Storsamling rundt grøne krefter og berekraft

For fem år sidan ble Grøn region Vestland lansert på HVL. I dag var det ny giv og frisk satsing. – Med dette programmet kan vi skape ei ny tid og eit sterkare forskings-, utdannings-, og innovasjonsløft for heile Vestlandsregionen, seier dekan Jens Kristian Fosse i HVL.

I velkomstinnlegget sitt i Mimes brønn på campus Bergen peikte han på korleis berekraftig omstilling kan forløysast gjennom auka samarbeid mellom akademia, næringsliv, offentleg sektor og sivilsamfunn. 

- Dei fleste samarbeid mellom akademia og næringsliv skjer innanfor ein radius på hundre kilometer. HVL har fem campusar på Vestlandet, tett på industrien, tett på hubbane, tett på kommunane. Det er ein styrke vi skal bruke endå meir.

Fosse viser til at HVL i over 150 år har utdanna ingeniørar for regionen og Norge.

– Alt dette skjer i takt med industrien. Somme gonger blir vi dregne etter av næringslivet. Andre gonger ligg vi føre og utdannar folk til grøne jobbar som enno ikkje finst. Begge delar trengst. Det er viktig innsikt for ein region med kompleks

Avslutningsvis kom Fosse med tre oppmodingar til forsamlinga:
 
1: Gje oss problema dykkar. Dei beste forskingsprosjekta kjem frå verkelege utfordringar.

2: Ta imot studentane  våre – i praksis, i prosjekt og i masteroppgåver.

3: Bruk oss som partnar. Ikkje berre som leverandør av kandidatar.


Berekraftkoordinator Siri Smith i HVL var også med på storsamlinga. Ho meiner at Grøn Region Vestland er eit viktig initiativ.

- Vi treng å samle ulike aktørar om felles utfordringar og løysingar. Skal vi lukkast med berekraftig omstilling, treng vi både ny kunnskap, betre bruk av den kunnskapen vi allereie har, ansvarleg innovasjon og sterkare samarbeid.

Ho seier at for HVL handlar berekraft både om korleis ein driv eiga verksemd og om korleis høgskulen kan bidra til berekraftig samfunnsutvikling gjennom utdanning, forsking, innovasjon og samarbeid med arbeids- og samfunnsliv.

Dei siste åra har HVL styrkt arbeidet med berekraft på fleire område.

- Berekraftsperspektiva er blitt tydelegare i utdanningane, forskinga, innovasjonsarbeidet og i samarbeidet med eksterne aktørar. Samstundes viser evalueringa av den gjeldande handlingsplanen vår at arbeidet framleis er under utvikling, og at det er behov for vidare integrering og sterkare samordning av berekraftsarbeidet på tvers av organisasjonen.

Smith fortel at evalueringa dannar bakteppe for høgskulen sin nye handlingsplan for berekraftig utvikling. Den skal gjelde for perioden 2027–2032. 

Handlingsplan skal opp som sak i styremøtet i HVL torsdag 26. november.

Smith listar opp fleire punkt som illustrerer utviklinga av berekraftsarbeid ved HVL dei siste åra:

  • HVL er sertifisert som Miljøfyrtårn og arbeider systematisk med klima- og miljøpåverknad frå eiga verksemd.

  • Høgskulen arbeider no med ny handlingsplan for berekraftig utvikling for perioden 2027–2032.

  • Det blir også arbeidd med ny reisepolicy som skal bidra til meir berekraftige tenestereiser og lågare klimaavtrykk.

  • Ph.d.-programmet Ansvarleg innovasjon og regional utvikling er eit døme på korleis HVL utviklar forsking og kompetanse knytt til omstilling, innovasjon og berekraft.

  • BARNkunne – Senter for barnehageforsking bidreg med kunnskap om sosial berekraft, oppvekst, inkludering og gode livsvilkår for barn.

  • HVL Skape støttar studentar og tilsette som ønskjer å utvikle idear, entreprenørskap og innovative løysingar på samfunnsutfordringar.


Smith peiker og på verdien av møteplassar.

- Arrangement som Bærekraftdagen på HVL, One Ocean Week, Sirkulærdagane, Klimafestivalen Varmere Våtere Villere, Forskingsdagane og internasjonale samarbeid som ARTEMIS, fører med seg mykje bra og gjer at arbeidet får høg merksemd.

- Felles for desse arenaene er at dei samlar forskarar, studentar, næringsliv, offentleg sektor og andre samfunnsaktørar om utvikling av kunnskap, kompetanse og løysingar for ei meir berekraftig framtid.