Campusverkstad med driv

To halve dagar og 60 deltakarar. Høgskulen fekk gode innspel frå fylkeskommune, kommunar, næringsliv og andre samarbeidspartnarar. Startskotet for campusutvikling i Sogndal fekk ein god start.

Frå 2020 året har HVL sett campusutvikling på eigen dagsorden. Ein starta på Stord i fjor, jobba vidare i Førde og Haugesund – og sist veke var det oppstart i Sogndal. I november er det Bergen som står for tur.

Tydelege profilar

Utvikling av levande campusar og det å forløyse fagleg styrke på Vestlandet var noko av det som låg til grunn for samanslåinga av HVL i 2017. Kvar campus med sin unike profil og eigenart skal utviklast vidare, som ein viktig del av det langsiktige arbeidet med kultur- og institusjonsbygging.

For HVL handlar campusutvikling om den faglege aktiviteten på campus. Vi skal ha berekraftige campusar med tydelege profilar og sterke lokale røter. Campusane skal vere attraktive for studentar og tilsette, og arbeids- og samfunnslivet skal kjenne eigarskap til campusane våre.

Eigne arbeidsgrupper

Prosjektet campusutvikling har ein tidshorisont frå august 2020 til august 2022.

– Eg vil seie at det blei to fine dagar og ein god start. Gode innspel frå eksterne deltakarar og godt engasjement frå tilsette og studentar.

– No går vi vidare og etablerer arbeidsgrupper i fakulteta og i administrasjonen som skal jobba videre og saman. Og vi kjem til å kopla på dei eksterne samarbeidspartnarane våre undervegs, seier prosjektleiar for campusutvikling i HVL, Paul J. Manger.

– Etter kvart som ting blir klart kjem vi til på leggje ut informasjon på nettsidene.

Gode tilbakemeldingar

Manger fortel om mange positive tilbakemeldingar på telefon og e-post etter verkstaden.

– Det er mange som brenn for campusen i Sogndal og det engasjementet gir energi framover.

- Som nokre av dei skreiv til meg:

Å utvikle HVL sine campus er ikkje berre viktig for HVL, men også avgjerande viktig for vertskommunane og samfunnet i og omkring dei lokale campusane. HVL viser gjennom denne serien av «campusverkstadar» at dei tek denne rolla på alvor.

HVL sine 5 campusar er svært ulike, med kvart sine særpreg. Det er desse særprega som gir posisjonar. Det er derfor viktig å dyrke særprega til dei ulike campusane.

Det var særleg interessant å høyre innleiingane på slutten frå fakulteta. Saman kan me få til det utrulege.

Ei nøkkelrolle

Toppleiinga i HVL deltok og på verkstaden med eigne innlegg, i panel og i oppsummeringane.

– Høgskulen er tufta på fem sterke campus i Haugesund, Stord, Bergen, Sogndal og Førde. Det er viktig å lytta til omgivnadene våre. Stundom kan det vera eit krevjande samspel, men det eit samspel høgskulen vil dyrke og utvikle. Våre eigne tilsette og studentar spelar her ei nøkkelrolle.

– Retninga for HVL framover er å utvikla kvar campus med sin unike profil og eigenart. Sterk i seg sjølv og sterkare saman med dei andre. Det er dette HVL er tufta på, seier rektor Gunnar Yttri.

gruppebilde.jpg

Engasjementet for HVL og campus Sogndal er stort. Sist veke samla 60 deltakarar frå høgskule, fylkeskommune, kommunar, næringsliv og andre samarbeidspartnarar seg til ein to-dagars campusverkstad.

Her kan du lese meir om campusutviklinga i Sogndal og sjå opptak frå verkstaden.