Barnevernsstudentane til topps på jusseksamen

På Høgskulen på Vestlandet stod alle studentane på jusseksamen for master i barnevernsarbeid. Nasjonalt var strykprosenten nær 50 prosent.

Høgskulen på Vestlandet hadde best resultat i landet på nasjonal deleksamen i juridiske fag for masterstudiar i barnevern, der 10 av 10 studentar bestod eksamen.

Total i heile landet var det 300 masterstudentar som gjekk opp til eksamen, fordelt på 13 universitet og høgskular som har dei barnevernfagleg masterprogramma barnevern eller barnevernsarbeid.

Nasjonalt var det 46 prosent stryk. Det gis ikkje karakter på denne eksamen, men bestått/ikkje bestått.

- Vi er svært nøgd med resultatet. Her har både studentar og faglærarane Karen Reimers og Elisabeth Abelvik gjort ein veldig god jobb, og det er ekstra kjekt at alle studentane våre stod på eksamen, seier fagseksjonsleiar Ingunn Barmen Tysnes.

Vil auka juridisk kompetanse i barnevernet

I 2021 fekk NOKUT i oppdrag frå  Kunnskapsdepartementet å utvikle ein nasjonal deleksamen i juridiske fag for dei nye barnevernfaglege mastergradane. Dette var eit av fleire tiltak for å heve den juridiske kompetansen i barnevernet.

Eksamen blei gjennomført ved dei seks utdanningsinstitusjonane som starta i 2022 og ved alle dei 13 utdanningsinstitusjonane som tilbyr master i barnevern og master i barnevernsarbeid i 2023.

- Også i 2022 hadde vi ein langt lågare strykprosent enn dei andre utdanningsinstitusjonane, seier Tysnes.

Etablert eit godt utdanningstilbod

Ho fortel at dei i etterkant av eksamen i 2022 evaluerte emnet og at dei i 2023 blant anna la inn fleire studentøvingar.

- Juss er eit praktisk fag og det er derfor viktig at studentane får moglegheit til å arbeide med skriftlege øvingsoppgåver. I emnet har studentane fått øving i arbeid med juridisk metode, seier emneansvarleg Karen Reimers.

- Dei gode resultata er fyrst og fremst ei stor anerkjenning til studentane, men er og ein bekreftelse på at vi har klart å etablere eit godt utdanningstilbod innan barnevernsarbeid, seier Tysnes.

- Vi gler oss til dei fyrste studentane fullfører studiet og skal ut i jobb. Dei vil bidra til å heve kompetansen i barnevernet, legg ho til.

Tilbyr deltidsutdanning frå hausten 2024

Master i Sosialvitskap med studieretningane, barnevernsarbeid, miljøterapeutisk arbeid og samfunnsarbeid blei tilbydt fyrste gong i 2022, då som fulltidstudium.

Frå hausten 2024 kan ein ta denne masterutdanninga både som eit fulltidstudium og som eit deltidsstudium over fire år. 

- Vi er veldig glade for at vi no kan tilby denne utdanninga som deltidsstudium, det er eit tilbod som er etterspurt av både studentar og fagfeltet. Studiet vil vera samlingsbasert og vi håper det vil være attraktivt for studentar på heile Vestlandet slik at vi bidrar til auka kompetanse i barnevernet i heile regionen, seier Tysnes.