HVL satsar på miljøvenleg Erasmus+-utveksling

Gjennom eit nyoppretta stipend skal HVL motivere studentar til å velje miljøvenleg reising på Erasmus-utveksling. Miljøstipendet skal løne dei som vel eit grønare alternativ til flyging når dei skal reise til og frå utveksling i Europa.

- Berekraft og internasjonalisering er sentrale i HVL sin strategi. Dette kan vere eit paradoks og eit dilemma. Når vi skal auke talet for utveksling er det veldig viktig at vi tenker berekraft og ser etter miljøvenlege løysingar, seier ein begeistra rektor Berit Rokne.

Tiltak for auking av Erasmus+-utveksling 

Initiativet til miljøstipendet kjem som ein del av strategisk satsing på Erasmus-programmet og prosjektet Økt Erasmus studentutveksling ved HVL. Prosjektet har som hovudmål å gjere Erasmus+ det naturlege valet for studentane når dei skal søke om utveksling. Dette skal skje gjennom tiltak for digitalisering av søknadsprosess og promotering av fordelar med Erasmus+. 

Studenttinget på HVL vedtok i haust ein resolusjon for ekstra reisestipend til miljøbevisste utvekslingsstudentar. Dei er veldig positive til tiltaket om eit miljøstipend og meiner at høgskulen må legge til rette for dei som ønsker å reise miljøvenleg på utveksling. 

- Ingen som ønsker å reise på utveksling skal måtte velje bort ein form for miljøvenleg transport til og frå utvekslingsopphaldet berre fordi det er billegare å reise med fly. Ved å ha vedtatt dette miljøstipendet viser høgskulen at dei gjer nettopp det; dei legger til rette for at studentar som ønsker, skal ha moglegheit til å reise miljøvenleg, seier Marie Charlotte M. Kettunen, Internasjonalt ansvarleg i Studenttinget på Vestlandet. 

Erasmus + miljø = stipend

Erasmus+ er verdas største utdanningsprogram, og dei som reiser gjennom programmet får eit eige stipend for å ta delar av studiet sitt i Europa. Erasmus-utveksling gir mange fordelar samanlikna med utveksling utanfor Europa. Mellom anna treng studenten ikkje å betale skulepengar og dei får gratis språkkurs. 

HVL vil gje studentane endå ein fordel ved å fremme miljøaspektet gjennom å tilby eit miljøstipend. I motsetning til Erasmus+ er nokre av utvekslingspartnarane til HVL langt frå Noreg og krev i tillegg skulepengar for heile semesteret. 

- Vi meiner at Erasmus-utveksling er eit rimelegare alternativ og at det skal vere større moglegheit for å reise miljøvenleg. Vi må derfor løne dei som gjer det, seier Elin Kvaale, nestleiar i Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon. 

20 stipend i 2020

I Europa er det kortare distansar og velutvikla buss og togforbindelsar. Klimagassutsleppet frå langdistanseflyging er større samanlikna med utsleppet frå tog og buss. Ved å tilby miljøstipendet håpar HVL at fleire vel buss og tog som alternativ til fly når dei skal på utveksling. Det vil sjølvsagt òg vere meir miljøvennleg å fly til eit europeisk land enn utanfor, men HVL vil løne dei som gjer ein ekstra miljøinnsats og vel tog eller buss.

Det er satt av 20 stipend à 2000 kroner for året 2020. For å delta i trekkinga av miljøstipendet, sender studenten inn bevis på fullført miljøvenleg reising til eller frå utvekslingsopphaldet.

- Vi håpar at studentane vil ønskje dette tiltaket velkomen og at det blir stor rift om stipendet, seier Kvaale.

Erasmus+

  • Erasmus+ er verdas største utdanningsprogram der Norge deltek på lik linje med EUs medlemsland.
  • Avhengig av studieprogram, er det mogleg for studentar på HVL å reise på utveksling med Erasmus+ og få stipend for opphaldet.
  • Stipendet gjer det enklare for studentar å ta delar av utdanninga si i Europa, og på den måten oppleve språk, kultur og fagleg innhald frå eit anna perspektiv.
  • Fram til 2017, året Erasmus feira 30 år, hadde over 9 millionar europearar fått stipend til å reise på utveksling.
  • For programperioden 2021-2027 skal Erasmus doble budsjettet sitt og fokusere på digitalisering, forenkling og miljøvenleg praksis. 

Søknadsfristen for å søke om utveksling frå HVL haust 2020 er 1. februar.