Stor suksess for norsk barnehageforskingskonferanse

220 personar frå heile barnehagefeltet deltok på norsk barnehageforskingskonferanse 26. til 28. oktober i Bergen. Leiar for BARNkunne, Elin Eriksen Ødegaard, er særs nøgd med den tre dagar lange konferansen som sette søkelys på leiing i barnehagen frå ulike perspektiv.

Konferansen fann stad ved Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen og blei i likskap med dei tre føregåande åra, arrangert av BARNkunne og Filiorum. I år var det BARNkunne sin tur til å vere vertskap og mange sette pris på at det igjen var høve til å møtast fysisk.

Leiing i ein barnehagekontekst

– Det er vår oppgåve, å søka sanninga og leggja vitskaplege metodar til grunn for forsking og utdanning. Det er vår oppgåve å formidla denne kunnskapen lokalt, nasjonalt og internasjonalt, sa Gunnar Yttri, rektor ved Høgskulen på Vestlandet i sin opningstale.

Årets konferansetema var leiing i ein barnehagekontekst og innlegga tok mellom anna for seg leiing av utviklingsarbeid, samarbeid om profesjonsutvikling, pedagogisk leiing og moralske og etiske aspekt ved barnehageleiing.

Kva er meininga med utdanning?

Årets nøkkelforedrag kom frå nokre av dei fremste forskarane innan leiing og utvikling i barnehagefeltet. Professor Arjen Wals stilte dei viktige spørsmåla om kva som er meninga med utdanning, kva som er nøkkelkomponentane i ei berekraftig utdanning og kva leiarskap som trengs.   

Dei tre dagane inneheldt til saman 19 parallellsesjonar, rundeborddiskusjonar og symposium, med 77 ulike paperpresentasjonar frå forskarar, ph.d-studentar og tilsette frå barnehagefeltet.

– Komiteen har gjort ein fantastisk jobb med å planlegge og gjennomføre konferansen. Deltakarane var verkeleg fornøgde, seier Elin Eriksen Ødegaard, leiar for BARNkunne, senter for barnehageforsking ved HVL.

Stavanger i 2023 – med tema kommunikasjon

Neste år er det FILIORUM sin tur til å arrangere Norsk Barnehageforskningskonferanse.

Går alt etter planen, vil den femte norske barnehageforskingskonferansen gå av stabelen i Stavanger 24. – 26. oktober 2023. Temaet for konferansen blir kommunikasjon.