
HVL-forskar fekk Kari Skjønsberg-prisen
Førsteamanuensis Berit Westergaard Bjørlo fekk pris for si mangfaldige forsking på barnelitteratur. – Forskinga hennar om barnepoesi utgjer eit pionérarbeid, seier juryen.
– Det er ei stor ære å ta imot denne prisen. Den gjer meg også audmjuk, ikkje minst i rekka av verdige vinnarar for denne prisen, heilt frå 1997 då han blei delt ut for første gong, sa Berit Westergaard Bjørlo i sin tale under prisutdelinga ved Norsk barnebokinstitutt.
Forskaren peika særleg på fire namn blant dei tidlegare vinnarane som har betydd mykje for henne, både på veg inn i barnelitteraturfeltet og i bidrag som ho har fått lov til å jobbe med.
Gode samtalepartnarar og gode forbilde som forskarar
– Tone Birkeland, Ingeborg Mjør, Nina Goga, Lykke Guanio-Uluru. Alle har vore eller er kollegaer ved Høgskulen på Vestlandet. Dei representerer for meg både gode samtalepartnarar og gode forbilde som forskarar innan barne- og ungdomslitteraturfeltet.
Bjørlo nytta også høvet til å takke heile norskmiljøet ved Høgskulen på Vestlandet.
– Det er eit miljø der vi kan utfordre kvarandre. Vi kan støtte og inspirere kvarandre i både det å formidle, og forske på barne- og ungdomslitteratur.
Her er utdrag frå juryen si grunngjeving:
Vinnaren markerte seg for alvor i barnelitteraturforsking med avhandlinga «Ord og bilder på vandring. Bildebøker som gjenskaper dikt og bildekunst», frå 2018.
I avhandlinga utforskar prisvinnaren bildebokmediet som arena for gjenskaping av lyrikk og bildekunst ved å kombinere estetisk teori og bildebokteori, med perspektiv frå intermedialitetsstudiar og adaptasjons- og ekfraseforsking.
Gjennom analyser av eit utval kunstbildebøker og diktbildebøker gir avhandlinga kunnskap om korleis estetikken bidreg til å både bevare og fornye litterære og visuelle kunstverk.
Barnelitteratur, kunst og kunstoppleving
Avhandlinga står i skjeringspunktet mellom barnelitteratur, kunst og kunstoppleving, og bidreg til nytenking i barnelitteraturforskinga.
Særleg fortenestefull er avhandlinga sitt fokus på barnepoesi som lenge har fått lite merksemd i forskinga. Avhandlinga hennar er den første avhandlinga i Norden som fokuserer på diktbildebøker, eit felt som også er lite belyst i internasjonal samanheng, og slik utgjer den eit pionérarbeid.
Inspirerer andre forskarar
I seinare forskingsarbeid har prisvinnaren vidareført og vidareutvikla perspektiv og emne frå avhandlingsarbeidet.
Prisvinnaren har vore særleg aktiv med spennande tekstar i dei seinare åra, og det er fint å sjå korleis forskaren har blomstra vidare etter doktorgradsprosjektet, på toppen av mange års erfaring i feltet.
Breidda i prisvinnaren sitt register er eigna til å inspirere forskarar med ulike tilnærmingar til barnelitteratur ettersom produksjonen omfattar både teoretiske perspektiv og praksisnære tilnærmingar. I sitt daglege virke rettleiar og underviser prisvinnaren bachelor- og masterstudentar på grunnskulelærarutdanninga.
Om Kari Skjønsbergs-prisen
- Går til nokon som har utmerka seg innan forskning om barne- og ungdomslitteratur
- Blir delt ut annakvart år av Institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsfag ved OsloMet.
- Prisvinnarane er sentrale for framveksten av barnelitteratur som forskningsfelt, anten ved forsking, litteraturhistorieskriving, undervisning eller på annan måte.
- Prisen har blitt delt ut sidan 1997. Fem av prisvinnarane er eller har vore tilknytt lærarutdanninga ved Høgskolen i Bergen/Høgskulen på Vestandet, som dermed er den institusjonen som har fostra flest vinnarar.
- Les sak på nettsida til Norsk barnebokinstitutt med heile grunngjevinga.
- Lenke til arrangementet - Norsk barnebokinstitutt