60 studiepoeng. Det består av pedagogikk 30 studiepoeng og yrkesdidaktikk 30 studiepoeng.
Utdanninga består av to emnegrupper, ledelse av læreprosesser og skolen i samfunnet, kvar delt i to emner.

Begge emnegruppene er knytta til pedagogikk og fag-/yrkesdidaktikk, praksis og kompetanseområda. Praksisopplæringa vil integrere dei ulike innhaldskomponentane i studiet slik at praksiserfaringar, pedagogisk og didaktisk kompetanse framstår i eit vekselspel i kvalifiseringa til læraryrket.

Praksisopplæringa går totalt over minst 60 arbeidsdagar (300 timar).

Studenten må ha fått godkjent obligatoriske studiekrav innan fastsatte tidsfristar for å få gå opp til eksamen, av dette 80% oppmøte på den samlingsbaserte undervisninga.

Arbeidsformer

Organisering

Studiet går over fire semester og blir organisert med samlingar og arbeid i grupper. Mellom samlingane arbeidar studentane individuelt og i grupper. Rettleiing blir gjeve individuelt, gruppevis på samlingar og digitalt.

Det er krav om 80 % oppmøte på den samlingsbaserte undervisninga. Studenten må ha levert obligatoriske arbeidskrav innan fastsette tidsfristar og fått desse godkjent for å få gå opp til eksamen.

Studiet brukar Fronter som læringsplattform.

Studentane skal ha rettleia og variert praksis begge åra.  

 

Politiattest

I Forskrift om opptak til høgre utdanning, kap.6, §6-1 blir det slått fast at søkarar til denne type utdanning må legge fram politiattest. Attesten blir brukt i forbindelse med praksisutplassering.

Attesten skal leverast seinast ved fastsatt studiestart. Attesten skal ikkje vere eldre enn tre månadar.

Attesten gjeld i 3 år. Studentar på 4-årig utdanning eller studentar som har opphald i utdanninga (permisjon e.l.), og dermed brukar lengre tid enn 3 år, må levere ny attest.

Skikkavurdering i lærarutdanningane

Lærarutdanningsinstitusjonen har ansvar for å vurdere om lærarstudentane er skikka for læraryrket. Dette er ei heilskapleg vurdering av studenten som omfattar både faglege, pedagogiske og personlege føresetnader.

Praksislærarar og faglærarar har saman ansvar for så tidleg som råd i studiet å melde eventuell tvil om studenten er skikka. Studentar og andre ansatte kan også levere tvilsmeldingar. Slike tvilsmeldingar skal gå via institusjonsansvarleg ved HVL.

Studentane vil tidleg i studiet få nærmare informasjon om skikkavurdering.

Fastsatt av Kunnskapsdepartementet 30. juni 2006 med hjemmel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven) § 4-10 sjette ledd, http://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-06-30-859

Lenke til rammeplan:


Studiet er styrt av forskrift til rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2013-03-18-289

Vurderingsformer

Studiet har varierte vurderingsformer og dei ulike eksamensformene blir vurdert etter karakterskalaen A-F. A-E viser at studenten har bestått kurset, mens karakteren F angir stryk. Karakteren C reflekterar eit godt og solid fagleg resultat.

Praksis blir vurdert av praksislærarar og faglærarar frå HVL. Her blir det brukt karakteren bestått/ikkje bestått.

Internasjonalisering

Dersom studentane tar ein del av PPU-studiet i utlandet, må det vere i samsvar med institusjonen sine vilkår for godkjenning av studiet.