
Desse tre blir prodekanar
Brit Julbø, Stig Erik Jakobsen, og Øyvind Midtbø Berge er tilsett som prodekanar i det nye fakultetet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap.
Brit Julbø blir prodekan for utdanning, Stig Erik Jakobsen blir prodekan for forsking, og Øyvind Midtbø Berge blir prodekan for innovasjon og regional utvikling.
- Eg er svært glad for at desse tre har takka ja til å ta på seg rollene. No har vi fått ei komplett leiargruppe i Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap, seier dekan Jens Kristian Fosse.
1. januar 2024 blir to fakultet ved høgskulen slått saman til eit nytt fakultet som har fått namnet Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap. Fakultetet er ei samanslåing av Fakultet for ingeniør- og naturvitskap og Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap. Samanslåinga var vedtatt av styret ved HVL i april 2023. I juni tilsette styret Jens Kristian Fosse som dekan for det nye fakultetet.
Stig Erik Jakobsen har bakgrunn som professor og leiar for Mohnsenteret ved Høgskulen på Vestlandet. Han har brei forskingserfaring og har leia fleire store forskingsprosjekt innan innovasjon og berekraftig omstilling av samfunnet.
Brit Julbø kjem frå rolla som prodekan for utdanning i dagens Fakultet for ingeniør- og naturvitskap. Ho har bakgrunn som høgskulelektor i realfag, og ho har vore assisterande instituttleiar ved Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag.
Øyvind Midtbø Berge kjem frå rolla prodekan for innovasjon og regional utvikling ved dagens Fakultet for ingeniør- og naturvitskap. Tidlegare har han mellom anna jobba som førstelektor og visesenterleiar ved Mohnsenteret, og han har vore seksjonssjef for innovasjon ved UiB.
Prodekanane er tilsett på åremål for perioden 1. januar 2024 til 31. desember 2027.