Tar opp vanskelege tema på Samtidsdagane

I år inviterer seminaret til samtalar om mellom anna overgrep, barnedød og korleis vi snakkar om døden, seksuelle grenser og fattigdom.

25. og 26 januar er det klart for Samtidsdagane. Store, kontroversielle tema som rører ved dei fleste, står på agendaen. For andre året på rad går det populære seminaret føre seg heildigitalt og blir med det fullt tilgjengeleg for alle ved høgskulen, og i regionen. Psykisk helse og FNs berekraftsmål er dei overordna tematiske kategoriane.

Her finn de program og lenke til seminaret

Portrettbilde av Alf Aronsen– Vi skal innom emosjonelle og sensitive tema i skule, barnehage og helsevesen. Det er vonde tema, som ein av den grunn ofte vegrar seg for å forhalde seg til. Paradoksalt nok ser vi -dessverre – at mange av dei blir stadig meir aktuelle å lære om, og kunne snakke om, fortel Alf H. Aronsen.

I år er det fjortande året han arrangerer Samtidsdagane frå campus Stord. Eit vedvarande ønske har vore å bringe fram samtalar og tema for studentar og tilsette, som det alltid er behov for meir diskusjon om i undervisninga.

Portrettbilde av Sigurd Sandvold– Dette seminaret har vore eit viktig tverrfagleg møtepunkt for studentar, tilsette og praksisinstitusjonar knytta til våre utdanningar på Campus Stord i ei årrekke, fortel Sigurd Sandvold, prodekan for regional utvikling ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Han meiner temaa på programmet tar opp sentral kunnskap som er relevant for livsverda til barn her og no. – Det er viktig at våre studentar er rusta til å møte og undervise i desse temaa, når dei kjem ut i morgondagen sitt arbeidsliv, seier han.

Livet etter sterke og vonde hendingar

Samtalane ein får lytte inn på under seminaret den fyrste dagen, dreier seg om korleis ein skal handtere sterke og vonde hendingar som overgrep og dødsfall.

Mellom anna skal Kristine Berg Titlestad bidra. Ho er forskar ved Institutt for velferd og deltaking, og skal halde innlegg om korleis det er å miste nære personar til dødsfall gjennom narkotika. Titlestad leverte doktorgraden sin om temaet i fjor.

Andre profilar ein kan få med seg den fyrste dagen, er Katrine Sele, forfattar og HVL-tilsett, og mottakar av Språkprisen 2021. Ho bidrar med å utvide perspektiva på det å miste sine nære, gjennom ein samtale om hennar utgiving: «Einars bok».

Forfattar Hilde K. Kvalvaag, gir oss i liknande tematikk, når ho fortel om boka ho skreiv etter sonen sitt sjølvmord. Journalist Vilde Bratland Hansen, skal ta oss med inn i ei historie om overgrep og spiseforstyrringar. Basert på boka hennar «Pappas hemmelighet» skal ho diskutere om vi unngår å snakke om det som er vanskeleg for å skåne våre næraste, fortel han.

Portrettbilde av Svanaug Fjær– I eit litt anna format, bringar seminaret opp tema som kan vere vanskelege å både undervise om, og forske på. At samtalane blir bore av samfunnsaktuelle stemmar frå både HVL og elles i samfunnet, gjer at eg trur det blir ekstra interessant for studentane og dei tilsette, seier Svanaug Fjær, leiar for Institutt for velferd og deltaking.  

Sosiale og klimamessige endringar

Den andre dagen dreier tematikken på seminaret seg meir i retning av både nasjonale og internasjonale samfunnsutfordringar.

– Barn og unge har ein meir seksualisert kvardag enn tidlegare, og samfunnsvitar Ragnhild Lindahl Torstensen tar opp korleis ein kan snakke med dei om grensene deira. Vi får og ein samtale om klimarekneskap og det å leve berekraftig, fortsett Aronsen.

I klimasamtalen skal Leif Tore Trædal, forskingsprogramleiar for berekfraft, medverknad og mangfald på FLKI og Siri Smith, berekraftskoordinator ved HVL, snakke med leiaren i Framtiden i våre hender, Anja Bakken Riise.

– Så løfter vi blikket litt utover og sett søkelyset på flyktningar og flyktningbarn. Pål Nesse frå Norsk organisasjon for asylsøkjarar og barnepsykolog Katrin Glatz Brubakk snakker om kva som skjer med barn som er på flukt. Her kjem også artisten Marthe Valle med i samtalen, og med nokre musikalske bidrag. Så retter vi fokuset mot barn i Noreg, og får forfattar Maria Lavik og Monica Sydgård til å snakke om dei fattige barna i landet. Høgskulelektor Leif Steinar Alfsvåg leier samtalen.

Til sist på dag to, skal vi lære meir om overgrepstematikk, og høyre om den mest omfattande jakta på nettovergriparar i Noreg, Operation Dark Room, fortel Aronsen.

Fleire får sjansen til å delta

Det digitale formatet aukar sjansen for at fleire fagressursar og studentar ved relevante utdanningar frå alle campus, kan få med seg Samtidsdagane.

– Samtidsdagane er svært relevant for mange tilsette og studentar ved vårt institutt, og eg er glad for at dei får sjansen til å ta del i seminaret, sjølv om dei ikkje held til på campus Stord til dagleg, seier Svanaug Fjær.

Alf H. Aronsen har likevel eit håp om ein endra situasjon i 2023.

– Vonleg skal vi feire 15 års jubileum for Samtidsdagane neste år. Eg håper vi kan vere tilbake med fysisk seminar på campus Stord da, men kanskje alt vi har lært om det digitale formatet gjer mogleg ein hybrid løysing, spår han.