Opplegget dag for dag

Kort fortalt består Ung lærar ein dag med lærarutdanning ein dag med yrkesutøving. Ungdomsskuleelevane får faktisk vera lærarar på ordentleg når dei skal førebu og gjennomføra ein draumetime for ein barneskuleklasse. For å få maksimalt utbytte av dei to dagane er det og lagt opp til førebuingar på eigen skule i forkant.

Ung lærar dag for dag

 

Introdag - Førebuingar på ungdomsskule

Førebuingane på eigen skule kan ta to til fire timar, alt etter kva læraren ønskjer å få ut av det. Desse timane er viktig for at elevane skal forstå kva Ung lærar er og dermed få maksimalt ut av opplegget.

Ein viktig del av førebuingane er å knyta Ung lærar saman med måla i faget utdanningsval, slik at alle forstår kvifor ein gjer det og kva utbyte dei kan ha av det.

Læraren legg opp til refleksjonar om lærarrollen og skulen i plenum, før elevane vert inndelt i grupper og blir kjent med kvarandre og oppgåvene dei skal løysa. Materiell og øvingar er alt laga av lærarutdanningsinstitusjonen og vert delt via Padlet.

 

Dag 1 – Elevane besøker lærarutdanningsinstitusjonen

Tenk å vera så heldig at ein får lærarutdanning på ein dag! Dagen startar med å bli kjent med lokala på lærarutdannningsinstitusjonen og med mentorane som skal følgja kvar gruppe gjennom Ung lærar-opplegget.

Ein vert samla i gruppene og ein har uformelle samtalar med mentorane om dagen, forventningar og kva dei har gjort i forkant. Man gjer og oppvarmingsøvingar for å bli betre kjent med kvarandre i plenum. Desse kan elevane ta med seg vidare til dei yngre elevane dagen etter.

I den pedagogiske delen vert det stasjonsarbeid med vekt på tema som teknologi, uteskule og kreative fag. Kvar gruppe får prøve alle stasjonane for å finna inspirasjon til kva dei skal gjera med barna dagen etter.

Ungdomsskuleelevane får og viktig påfyll i høve til relasjonsbygging og korleis møte og ta vare på kvart enkelt barn frå barneskuleklassen. Her vil dei og starta arbeidet med å førebu arbeidet ute i skulen på dag to.

 

Dag 2 – Elevene som lærer på barneskolen

Når ein samlast til dag to ute på barneskulen eller ute på eigen ungdomsskule held me fram med refleksjonar frå dag 1 og legg planar for korleis komma i mål med dag 2.

Hovudoppgåven på dag 2 vert å planleggja og gjennomføra ein draumeskuletime for barneskuleklassen, basert på det ein lærte dag 1.

Det vert lagt stor vekt på å møte barna på ein god måte, vera inkluderande og å sjå den einskilde. No skal ungdomsskuleelevane bruka alle dei gode råda dei fekk den første dagen.

Opplegget dag for dag

Eksempel på korleis eit komplett Ung lærar-opplegg kan sjå ut.

Dag 1: Førebuingar på skulane (1-2 timar)

Ungdomsskuleelevane går gjennom heile opplegget på eigen skule (Padlet)

Dag 2: Opplevingar og øvingar på HVL, campus Stord

 

  • 08:00-08:30
    • Kick-off for mentorane
  • 08:30-09:00
    • Møta opp på lærarutdanningsinstitusjonen og gå i grupper med mentorane
  • 09.00-09:40
    • Vertskapet-mentorane held oppvarmingsøvingar i gymsal
  • 09:40-10:00
    • Pause med bolleservering + signera teiepliktskjema
  • 10:00-10:50
    • 1. Stasjonsrunde (teknologi, uteskule, kreative fag)
  • 10:50-11:40
    • 2. stasjonsrunde
  • 11:40-12:10
    • Lunsj og meir info td film og/eller studentar som held innlegg
  • 12.10-13.00
    • 3. stasjonsrunde
  • 13.00-13.30
    • Refleksjon med alle i aulaen

Dag 2: Gjennomføring på barneskulen

  • 08:30-09:00
    • Erfaringar og refleksjonar frå dag 2 i plenum. 
    • Info frå læraren til barneskuleklassen 
  • 09:00-09:30
    • Bli-kjent-leikar med barneskuleklassen
  • 09:30-10:00
    • Gå i grupper med barneskuleelevane og bli betre kjent
  • 10:00-10:15
    • Pause
  • 10:15-11:15
    • Planleggja draumetimen
  • 11:15-11:45
    • Lunsj
  • 11:45-12:30
    • Gjennomføra draumetimen
  • 12:30-12:45
    • Pause
  • 12.:45-13:15
    • Evaluering av draumetimen i gruppene og førebuing til presentasjon.
  • 13:15-13:45
    • presentasjon av draumetimen for kvarandre
  • 13:45-14:00
    • Oppsummering og evalueringsskjema