Spesialpedagogikk 2 | 1.-10. trinn

Vidareutdanning på bachelornivå

Spesialpedagogikk 2 er ei vidareutdanning for deg som arbeider på 1.-10. årstrinn, og allereie har 30 studiepoeng i spesialpedagogikk. Studiet bygger på Spesialpedagogikk 1 eller tilsvarande emne, og vil gje meir inngåande kjennskap til det spesialpedagogiske fagfeltet.

Bergen

Hopp til

    Denne utdanninga tar ikkje opp nye studentar

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Fullført lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må være tilsett i ei lærarstilling.

    Du må ha minst 30 studiepoeng i spesialpedagogikk frå tidlegare.

    Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvike dersom du berre manglar faget du søker på, for å få fullført lærerutdanninga di.

    Om du søker dispensasjon frå opptakskravet, må det foreligge stadfesting frå tidlegare studiestad om at studiet du søker opptak til kan inngå i og føre til avslutta lærarutdanning.

    Denne utdanninga tar ikkje opp nye studentar. Det siste kullet går i studieåret 2025/2026.

    Målgruppa er lærarar som er tilsett på 1. til 10.-trinn i skolen og allereie har 30 studiepoeng i spesialpedagogikk. Studiet bygger på spesialpedagogikk 1, med meir inngåande kunnskap. Studiet er organisert i to emne. Les meir om innhaldet og eksamen:

    Praktisk informasjon

    Undervisningform

    Studiet er delvis nett- og samlingsbasert. Det er tre samlingar kvart semester (2-3 dagar). Det kan vere lagt opp til både individuelt arbeid og nettbasert gruppearbeid mellom samlingar.

    Samlingar

    Haust 2025

    TPE803 for høsten 2025:
    -Mandag 08.09 kl 10.15-16.00 og Tirsdag 09.09 kl 09.15-1500
    -Mandag 13.10 kl 10.15-16.00, tirsdag 09.15-15.00
    -Mandag 10.11 kl:10.15-16.00, tirsdag 11.11 kl:09.15-15.00 og onsdag 12.11 kl: 09.15-15.00
     

    Vår 2026

    TPE804 for våren 2026:
    26. og 27. Januar 2026
    16. og 17. Mars 2026
    27. og 28. April 2026

    Tilrådd forkunnskap

    Du må vere tilsett i ei lærarstilling og ha 30 studiepoeng i spesialpedagogikk frå før. 

    Pensum

    Du får informasjon om pensum ved studiestart. 

     

    Andre interessante studietilbod

    To elevar i klasserommet

    Vi har tilbud til deg som er lærer i offentlige og private skoler, både i grunnskolen, videregående opplæring og deg som underviser voksne i grunnopplæringen.

    Sjå oversikt over alle våre vidareutdanningar og kurs