Kronprinsen diskuterte klimaforsking då han besøkte Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal

— Eg kunne lett ha brukt ei veke eller to til her, sa kronprinsen under besøket sitt på HVL. Kronprinsen møtte forskarar frå HVL og Vestlandsforsking til samtale om konsekvensane av klimaendringane, og korleis vi kan ruste oss for å takle dei.

Kronprinsen blei helst velkommen av blant anna rektor Gunnar Yttri og prorektor for utdanning, Anne-Grethe Naustdal. Etter ei omvising på campus der rektor fortalde historia om høgskulen, blei kronprinsen invitert med inn i biblioteket.

Design uten navn (37).jpgForan: Kronprins Haakon, rektor Gunnar Yttri, direktør for Vestlandsforsking Anne Karin Hamre. Bak: prorektor for utdanning Anne-Grethe Naustdal og ordførar Arnstein Menes. Foto: HVL, Torkjell Einarson Venjum.

Dialog med forskarar om klima

Med ekstremvêret Hans friskt i minne fekk kronprinsen høyre forskarar fortelle om arbeidet sitt. Eit spørsmål som vart stilt var om klimaendringane kjem til å føre til meir flaum og auka skredfare.

Blant forskarane var geolog Thomas Scheiber, som leiar forskargruppa SKRED. Han fortalde at for å forstå kva slags faktorar som utløyser ulike typar skred, er det viktig å samle inn meir kunnskap. Ein engasjert kronprins stilte fleire spørsmål til Scheiber og dei andre forskarane.

— Eg har tenkt på at det er eit stort ansvar å fatte avgjerder om når det er trygt eller ikkje å vere i eit område, sa kronprinsen.

Han påpeika samtidig at det er særs viktig å auke forskinga og kompetansen om konsekvensane av klimaendringane.

Design uten navn (39).jpgKronprins Haakon i samtale med forskarar frå Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking. Foto: HVL, Torkjell Einarson Venjum. 

Møtte også masterstudentar

Kronprinsen fekk også møte studentar på masterprogrammet Climate Change Management. Dei fortalde om sitt eige engasjement, og at det er givande å studere noko som har ein så avgjerande innverknad på framtida. Masterstudent Astrid Mortensen trakk også fram at det er noko spesielt med å studere Climate Change Management i Sogndal, ein plass der ein er så tett på naturen.

Ved avslutninga av samtalen takka kronprinsen for eit spennande møte:

— Eg kunne lett ha brukt ei veke eller to til her!