- Ein velfungerande og framoverlent institusjon

Det seier stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V). Onsdag 2. februar besøkte han HVL og campus Bergen.

Sveinung Rotevatn kjenner høgskulen godt frå tida som stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane, og han har vore innom fleire av høgskulen sine campus. Men onsdagens besøk var første gong det blei ein god rundtur på campus Bergen.

- Eg sit igjen med eit inntrykk av HVL som ein velfungerande og framoverlent institusjon, som har kome seg gjennom ein vellukka fusjon og no ser framover mot nye moglegheiter, seier Rotevatn.

Dekan Jens Kristian Fosse og prodekan for innovasjon og regional utvikling Øyvind Midtbø Berge ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap hadde rigga eit fint program for stortingspolitikaren som no representerer Hordaland og sit i Finanskomitéen.

- Eit fint møte kor vi fekk presentert HVL som no er fem år, litt om profilen og satsingane våre og korleis vi er organisert som ein fleircampusinstitusjon langs heile Vestlandet.

- Vi fekk og gitt ei oppdatering på universitetsarbeidet og dei ulike doktorgradsprogramma våre, seier dekan Fosse.

På rundturen blei det tur innom biblioteket og fleire stopp kor ein fekk vist fram campusen sine gode fasilitetar for kunnskapsutvikling, ferdigheitstrening og samarbeid med omgjevnadane.

På Marinlaben blei det eit fint møte med førsteamanuensis Gloria Stenfelt på maskin- og marinfag og hennar studentar. Den tidlegare klima- og miljøministeren fekk eit godt innblikk i høgskulen sin infrastruktur kor kunnskap som er viktig for grøn omstilling vert utvikla.

– Vi fekk vist fram bølgetanken og korleis den vert brukt i forskinga og i samarbeidsprosjekt med næringslivet, både når det gjeld testing og studentoppgåver som skjer i samspel med ulike verksemder.

– Vi har ein svært moderne og  god  infrastruktur på campus, og vi fekk vist fram noko av aktiviteten der, seier Fosse.

Det var noko Rotevatn merka seg.

- Det skjer mykje godt arbeid på HVL no kva gjeld fagleg utvikling og forsking, til glede for både studentar, forskarar og næringsliv. Og universitetsambisjonen er absolutt spanande.

stduent_rote.JPGGODT MØTE:  Nestleiar i Studenttinget på Vestlandet, Caroline Graave Nakling, fekk ein god samtale med Sveinung Rotevatn. Han var oppteken av situasjonen for studentane under pandemien, og ikkje minst korleis det gjekk med studentfrivilligheita.

Lerelab_rote.JPG
AKTIV LÆRINGSTØTTE: Rådgjevar Xavier Paul Bonete fortalte om storsatsinga på læringslab ved alle campus og korleis dette er tilgjengeleg for tilsette og studentar. Han fekk vist frem samarbeidet med Bergen kommune og prosjektet knytt til utvikling av digital kompetanse for lærarar. Til høgre står dekan Jens Kristian Fosse ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap.