Tek tak i anbefalingane frå Malthe-Sørenssen-utvalet

Høgskulen og fakulteta har stor merksemd på tilrådingane frå utvalet. – Vi ser særleg på eksamens- og vurderingsformer, men også på læringsmiljø, opplæring og korleis ansvarleg bruk av KI kan bli ein del av emne og studieløp, seier prorektor for utdanning, Anne-Grethe Naustdal.

I lang tid har ho saman med eit sterkt lag beståande av prodekanane for utdanning i alle fakultet, avdeling for utvikling av læring og undervising, avdeling for utdanningskvalitet, avdeling for studieadministrasjon og Studenttinget på Vestlandet arbeidd med å sjå på korleis HVL kan gripa tak i anbefalingane frå Malthe-Sørenssen-utvalet.

Ved juletider i fjor kom dei første anbefalingane og råda frå utvalet. Fredag 6. november kom utvalet sin sluttrapport «NOU 2026: 14 Kunstig intelligens i høyere utdanning: I kunnskapens teneste»

Anbefalingar om heimeeksamen, masteroppgåver og munnlege deleksamenar

Dei tre anbefalingane frå Malthe-Sørenssen-utvalet som har fått størst merksemd er desse

  • Hjemmeeksamen fases ut og erstattes av eksamen under tilsyn, som muntlig eller skriftlig skoleeksamen.

Her ser me spor av ei dreiing i alle fakulteta i HVL som er i tråd med anbefalinga. Dette haustar vi ein del erfaringar rundt no. Så ligg det også eit ressursspørsmål i dette som vi må arbeide med framover.

  • Større, selvstendige arbeider som masteroppgaver suppleres med en eksamensdel under tilsyn, som for eksempel muntlig. Karakteren bør da baseres på en samlet vurdering av begge eksamensdelene.

Alle fakulteta har eit stort omfang av oppgåver på bachelor- og masteroppgåver. Så har vi også veldig mange ulike former for oppgåver som høyrer med i vurderingsarbeidet gjennom eit studieår. Kombinasjonen av det skriftlege og det munnlege er der i dag i mange fag, men vi må ha ein breiare diskusjon om kor vid ramma for justerande munnleg skal vera. Her kan det opna seg for justeringar på kortare sikt. Men det trengst gode avklaringar først.

  • Muntlige deleksamener tas opp med lyd- eller videoopptak så sensuren blir etterprøvbar og studentene sikres klagerett.

Dette er ei anbefaling frå utvalet som krev meir utgreiing hos oss i HVL. Det juridiske må klargjerast, og vil vi og samordne oss med universitets- og høgskulesektoren.

Stor merksemd på ansvarleg bruk av kunstig intelligens

Naustdal seier at nokre tiltak frå Malthe-Sørenssen-utvalet har kort horisont. Andre trengs det meir tid med.

– Det vil vi konkretisere og signalisere inn i høyringa på utvalet sin rapport. Den har frist 10. februar.

Naustdal seier at arbeidet framover i HVL vil handle om meir enn eksamens- og vurderingsformer. Innhaldet i utdanningane og ansvarleg bruk av KI vil ha stor merksemd.

– Vi arbeider mykje med vurdering, både undervegsvurdering og sluttvurdering. Men ansvarleg bruk av KI i måten vi underviser på, i måten vi reviderer og utviklar emna og studieløpa våre på, er også viktig å ha for auge. Så må vi ta høgde for at faga våre er ulike. Dei har sin eigenart. Det er viktige tilhøve å ivareta.

Må sjå på ressursbruken

Ressursbruken vil og vera eit tema. Omleggingar og endringar vil medføre at HVL må sjå på ressursbruken.

~ Det blir viktig å ta dette inn i opplæring, rettleiing og kursing av både tilsette og studentar. Her har vi gode ressursar gjennom avdeling for utvikling av læring og undervising, og ikkje minst har vi sterke fagkrefter gjennom høgskulen si eiga KI-ressursgruppe.

Viktige diskusjonar i ulike utval

Ho er glad for at alle fakulteta er i full gang med arbeidet med å følgje opp anbefalingane frå Malthe-Sørenssen-utvalet .

– Spora av dette ser vi fakulteta sine utdanningsutval, i høgskulen sitt utdanningsutval og i læringsmiljøutvalet vårt. Eg vil oppmoda alle til å ta del i drøftingar og diskusjonar både her i HVL, men og nasjonalt.

Kommande veke er det møte i Læringsmiljøutvalet i høgskulen og saka om «Kunstig intelligens, læringsmiljø og læringsutbytte ved HVL» står på dagsorden.

– Eg vil anbefale alle å lese sakspapira og følgje strøyminga av møte. Vi må dele, samordne oss og hjelpe kvarandre fram til kunnskap og erfaringar. Vi treng å vera opne, nyfikne – men og ha ei kritisk tilnærming.

Kommande veke er KI tema på UHR-konferansen som vert strøyma.