
Lærar av kvarandre på tvers av campus
Vindmøller til havs, solceller, karbonfangst eller kjernekraft – korleis løyse framtidas energibehov og samstundes ivareta klima, miljø og natur? Då studentar frå campus Bergen og campus Sogndal møttest til Teknologikonferanse var målet å saman jobbe med ei problemstilling som ikkje har noko enkel løysing gjennom ei spesiell tilnærming til: rollespel.
Det var studentar som går tredjeåret grunnskulelærarutdanning ved campus Bergen og Sogndal som tok del. Målet var å gi dei erfaring med korleis rollespel kan nyttast i naturfagundervisning som ein måte å jobbe med grunnleggande ferdigheiter, argumentasjon og komplekse tverrfaglege problemstillingar.
Samarbeid på tvers av campus
Undervisingsopplegget er utvikla ved campus Bergen, og høgskulelektor Hanne Henningsen tok med seg sine studentar for å møte Kamilla Hauknes Sjursen, emneansvarleg og stipendiat, og studentar frå campus Sogndal på vitensenteret ViteMeir. Målet var å utveksle erfaringar på tvers av campusane og saman vidareutvikle undervisningsopplegget. For studentane var det ei positiv oppleving og ein moglegheit til å bli kjende på tvers av campus.
Tok eigarskap til HVL si forskingsarbeid
På førehand blei studentane inn i grupper som skulle representerer ulike interesser innanfor energitekologi, klima og miljø: ei gruppe representerte eit solcelle-firma, andre skulle argumentere for kjernekraft eller vindkraft. Dei hadde satt seg grundig inn i dei ulike teknologiane og korleis desse svarar på FNs berekraftsmål. Studentgruppa som skulle argumentere for solcelle hadde forberedt seg ved å besøke laboratoriet og Forskningsgruppen avanserte nanomaterialer for ren energi og helseapplikasjoner (ANCEHA), leia av professor Dhayalan Velauthapillai. Myhra Sæterdal vart imponert over engasjementet:
– Dette vart ein moglegheit for studentane våre å sjå nærmare på og bringe den banebrytande forskinga frå Fakultet for ingeniør- og naturvitskap (FIN) inn i undervisning ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI). Det var også gøy å sjå at dei tok eigarskap til forskinga og kor stolte dei var over å studere ved ein utdanningsinstitusjon som bidreg til det grøne skiftet ved å utvikle viktig og banebrytande teknologi.

Viktig og vanskeleg
Ein målsetting med Teknologikonferansen var å forstå at energiomstillinga er kompleks, og at kvarteknologi har både fordeler og ulemper når det gjelder å oppnå FNs berekraftsmål.
I dette arbeidet er det mange ulike perspektiv som må bli lytta til og tatt med i berekninga, men dette er viktig erfaringar å ha meiner Kristin Myhra Sæterdal, førsteamanuensis ved Institutt for miljø- og naturvitskap ved campus Sogndal, som tok del.
– Vi treng lærarar som tørr å undervise i problemstillingar som ikkje har eit tydeleg og enkelt svar, og som greier å skape engasjement slik at ein kan bidra på ein god måte til samfunnsutviklinga.
Heiv seg inn i leiken med liv og lyst
En viktig del av konferansen var ikkje å vere seg sjølv, men å spele ei rolle og framføre gode argument for kvifor deira løysing var den beste. Under konferansen sa fleire av studentane som tok del at det var mykje enklare å ta aktiv og konstruktiv del i diskusjonane når ein ikkje deltek som “seg sjølv”, men spelar ein rolle.
– Det er ein god oppleving også for oss som underviser at studentane våre er så slått på - dei kvikna liksom til, og alle hadde massevis av spørsmål til kvarande, fortel Hauknes Sjursen.
Les meir om:
Samarbeidet mellom HVL og ViteMeir - Høgskulen på Vestlandet