
Høgskulen på Vestlandet med tilbud til de små under One Ocean Week
Saman med Stiftelsen Akvariet i Bergen vil Høgskulen på Vestlandet kombinere kunst, forsking og sansing for dei minste under One Ocean Week.
Saman med Akvariet i Bergen vil Høgskulen på Vestlandet kombinere kunst, forsking og sansing for å la barnehagebarn frå Bergen og Øygarden kommune få uttrykke sitt eige forhold til havet.
- Vi vier ein heil dag til å samhandle med barnehagane under One Ocean Week, fortel prosjektleiar Elin Eriksen Ødegaard.
Saman med kunstnaren Håkon Hoffert, forskarar og studentassistentar vil dei la barn få sanse, undre seg og utforske gjennom prosjektet Havsans.
- Vi vil blant anna sjå korleis barneteikningar kan bli transformert inn i eit digitalt landskap og lære meir om havet saman med dei små, avsluttar Ødegaard.