Studieplan - Ph.d.-studiet Studium av danning og didaktiske praksisar
Hausten 2025
Ph.d.-studiet Studium av danning og didaktiske praksisar ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ei forskarutdanning for personar som ønskjer å kvalifisere seg til vitskapleg arbeid og forsking innanfor feltet danning og didaktiske praksisar, slik dette problemområdet utfaldar seg innanfor utdannings- og opplæringssektoren, kultursektoren og andre sektorar som stiller krav til særleg innsikt i problematikken kring samanhengar mellom danning og didaktiske praksisar.
Studiet spring ut frå og tek utgangspunkt i høgskulen si utdanningshistorie og fagleg-didaktiske register. Høgskulen på Vestlandet utdannar lærarar til barnehage, skule og kultursektor, og det omsøkte ph.d.-studiet knyter saman undervisnings- og læringspraksisane i desse institusjonane med studium av sentrale danningstekstar og forskingsutfordringar i feltet.
Tittelen favnar eit vidt problemfelt. Sentralt i dette er dei utfordringane som endra samfunns- og kulturtilhøve reiser, mellom anna behovet for nytenking kring danningsmekanismar og danningsprosessar, slik dei går føre seg både på formelle utdannings- og formidlingsarenaer og på meir uformelle, men likevel sentrale, danningsarenaer. Dette kan vere regionale og andre teater-, musikk- og utstillingsinstitusjonar, inkludert museum, kulturskulen, SFO-ordninga, frivilligsektoren med meir. Det er viktig å utvikle kritisk innsikt og kompetanse til å delta i det offentlege rom i kulturpolitiske og danningspolitiske debattar, samt debattar om kunnskaps- og danningsvilkår.
Tittelen impliserer òg vekta som vert lagd på både det forma/det danna og det formande/det dannande. Det inneber at didaktiske praksisar og institusjonspraksisar ikkje berre formar, men òg vert forma av samverkande kulturelle krefter og relasjonar, språk, strukturar og ulike konvensjonar. Studiet har som mål å forstå slike samanhengar – deira føresetnader, korleis dei kjem til uttrykk, vert oppretthaldne, verkar og har effekt, og korleis dei endrar seg.
Dette inneber at ein ser institusjonar som barnehage, grunnskule, vidaregåande skule, kulturskule og lærarutdanning ikkje berre som institusjonar som dannar, men òg som institusjonar som sjølve vert forma av nasjonal og internasjonal utdanningspolitikk. Difor er det viktig å forstå danning i spennet mellom nære, lokale prosessar og utfordringar i eit fleirkulturelt og globalt landskap.
Studiet fokuserer på danning og didaktiske praksisar gjennom vektlegging av det formande og performative. Dette kan studerast på institusjonelt nivå – som konsekvensar av institusjonelle strukturar, på uttrykksnivå – som studium av og gjennom tekstar, uttrykksformer og handlemåtar, eller på detaljnivå – med vekt på korleis detaljar har tyding i tekstar, i lesing, i performative kontekstar og i samtalar med barn og unge. Gjennom konkrete didaktiske situasjonar og praksisar skal studiet opne dei ulike yrkesrollene og leggje til rette for erkjenning og drøfting av den didaktiske praksisens normative grunnlag.
Eit viktig mål med studiet er å utvikle ph.d.-studenten sitt didaktiske skjønn. Å utøve skjønn krev oversikt og forståing for spennet mellom det allmenne og det spesifikke. Å utøve skjønn inneber òg lesekompetanse i stadig nye situasjonar. Studiet skal difor utforske, prøve ut og fornye vitskaplege metodar og modellar, og slik bidra til å utvikle læraren sin profesjonalitet i møtet med barn og unge. Dette skal vidare styrkje ei forskingsbasert undervisning. Samla sett skal studiet kvalifisere undervisnings- og forskingspersonale for lærarutdanningar, samstundes som det skal utfordre og utvikle desse utdanningane.
Gradsnemning
Studiet fører fram til graden Philosophiae doctor (ph.d.).
