Best i landet på anatomieksamen

Sjukepleiarstudentane ved Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen hadde best resultat i heile landet på eksamen i anatomi, fysiologi og biokjemi. På Stord har det vore ei svært god utvikling på denne eksamen dei siste to åra.

I Bergen var det 207 studentar som tok eksamen. Heile 35, 7 prosent fekk toppkarakteren A, medan berre 4,8 prosent strauk. Begge deler er langt over landsgjennomsnittet på denne eksamen.

- Vi er svært glade for at sjukepleiarstudentane våre i Bergen gjer det så bra. Dei har lagt i toppsjiktet i fleire år, og det var ekstra gøy at dei i år gjekk heilt til topps. Gratulerer til både studentar og lærarar med eit fantastisk resultat, seier instituttleiar Georg Førland.

Praktiske øvingar og grisehjartelæring

Lise Øyen og Gaute Midtun er nokre av A-studentane. Dei har jobba hardt for dei gode resultata, og er særs nøgd med at så mange har gjort det så bra.

- Det har vore utruleg interessant å lære gjennom praktiske øvingar. Når vi ser på bakteriane og observerer korleis dei endrar seg i eit mikroskop, og når vi opnar eit grisehjarte og ser korleis det heile heng saman, så blir det mykje lettare å forstå, seier Midtun.

Både Øyen og Midtun set også stor pris på kollokviearbeidet som dei har gjort saman med studentassistentar frå masterutdanningane i sjukepleie.

- Vi har eit veldig fint samhald og bidreg til å gjere kvarandre gode, seier Midtun.

- Snittet for å komme inn i Bergen er høgt og kan vere ein grunn til dei gode resultata. Eg trur også at mange gjer det bra fordi vi synes det er interessant og fordi vi ser at innsatsen vi legg inn frå dag ein i studiet, gjer av vi kan gjere ein god jobb som sjukepleiarar om knappe tre år, seier Øyen.

Motiverte og engasjerte studentar

Fagseksjonsleiar på bachelor i sjukepleie i Bergen Marianne Fjose, fortel at dei har eit gjennomprøvd undervisningsopplegg der studentane blant anna har laboratorieøvingar, skriv eigne journalar og evaluerer andre sine journalar.

Ho meiner engasjerte studentar og undervisarar er noko av nøkkelen til dei gode resultata.

- Vi har veldig motiverte og engasjerte studentar og undervisarar med høg fagleg kompetanse, som også er tilgjengeleg utanom forelesningane. I tillegg har vi hatt eksamensseminar der studentane får rettleiing i å skrive eksamensoppgåver, seier Fjose.

Total var det 480 sjukepleiarstudentar som gjekk opp til eksamen  ved  Høgskulen på Vestlandet. 22 prosent av studentane fekk A, noko som er godt over snittet nasjonalt. 17,7 prosent strauk, også det ein del betre enn landsgjennomsnittet.

Ved campus i Førde og Haugesund var det høvesvis 11 prosent og 7,8 prosent som fekk A, medan strykprosenten var 29 og 34 prosent.

Positiv utvikling på Stord

På campus Stord har det vore ei positiv utvikling dei siste to åra. I 2021 strauk halvparten av studentane på denne eksamen, mens i 2023 var resultatet 28 prosent stryk. Fleire enn tidlegare fekk A og B.

- Studentane har gjort ein god jobb og me er stolte over at den positive utviklinga. Me er på rett veg, men har ambisjonar om å gjera det enda betre, seier fagseksjonsleiar Kristina Johannessen Tolås.

Tolås fortel at anatomi har eit omfattande pensum som krev god studieteknikk, puggeeigenskapar og god forståing for faget.

Satsing på førsteårsstudenten

For å betra resultata på eksamenen har dei jobba systematisk med forbetringar. Dei har fleire og meir varierte studentaktivitetar, workshop, øvingar, VR- briller og digitale resursar som forklarar stoffet på ein visuelle og pedagogisk metode.

- Vi har tatt tak i at mange studentar synes dette er eit vanskeleg fag. Vi har fått mange gode innspel frå studentane og i samarbeid med studenttillitsvalte har vi gjort fleire tiltak, særleg retta mot førsteårsstudenten. Vi ser at overgangen frå vidaregåande skule har vore stor for ein del av studentane, seier ho.

Derfor har dei hatt fokus på at studentane skal bli godt kjent med lærarane det første året, gitt tilbod om individuelle studiesamtalar, sendt ut informasjon kvar veke om undervisning og kva studentane bør forbereda seg på, samt jobba med studieteknikk. Det har og vore studentassistentar som driv eige opplegg med kullet utanom skuletid.