Opna ny master i sosialvitskap

– Det er ein festdag på Høgskulen på Vestlandet når vi i dag opnar vårt ambisiøse prosjekt: masterutdanninga i sosialvitskap, sa instituttleiar ved institutt for velferd og deltaking, Svanaug Fjær under opninga.

Dei over 60 registrerte studentane tar til på studieretningane barnevernsarbeid og miljøterapeutisk arbeid. Etter kvart vil også studieretninga samfunnsarbeid bli ein del av masterprogrammet.

Ein velferdsstat for alle

– De har allereie gjort eit klokt val: å investere i kompetanse, sa arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen til studentane på det nye masterstudiet.

– Vi ser no mange urolege sider ved tidsbiletet vårt, og historia viser at forskjellane aukar i krisetider. Då blir det enda viktigare med ein velferdsstat som klarer å ta vare på alle. Dette er jo nettopp kva sosialvitskap handlar om, heldt ho fram.

Tett på profesjonane

Rektor Gunnar Yttri understreka at opninga av masterprogrammet i sosialvitskap er ein milepåle og ein viktig byggestein i arbeidet mot at HVL skal bli universitet.

– Med det nye masterprogrammet i sosialvitskap støttar vi behova i samfunnet på ein god måte. Dette er også eit av kjenneteikna ved høgskulen: vie skal vere tett på profesjonane, tett på samfunns- og arbeidslivet og ikkje minst; tett på den enkelte student, sa Yttri i helsinga si.

Mange av studentane ved den nye masterutdanninga var samla under opninga ved campus Bergen. Foto: Lisbeth Amland Heilund.

Fakta om Høgskulen på Vestlandet

  • Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største utdanningsinstitusjonane i landet, med om lag 17.500 studentar. Kvart år uteksaminerer vi 4.500 kandidatar som er med på å løyse viktige samfunnsoppgåver. 
  • HVL har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og maritime utdanningar, lærar-, kultur- og idrettsfag, natur- og samfunnsvitskap, og økonomi og leiing. 
  • Den overordna ambisjonen vår er å bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. Les om universitetsambisjonen. 
  • Vi har fem campusar på Vestlandet: FørdeSogndalBergenStord og Haugesund