HVL forsterkar smittevernet

Smittetrykket er stigande og Høgskulen på Vestlandet styrkar smittevernstiltaka inn mot studiestart. HVL planlegg for ein trygg og god studiestart, der nye studentar skal bli kjend med kvarandre, med faglærarane, campus og med studentlivet.

Studiestart er måndag 16. august for dei aller fleste nye studentar, med unntak av Bergen der vi har oppstart over tre dagar 16., 17. og 18. august.

Undervisning

HVL har planlagt for ein situasjon som er lik fjoråret, der avstandskrav gir avgrensingar på kor mange som kan møtast fysisk. Vi bur oss på at det vil bli opna meir opp i fase 4. Den fysiske undervisninga på campusane våre vil såleis auka på utover hausten.

HVL har gjort seg erfaringar der ein god og klok kombinasjon av fysiske og digitale lærings- og vurderingsformer vil vere ein del av den nye studiekvardagen.

HVL vil ha ei ordning med merking av plassar i undervisingsromma som har faste monterte seter, for å gjere eit eventuelt smittesporingsarbeid enklare og meir effektivt.

Fadderveke

HVL har fadderarrangement over to veker for å spreie aktiviteten over tid. Gjeldande smittevernreglar betyr at fadderarrangement vert definert som private arrangement, noko som gjev ganske strenge restriksjonar i høve til studentar som kan vere samla. Kjem det andre nasjonale eller lokale råd og retningslinjer vil HVL tilpasse arrangementa.

HVL har god fadderopplæring i forkant av faddervekene med vekt på trygge fadderveker og smittevern. Vi er også i tett dialog med vertskommunane om gjennomføring av faddervekene.

Vaksinering og testing

HVL oppmodar tilsette og studentar om å følgje styresmaktene sine råd om vaksinering. Her finn du meir informasjon om vaksinering for din campus.

HVL oppmodar tilsette og studentar til å ha låg terskel for testing. Alle våre vertskommunar har per no god, lett tilgjengeleg og sikker testkapasitet.

HVL vurderer om vi skal gi tilbod om hurtigtesting til våre studentar, og kjem attende med meir informasjon om dette dersom det vert aktuelt.

Heimekontor

HVL føl dei nasjonale tilrådingane som legg opp til at vi skal ha generelle smitteverntiltak, og nytte delvis heimekontor og/eller fleksibel arbeidstid for dei som kan. Det betyr auka bruk av arbeidsplassen, samstundes som avstandskravet må kunne følgast. HVL legg difor opp til at fleire kan nytte seg av kontorfasilitetane på campus nokre dagar i veka.

Særskilt for Bergen

Bergen kommune har innført eigne særskilte smittevernstiltak som gjeld frå og med 12. august til og med 22. august. To av tiltaka er viktige:

  • Det blir påbod om bruk av munnbind der det ikkje er mogleg å holde ein meter avstand. Det gjeld også på campus Bergen.

  • Bergen kommune tilrår at arbeidstakarar med behov for kollektivtransport har heimekotor viss det er mogeleg. HVL følgjer kommunen si tilråding. Heimekontor skal avtalast med næraste leiar.