Arbeids- og kompetanseområde

Eg har stilling som fagansvarleg livslang læring ved HVL og som samfunnskontakt knytt til campus Stord.  

Ansvar og oppgåve som fagansvarleg: 

  • koordinerande funksjon og pådrivar for livslang læring ved HVL for å bidra til å styrkje høgskulen sin posisjon og identitet knytt til livslang læring 

  • bidra til å etablere og vidareutvikle nettverk, kontakt- og møteplassar med samfunns- og arbeidsliv, særleg knytt til kompetanseutvikling. Fange opp behov og formidle kontakt  

  • bidra til profesjonalisering av tenester og tilbod knytt til livslang læring i HVL 

Ansvar og oppgåve som samfunnskontakt:  

  • bidra til å etablere og vidareutvikle nettverk, kontakt- og møteplassar med samfunns- og arbeidsliv knytt til campus Stord

  • arbeid med politikk som angår HVL, inkludert politiker- og myndighetskontakt 

  • utgreiing, analyse og saksførebuing innan aktuelle område 

  • støtte til gjennomføring av konferanser og seminar med eksterne samarbeidspartnarar 

  • bidra i arbeidet med campusutvikling 

Utdanninga mi er master i organisasjon og leiing - utdanningsleiing. Eg har vore tilsett i høgskulen sidan 2013, og har hatt ulike stillingar knytt til leiarstøtte, sakshandsaming, samhandling og livslang læring. Frå før av har eg 16 års erfaring som lærar på ulike nivå i grunnskulen.