Om DeKomp

Høgskulen på Vestlandet har fått i oppdrag frå Utdanningsdirektoratet å vere nasjonal koordinator for universitet og høgskular i desentralisert ordning for kompetanseutvikling i grunnopplæringa (DeKomp).

Den desentraliserte ordninga skal bidra til å gjere utviklingsarbeidet meir forutsigbart og langsiktig for skuleeigar, universitet og høgskular. Utviklingsarbeidet skal bygge på utfordringar den einskilde skule eller kommune/fylkeskommune har, og føre til betre læring for elevane.

Ordninga skal også bidra til kompetansebygging i universitet- og høgskolesektoren. Det er eit mål at både tilsette og elevar/studentar på skular og ved universitet og høgskular skal utvikle sin kompetanse gjennom eit styrka samarbeid om teori og praksis.

ReKomp

HVL er også nasjonal koordinator for arbeidet med den regionale ordninga for kompetanseutvikling i barnehagar (ReKomp). Informasjon frå ReKomp-nettverket finn du her.