Læringsutbytte
Etter fullført ph.d.-studium skal studenten ha oppnådd følgjande totale læringsutbyte:
Kunnskap
Studenten
- er i kunnskapsfronten om ulike danningstradisjonar og tilhøyrande didaktiske teoriar
- har kunnskap om korleis didaktiske praksisar blir skapte, oppretthaldne og endra på ulike danningsarenaer
- kjenner til relevante måtar å vitskapleggjere forskingsfeltet på og kan vurdere omgrep og førestillingar som skildrar samanhengar mellom didaktiske praksisar og danning
- veit korleis ein kan bidra til utvikling av ny kunnskap og teori om danning og didaktikk, og korleis ein kan utvikle metodar, dokumentasjonsformer og tolkingsrammer for didaktiske praksisar
Ferdigheiter
Studenten
- kan utforme problemstillingar og planleggje relevant forsking for studiar av danning og didaktiske praksisar
- kan drive og gjennomføre forsking og/eller kunstnarleg utviklingsarbeid på høgt internasjonalt nivå
- kan identifisere, problematisere og uttrykkje ulike måtar å forstå samanhengar mellom didaktiske praksisar og danning
- er i stand til å utfordre og utvikle kunnskap og teori om danning og didaktikk, og etablere metodar, dokumentasjonsformer og tolkingsrammer for didaktiske praksisar
Generell kompetanse
Studenten
- kan gjennomføre forsking med høg grad av etisk medvit og fagleg integritet
- kan utvikle og leie komplekse forskingsoppgåver og -prosjekt i tverrfaglege samarbeid
- kan formidle forskings- og kunstnarleg utviklingsarbeid i anerkjente og eigna nasjonale og internasjonale forum
- kan delta i nasjonale og internasjonale nettverk og diskusjonar innanfor forskingsfeltet danning og didaktiske praksisar
- kan vurdere behovet for og ta initiativ til endring i samarbeid med ulike danningsarenaer
Innhald
Som fulltidsstudium er studiet organisert slik at det kan fullførast innanfor ei normert tidsramme på tre år. For kandidatar som er tilsette i ei fireårig stilling med 25 % arbeidsplikt, blir studiet fordelt over fire år. Studiet består av ein opplæringsdel og ein forskingsdel. Det er bygd opp av ein opplæringsdel på 30 studiepoeng og ein forskingsdel på 150 studiepoeng, og avsluttast med disputas.
Opplæringsdelen (30 studiepoeng)
Opplæringsdelen består av tre obligatoriske kurs som gir grunnlag for arbeidet med avhandlinga:
- Danning og didaktiske praksisar – som spenner opp fagfeltet for studiet.
- Vitskapsteori, etikk og akademisk skriving – generelt, men særleg retta mot ph.d.-studiet sitt tema.
- Forskingmetodologi og design – som gir grunnleggjande innsikt i måtar å organisere og gjennomføre konkrete studiar.
I tillegg til desse obligatoriske kursa skal studentane velje minst eitt av dei valfrie kursa som blir tilbydde. Dei valfrie kursa er organiserte rundt studiet si tematiske problematikk om samanhengar mellom danning og didaktiske praksisar på ulike arenaer eller fagområde.
Opplæringsdelen skal kvalifisere studenten til å drive studiar om danning og didaktiske praksisar, og bidra til både teoretisk, empirisk og metodologisk/etisk kompetanse for å utføre forskingsarbeidet i ph.d.-studiet. Ho skal gi ein nødvendig felles fagleg forankring og sikre at studentane har dei metodiske kunnskapane og ferdigheitene som krevst for å gjennomføre forskingsdelen.
Sjå utdanningsplanen for oversikt over kursa.
For tilsvarande emne tekne ved andre institusjonar skal programutvalet ved FLKI/HVL godkjenne desse og avgjere kor mange studiepoeng som kan godskrivast. Emnet «Danning og didaktiske praksisar» utgjer studiet sitt felles og samlande emne og må takast i sin heilskap ved Høgskulen på Vestlandet – det kan ikkje erstattast av andre emne. Minst 15 studiepoeng av opplæringsdelen skal takast ved Høgskulen på Vestlandet.
Programutvalet kan godkjenne andre aktivitetar som del av opplæringsdelen, med inntil 5 studiepoeng. Dette kan omfatte populærvitskapleg forskingsformidling, presentasjonar på vitskaplege konferansar eller lengre opphald ved andre forskingsinstitusjonar.
Retningslinjer for poenggivande aktivitetar:
- Forskingopphald på minst 3 månader: 3 sp
- Forskingopphald på 2 månader: 2 sp
- Kortare forskingsopphald på minst 2 veker: 1 sp
- Samla vurdering av formidling (konferansar, presentasjonar, kronikkar, populærvitskaplege publikasjonar, kortare Erasmus-opphald osv.): inntil 2 sp
- Deltaking i forskarskuleseminar (25–30 timars aktivitet): 1 sp
Forskingopphald blir definert som opphald ved eit anna forskingsmiljø enn det stipendiaten tilhøyrer. Dette kan òg gjelde opphald ved ein annan institusjon i Noreg.
Det er programutvalet som godkjenner poenggivande aktivitetar og studiepoeng for kvar enkelt aktivitet. Søknad om godkjenning blir handsama av programutvalet etter at aktivitetane er gjennomførte. På same måte som for kurs, bør opplæringselementa ikkje vere eldre enn to år ved søknad om opptak. Søknader må innehalde dokumentasjon på aktivitetane og blir handsama etter samla fullføring av aktivitetane som skal vurderast.
Forskingsdelen (150 studiepoeng)
Arbeidet med avhandlinga utgjer den sentrale delen av studiet. Avhandlinga skal vere eit sjølvstendig, vitskapleg arbeid som oppfyller internasjonale standardar med omsyn til etiske krav, fagleg nivå og metode innan fagfeltet. Ho skal bidra til å utvikle ny fagleg kunnskap og liggje på eit nivå som tilseier at ho kan publiserast som ein del av fagets vitskaplege litteratur.
