
Fysioterapi kan halde folk friskare lengre
Små tiltak og målretta trening ved hjelp av fysioterapeut kan halde eldre friskare lengre. Det vil gagne både den enkelte og samfunnet.
- Fysioterapi er eit framtidsyrke! Vi kan og bør ta meir ansvar for å halde befolkninga frisk og sjølvstendig lengre.
Det seier Mari Kalland Knapstad, fysioterapeut og førsteamanuensis på fysioterapeututdanninga ved Høgskulen på Vestlandet.
8. september leia Knapstad og fysioterapistudent Audun Syversen eit arrangement på Høgskulen på Vestlandet som samla over 200 fysioterapeutar, tilsette og studentar i samband med Verdas fysioterapidag 8. september.
Bilete: Det var trang om plassen då Verdas fysioterapidag blei feira ved Høgskulen på Vestlandet.
Sunn aldring – mykje å tene på betre førebygging
Årets tema for verdsdagen var sunn aldring. Om 15 år vil Norge få dobbelt så mange innbyggarar over 80 år. På arrangementet viste professor ved HVL Bård Bogen, korleis skrøpelegheit blant eldre aukar tydeleg rundt 80 år, og med det kjem dårlegare balanse, fare for fall og generelt redusert motstandskraft mot sjukdom. Fall er på fjerdeplass over det som vil koste samfunnet mest i utgifter fram mot 2050, viser ein ny rapport frå Folkehelseinstituttet.
Det er mykje å tene, både for den enkelte og for samfunnet, på å førebygge betre og halde befolkninga friskare lengre.
- Gjennom målretta trening i styrke, balanse og uthaldenheit kan vi gjere eldre meir sjølvstendige og trygge. Små tiltak, som å delta i fallforebyggande grupper eller lære korleis ein kjem seg trygt opp frå golvet, kan bety at ein framleis kan delta i det sosiale livet og meistre daglege aktivitetar, seier Knapstad.

Foto: HVL/ Ingvild Constance Festervoll Melien
Syversen håpar fysioterapi i framtida får ei endå tydelegare rolle i førebygging og helsefremmande arbeid.
- Målet må vere å skape ei helseteneste som ikkje berre behandlar skader og sjukdom, men som ser heile menneske og fremmer meistring, aktivitet og sjølvstende, seier han.
- Eg har sett kor viktig fysioterapi er
Høgskulen på Vestlandet har den nest største fysioterapiutdanninga i landet, og kvart år går nærmare 80 ferske fysioterapeutar ut frå høgskulen. Studiet er eit av dei mest populære ved høgskulen, og det er stor konkurranse om å kome inn. Audun Syversen og Brage Kristoffersen Opseth er to av dei har kome seg gjennom nålauga.
Det er ikkje heilt tilfeldig at dei har valt dette yrket. Begge har erfaring med fysioterapi frå oppveksten. Syversen er født med klumpfot og har vore mykje til behandling hos fysioterapeut.
- Eg har sett på kor stor effekt fysioterapi har for funksjon og livskvalitet og eg vil gjerne gi litt tilbake av desse erfaringane, seier han.
For Opseth sin del har foreldra vore inspirasjonskjelde.
- Begge foreldra mine er fysioterapeutar og eg har fått vore mykje med i klinikk og sett arbeidet fysioterapeutar gjer. Dette motiverte meg til å ville jobbe med det same, seier han.
Bilete: Fysioterapistudentane Audun Syversen (t.v) og Brage Kristoffersen Opseth i simuleringsarenaen til Høgskulen på Vestlandet, der det blant anna er laboratorium for fysioterapi. Her trenar studentane på ulike behandlingsmetodar og øvingar.
- Det er ikkje farleg å pushe eldre litt
I vinter var dei to studentane i praksis i nærmare tre månadar i kommunehelsetenesta, der eldre og helsefremmande arbeid var fokus. Her møtte dei mange eldre pasientar, og hadde blant anna gruppetrening for sju eldre damer.
- Vi lærte mykje om eldre. I gruppetrening hadde vi ein blanding av utholdande øvelsar som får i gong blodpumpa og styrkeøvelsar for skjelettet og musklane. Mange eldre klarer mykje meir enn dei og vi trur, og det er ikkje så farleg å pushe dei litt, seier dei.

Illustrasjonsfoto: Shutterstock.
Kun tre prosent av helsebudsjettet til førebygging
Arrangementet på høgskulen var eit samarbeid mellom fysioterapiutdanninga på HVL, Fysio Bergen, fysioterapistudentane sin interesseorganisasjon og Norsk fysioterapiforbund region Vest. Leiar i Norgsk Fysioterapiforbund, Stig Fløisland, var og tilstades og opna dagen.
- I dag bruker vi 3 prosent av helsebudsjettet til førebygging. Det er ikkje berekraftig. Vi må førebygge langt betre og her vil fysioterapeutar spele ei svært viktig rolle framover, sa Fløisand.
- Eg er så glad for å sjå så mange her i dag. Det må vere det største arrangementet på fysioterapiens dag. Gratulerer med dagen til alle, la han smilande til.
Bilete: Leiar i Norsk Fysioterapiforbund, Stig Fløisland opna dagen.
Her kan du lese fleire saker frå Verdas fysioterapidag:
Storslått markering av Verdens fysioterapidag i Bergen
Verdens fysioterapidag markert ved Høgskulen på Vestlandet
Les og om eit heilt nytt EU-prosjekt ved HVL, som handlar om å få fysioterapeutar meir interesserte i å jobbe med eldre.