
Kronprinsen møtte studentar frå HVL – Dei gjer ein viktig jobb!
– Myr er ein viktig del av den norske naturen og her treng vi meir kunnskap og forsking, sa Kronprins Haakon då han var med på ekspedisjon i Haukåsmyra i lag med studentar og forskarar frå Høgskulen på Vestlandet.
– Det er ganske flott at ein allereie jordnær kongeleg tek turen ut hit for å komme enno nærmare jorda, ler student Jens Petter Sløveren.
Etter tre intense veker, toppa det seg då førsteårstudentane ved landskapsplanlegging fekk med seg Kronprins Haakon på feltarbeid. Kronprinsen fekk sjå nærmare på ulike planter som veks ved og i myr.

Studentane Anne Hummerslund Grung og Jens Petter Sløveren i lag med Kronprinsen.
– Han ville verkeleg vere her!
Anne Hummerslund Grung var ein av dei andre studentane som fekk henge med Kronprinsen. Ho sette pris på at han stilte så mange gode spørsmål og vise genuin interesse for studentane.
– Det kjentest ikkje ut som om me berre var nok eit stopp på reisa hans. Det virka som om han verkeleg ville vere her.
– Det er flott at vi utdannar unge menneske som synes at dette er spennande og viktig, og at dei kan gjere ein viktig jobb med å få denne kunnskapen ut til samfunnet og vere rådgivarar, fortalte Kronprinsen til Sogn Avis.
Professor Knut Rydgren i lag med Kronprins Haakon.
Myra – plassen der det skjer!
Grunnen til at Kronprinsen tok turen ut i myra på Haukåsen sporar seg nokre år tilbake i tid, då Kronprinsen besøkte HVL Sogndal og fekk møte professor Knut Rydgren, kjent som mose-Knut. Under møtet var det snakk om at Kronprinsen gjerne ville komme tilbake for å bli med på tur til det økosystemet Rydgren kanskje elskar aller høgast: myr.
– Knut er enormt kunnskapsrik og kan mye om mose og myr, då ville me gjerne følge opp og dra ut der det skjer: myra. Dette er ein del av den norske naturen som er veldig viktig del av kretsløpet, sa Kronprinsen under besøket.
Under myrvandringa fekk kronprinsen møte Hedvig Ødeby Karlsen og Trine Pettersen, to bachelorstudentar som er med på å kartlegge artsrikdommen i myra. Deira arbeid kan vere med på å danne noko av samanlikningsgrunnlaget om ein får moglegheit til å reetablere myr i området.
Eit unikt forskingsprosjekt
Myra Kronprinsen fekk besøke kan bli ein del av eit unikt restaureringsprosjekt. Håpet er å få moglegheit til å ikkje berre kartlegge, men med hjelp frå forskarar la myra få vekse seg større. Myrer dekker 3 prosent av landarealet, men held på 30 prosent av jordkarbonet på landjorda. Om ein skal klare å oppfylle Paris-avtalen er det difor avgjerande å restaurere 500 000 km2 myr, fortalte Rydgren,
– Myr er ein av naturens klimaløysingar. Det er avgjerande at me jobbar for å finne ut av korleis me på best mogleg vis kan gå fram bevare, men også restaurere myrene våre. Dei er unike plassar, artsrike område som spelar ein avgjerande rolle både fordi dei lagrar karbon og fordi dei held på så mykje vatn.
Kronprins Haakon fekk vere med då forskarane målte kor djup myra er.
At myrer har ein viktig rolle å spele, var noko kronprinsen var oppteken av.
– Kan ein sjå for seg at myrer kan vere nyttige for å motverke flaum? Og er det mogleg å lage myrer på plassar der det ikkje har vore myrer før, undra Kronprinsen.
– Det må eg faktisk tenke litt på, var svaret frå Rydgren, som lova å forske seg fram til enno fleire gode svar til Kronprinsen kjem tilbake.
Utdanning som gi økologisk tyngde
På spørsmål frå Sogn Avis om han sjølv ville ha studert landskapsplanlegging med landskapsarkitektur, fortalte ein leande Kronprins at det hadde vore spennande.
– Men det er også eit alvor ved eit slikt studie.
Dette alvoret er noko Rydgren er oppteken av, og som han vektla ovanfor studentane.
– Me som forskar og undervis håper denne kunnskapen de har får gjennom studiet gir dykk glede, interesse, nysgjerrigheit og omtanke for artsmangfaldet vi har. Men også at den økologiske tyngen kan gjere dykk betre i stand til å ta dei omsyna me bør ta.