
Sette fysisk læringsmiljø på dagsordenen
Torsdag 2. oktober var det møte i Læringsmiljøutvalet i HVL. Plassmangel på campus og tilretteleggingsbehov hos studentane var blant temaa som blei behandla i møtet.
Førre veke møttest Læringsmiljøutvalet (LMU) i HVL til eit heildagsmøte, lagt til campus Bergen. LMU skal blant anna sikre at studentane kan medverke i prosessane som gjeld læringsmiljøet.
Det fysiske læringsmiljøet til studentane blei vigd spesielt stor merksemd i møtet.
– Det som verkeleg kom fram er at vi er for lite flinke til mangfaldig møblering. Vi har for standardiserte leseplassar, seier Endre Laastad, utvalsmedlem og leiar for avdeling for arealforvalting, drift og utvikling.

Avdelingsleiar Endre Laastad stod for omvisinga.
I løpet av møtet 2. oktober tok Laastad med resten av Læringsmiljøutvalet på ei omvising på campus Bergen.
– K1 er bygd slik at du sit og studerer i offentlege areal som gangar, opne plassar og torg. Ein har gått for veldig fast møblering, fortel Laastad.
– Det som blei ein augeopnar for meg er at vi har pultar og stolar som ikkje kan regulerast, legg han til.
Det gjer at studentar som treng slik tilrettelegging ikkje kan bruke dei fleste av plassane. Laastad ser behovet for å gjera dei tilgjengelege leseplassane meir fleksible.
– Tilrettelegging skal ikkje berre vere i lukka areal, men òg i det opne, generelle arealet, seier han.
Mange om beinet i Bergen
To av studentrepresentantane som deltok i møtet er Oda Nordaas Solheim og Linn Karin Østgulen.
– Det blei lagt stor vekt på dette med fysisk og psykososialt læringsmiljø, seier Nordaas Solheim.
– Det var mykje fokus på universell utforming og tilrettelegging, legg Østgulen til.
Dei er glade for at det fysiske læringsmiljøet blir sett på agendaen. Tidvis er det nemleg trongt om plassen på campus Bergen.

Oda Nordaas Solheim og Linn Karin Østgulen.
– Det pleier å vere spesielt problematisk i eksamensperioden. Når det blir skikkeleg tiltak å finne seg ein plass, er det ikkje alltid ein orkar kjempe for det, seier Østgulen.
– Studentar frå andre institusjonar kjem hit fordi plassane våre er så fine, legg Nordaas Solheim til.
Laastad stadfestar dette.
– I periodar har vi fått tilbakemelding om at det er studentar frå andre institusjonar i bygningane våre. Då spør vi om å få sjå HVL-studentkort, og om dei ikkje har det, blir dei vist bort, seier han.
Medlemmar av Læringsmiljøutvalet
Leiar
Anne-Grethe Naustdal, prorektor for utdanning
Studentmedlemmar
- Linn Karin Østgulen
- Oda N. Solheim
- Torbjørn Berg
- Sindre Øyro
- Inger Christin Hystad Barane
Tilsettmedlemmar
- Kristine Selvikvåg Lundervold, vitskapleg tilsett
- Gro Ulland, vitskapleg tilsett
- Robert Isaksen, leiar for avdeling for utvikling av læring og undervisning
- Endre Laastad, avdelingsleiar for arealforvaltning, drift og utvikling
Varamedlemmar
- Rosaline Danielle Erica Barendregt, vara for Robert Isaksen
- Lars Kyte, vara for vitskapleg tilsatte
- Karl Henrik Svensson, vara for Endre Laastad
- Gabriel Frogner, vara for student
Observatørar
- Thomas Mikkelsen, Eining for læringsmiljø og læringsstøtte
- Kari Elisabeth Rimbereid, vara for Thomas Mikkelsen
- Turid Bogetvedt Hitland, Bibliotek
- Camilla Wang Pedersen, vara for Turid Bogetvedt Hitland
- Ingvill Thorkildsen, studentsamskipnaden Saman
- Marianne Bang Hauge, vara for Ingvill Thorkildsen
- Karin Bell, hovudverneombod
- Inge Olav Hauge, vara for Karin Bell
- Lene Beate Kjemphol Loy, studentombod
Sekretær
Aukande behov
I tillegg til dei opent tilgjengelege leseplassane finst det nokre lukka leseplassar, hovudsakleg på K2, som er sett av til studentar som treng særskilt tilrettelegging. Denne gruppa studentar har vakse dei siste åra.
– Vi hadde 54 slike leseplassar, men har auka dei til 61. Likevel er det 19 studentar på venteliste, fortel Laastad.
I hans avdeling sørger dei for at det er areal til slike tilrettelagde studieplassar, men det er ikkje utan utfordringar.
– Då må vi gjerne ta areal frå dei andre leseplassane, seier han.
Ser på løysingar
No skal høgskulen greia ut nye løysingar for å betre det fysiske læringsmiljøet.
– Vi har allereie sett i gang nokre prosjekt der vi ser på moglegheita for å auke mangfaldet av møblering og inventar. Det er tre område som vi skal prøve å fremje ein møbleringsplan på, slik at vi kjem eit stykke på veg med den fleksibiliteten, seier Laastad.
Det inneber blant anna at fleire av dei opne leseplassane skal få pultar og stolar som kan hevast og senkast.
– No går saka vidare til prorektor for utdanning, så skal det undersøkast vidare, seier Østgulen.

Utvalet var innom ulike plassar på campus under omvisinga.
– Campus Bergen blir ein pilot, så ser vi på dei andre campusane. Eg trur vi har eit stykke å gå på alle campusar, seier Laastad.
Studentrepresentantane Nordaas Solheim og Østgulen set pris på jobben utvalet gjer for studentane.
– Du ser at det er folk som verkeleg brenn for studentane. Dei slår eit slag for ein god studiestad, seier Østgulen.

Torsdag 2. oktober møttest Læringsmiljøutvaet til eit heildagsmøte i Bergen.