Avhandlinga kan bestå av:
- Ein monografi, eller
- Ei samling av fleire mindre arbeid (vitskaplege artiklar), der kandidaten må gjere greie for samanhengen mellom dei (kappe).
Dersom eit skriftleg arbeid er blitt til i samarbeid med andre forfattarar, skal ph.d.-kandidaten følgje dei normene for medforfattarskap som er allment aksepterte i fagmiljøet og i samsvar med internasjonale standardar. Dersom avhandlinga hovudsakleg består av artiklar, skal kandidaten normalt vere førsteforfattar på minst halvparten av artiklane.
I avhandlingar der det inngår arbeid med fleire forfattarar, skal det leggjast ved ei underskriven erklæring som beskriv kandidaten sin innsats i kvart enkelt arbeid.
Bestemmingar om avhandlinga er regulerte i § 10 i forskrifta.
Rettleiing
Under arbeidet med avhandlinga har kandidatane rett til inntil 200 timar rettleiing. Desse timane inkluderer førebuingar, samtalar med ph.d.-kandidaten og etterarbeid. Rettar og plikter knytt til rettleiing er regulerte i § 7 i forskrifta.
Hovudrettleiar vil normalt vere tilsett ved høgskulen og ha det formelle ansvaret for kandidaten sin utdanningssituasjon. Kandidatar kan søkje om å få medrettleiar frå andre institusjonar dersom det er behov for spesifikk kompetanse. Dersom hovudrettleiar er ekstern, skal medrettleiar vere tilknytt HVL.
Den interne rettleiaren har ansvar for å følgje opp kandidaten si progresjon og sørgje for at ph.d.-kandidaten blir integrert i forskingsmiljøet ved institusjonen.
Organisering
Studiet er organisert som eit heiltidsstudium over tre år. Opplæringa i ph.d.-studiet består av deltaking i obligatoriske og valfrie emne, samt opplæring knytt til arbeidet med ph.d.-avhandlinga.
Arbeidsformene i opplæringsdelen inkluderer førelesingar, framlegg og presentasjon av eige og andre sitt forskingsarbeid, workshopar, respons på eige og andre sitt framlegg, samt sjølvstudium.
Arbeidsformene i avhandlingsdelen kan variere noko etter studenten sitt val av forskingsprosjekt, men vil normalt inkludere sjølvstendig arbeid, litteraturstudiar, datainnsamling, deltaking på interne og eksterne førelesingar og konferansar, praksisobservasjonar, analysar av annan vitskapleg produksjon, og deltaking på ulike kurs (media, biblioteket som ressurs, bruk av audiovisuelle hjelpemiddel, dokumentasjons- og formidlingsformer, kjennskap til tidsskrift, etiske kasus og rollespel). Andre aktivitetar inkluderer konferanseframlegg, fellesarenaer med praksisfeltet og forskingsopphald ved utanlandsk institusjon.
- Seminarverksemd: Det blir lagt opp til omfattande seminarverksemd og workshopar, der studentane får moglegheit til å presentere eigne arbeid for diskusjon. Studentane skal òg delta regelmessig på stipendiatforum gjennom heile studiet, der arbeid blir presentert og diskutert saman med andre stipendiatar.
- Midtvegsevaluering: Om lag midtvegs i studiet blir det arrangert ei obligatorisk midtvegsevaluering for kvar enkelt student. Det blir oppnemnt eit panel som består av rettleiarar, ein ekstern forskar og fagansvarleg for ph.d.-studiet. Evalueringa inneber ei fagleg vurdering, der studenten presenterer og vurderer framdrifta i eige studium og ph.d.-prosjekt. Midtvegsevalueringa fungerer òg som ein arena der studenten kan ta opp forhold som påverkar framdrifta i studiet, og saman med panelet diskutere eventuelle behov for assistanse og korleis slik assistanse kan givast.
- Årleg framdriftsrapportering: Kvart år skal både ph.d.-studenten og rettleiar levere ein rapport om framdrifta i studiet. Manglande eller utilfredsstillande rapportering kan vere grunnlag for å avslutte avtalen før tilsettingsperioden går ut.
Grunnlag for vurdering
Ph.d.-graden blir tildelt på grunnlag av:
- Godkjend gjennomføring av opplæringsdelen, eventuelt anna godkjend fagleg skolering eller kompetanse.
- Godkjend vitskapleg avhandling.
- Godkjend prøveførelesing over oppgitt emne.
- Godkjend offentleg forsvar av avhandlinga (disputas).
Vurdering er regulert av forskrifta §§ 12–22.
Vitnemålet vil innehalde opplysningar om avhandlinga sin tittel og det faglege opplæringsprogrammet kandidaten har delteke i.