Fleire lærarar i heile landet

For at barn og elevar i heile landet skal bli møtt av kvalifiserte lærarar kvar dag må fleire velje lærarutdanning og læraryrket. I dag presenterte Kunnskapsdepartementet ein ny strategi for rekruttering.

Som ein del av arbeidet med å snu den negative utviklinga legg Kunnskapsdepartementet fram strategi for rekruttering til lærarutdanningane og læraryrket.

Eit av formåla med strategien er å vise til gode rekrutteringstiltak, både for at fleire skal nytte seg av studietilboda og for å inspirere til ein styrka innsats på lærarrekruttering.  

Styrka innsats

Ulike partar står samla bak strategien og alle har ansvar for tiltak som kan bidra til å snu den negative trenden.

Dekan ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett Asle Holthe er leiar for universitets- og høgskolerådets fagstrategiske enhet for lærerutdanning, og ser korleis dette kan påverke ein kritisk lærarmangel i barnehagar og skular over heile landet. 

Årsaker til dagens rekrutteringssituasjon er mange og samansette. For å styrke rekrutteringa til lærarutdanningane må attraktiviteten til læraryrket betrast. Klarer vi ikkje å auke rekrutteringa til lærarutdanningane, vil lærarmangelen i barnehagar og skular merkast i heile landet, seier Holthe. 

Nasjonalt prosjekt for lærarrekruttering 

Nasjonalt prosjekt for rekruttering til lærarutdanning er leia av Høgskulen på Vestlandet og har som mål at fleire søker lærarutdanning og vel læraryrket. Prosjektet har tett samarbeid med UH-institusjonar, barnehage- og skuleeigar, studentar og andre relevante aktørar. Dei bidreg til at framtidige søkarar til utdanninga og yrket har relevant kunnskap om kva det vil seie å vera lærar i barnehage og skule. 

I 2023 gjekk prosjektet inn i ein ny fase med 10 millionar kroner i tildeling i revidert statsbudsjett. Med auka og meir føreseielege økonomiske rammer opnar det for fleire koordinerte tiltak. Prosjektet har sidan oppstarten i 2020 hatt ulike føringar for tildeling. Ingvild Brekke Myhre tok over som prosjektleiar 1. desember 2023 og Einar Venset Sleire er kommunikasjonsrådgjevar.

Å styrke rekruttering til lærarutdanningar og til yrket i barnehage og skule er eit stort samarbeidsprosjekt. Her må alle lærarutdanningsinstitusjonane kvar for seg prioritere rekrutteringstiltak, seier prosjektleiar Brekke Myhre.  


Prosjektleiar for Nasjonalt prosjekt for lærarrekruttering Ingvild Brekke Myhre. Foto: Einar Venset Sleire.

Klare mål for 2030 

For å snu den negative utviklinga og møte utfordringane er det eit klart målbilde for 2030:

  • Lærarutdanningane er attraktive studieval, har høg kvalitet og er profesjonsrelevante.
  • Alle nyutdanna lærarar skal oppleve ein positiv overgang frå utdanning til yrke med rettleiing.
  • Barnehagar og skular er attraktive arbeidsplassar som rekrutterer og beheld lærarar. 

Regjeringa og Nasjonalt forum for lærerutdanning og profesjonsutvikling vil følgje opp måla i strategien, både gjennom det daglege arbeidet og retta mot nokre sentrale milepelar i løpet av året.