Fekk lokale innspel om kunstig intelligens i høgare utdanning

Moglegheiter og utfordringar med den nye teknologien var tema då det nasjonale utvalet om kunstig intelligens (KI) i høgare utdanning besøkte HVL.

Det nasjonale utvalet om kunstig intelligens i høgare utdanning, Malthe-Sørenssen-utvalet, reiser i år rundt i utdanningsnoreg for å samla innspel frå høgare utdanningsinstitusjonar. Når dei onsdag 26. juni la turen innom Bergen for å samla inn innspel, var HVL vertskap.

Representantar både frå HVL og andre utdanningsinstitusjonar la turen innom møtet, og både moglegheiter og utfordringar med den nye teknologien blei lufta.

Rektor Gunnar Yttri starta seansen med å ønske forsamlinga velkommen til HVL.

bilde av Gunnar Yttri

Gunnar Yttri

Rektor

Yttri peikte på moglegheiter og utfordringar med ny teknologi, som KI, og trekte fram kor viktig det er at digitaliseringa i samfunnet skal utførast på ein god måte, der teknologien blir eit verkemiddel som styrker både menneske og samfunn.

Her for å lytte

Det nasjonale KI-utvalet blir leia av fysikkprofessor ved Universitetet i Oslo, Anders Malthe-Sørenssen. Han og to andre medlemmer av utvalet var til stades på innspelsmøtet.

– I dag skal vi frå utvalet vere her for å lytte, innleia Malthe-Sørenssen.

I tillegg til å presentere spørsmåla frå utvalet, trekte han fram eigne erfaringar med KI i undervising. 

– Ei av utfordringane mine når eg underviser fysikk, er at språkmodellen svarer heilt riktig på oppgåvene eg gir studentane. Språkmodellen kan installerast lokalt og er ikkje avhengig av internett. Dette er eit fantastisk verktøy for studentane, men det er utfordrande med tanke på eksamen, sa han.

Utvalsleiaren peikte òg på at KI er eit område der studentar spør etter tydelege retningslinjer, samtidig som det er svært ulikt i kva grad studentar bruker desse verktøya.

– Nokre studentar bruker dette på ein god måte og har det som ein god læringspartnar, medan andre omtrent ikkje veit at det finst, sa Malthe-Sørenssen.

Utfordrande å følge utviklinga

Prorektor for utdanning, Anne-Grethe Naustdal, starta runden med lokale innspel. Ho lufta nokre av dei førebelse generelle utspela frå HVL, angåande utfordringar og moglegheiter med KI.

– Vi i HVL finn at den største utfordringa med KI i høgare utdanning er å følge med på utviklinga etter kvart som KI blir ein meir og meir integrert del av kvardagen, sa ho.

bilde av Anne-Grethe Naustdal

Anne-Grethe Naustdal

Prorektor for utdanning

– Om utviklinga held fram i same takt, kan vi sjå føre oss ei verd der KI både kan utforme og svare på digitale oppgåver raskare enn menneske, sa prorektoren.

Naustdal tok til orde for at studentar og tilsette saman kan bygge kunnskap om KI, basert på felles undring og utforsking, i tillegg til at dagens vurderingsformer bør gjennomgåast.

– Vi må stille oss spørsmålet om kva det eigentleg er vi ønsker å vurdere. Vurderinga bør i større grad bli sett som ein arena for refleksjon og utvikling, heller enn berre for å måle kva vi har lært, sa ho.

Naustdal nemnde òg at opplæring i KI er ein pågåande prosess, som krev nasjonale tiltak, finansiering og utviling av felles ressursar.

Påtroppande visedekan for Det medisinske fakultet ved UiB, Reidun Kjome.

Bekymra over eigarskap

Blant dei som kom med innspel var Reidun Kjome, påtroppande visedekan ved Det medisinske fakultet ved UiB.

– Denne teknologien kjem til å endre medisinen og korleis alle helsefaga utøver sine yrke, innleia ho.

Sjølv om ho ser store moglegheiter i teknolgien, lufta ho fleire bekymringar. Blant anna potensialet for å forsterka sosial ulikskap blant studentane.

– Gjer teknologien berre sånn at dei allereie flinke studentane blir betre? spurde ho.

I tillegg var ho skeptisk til kven som eig mange av dei KI-modellane vi bruker, og ho samanlikna bruken av desse med måten mange bruker Facebook.

– Vi tar det ukritisk i bruk, sa ho.

– Gjer vi oss avhengige av modellar som seinare vil bli selde til oss for åtskillig meir pengar? la ho til.

Ho stilte òg spørsmål om kvifor rike Noreg ikkje utviklar fleire slike modellar og system sjølv.

Førsteamanuensis Jan Reinert Karlsen, frå Senter for vitskapsteori ved UiB, meiner KI rokkar ved kjernen av sjølve universitetet.

Mandatet til universiteta

Førsteamanuensis Jan Reinert Karlsen, frå Senter for vitskapsteori ved UiB, lufta òg fleire bekymringar. 

– I kjernen av universitetet er at vi kan autorisere folks kunnskap med eit diplom. Der vi er no, risikerer vi å autorisere menneske med ein viss kompetanse, som ikkje har den, sa han.

Han stilte spørsmål ved kven det eigentleg er som har produsert ein tekst, viss det er kunstig intelligens som har generert den.

– Vi veit jo at studentar med ureint mjøl i posen kjøper mastergrader. Kva er forskjellen på å kjøpe ein mastergrad, rett nok med ein større kostnad, og å bruke KI til å skrive ein mastergrad? spurde Karlsen.

Han trekte òg fram noko av kritikken mot utdanningssektoren i dag: at institusjonane har blitt ein utdanningsfabrikk. Dette sette han i motsetnad til danningsmandatet til universiteta.

– Desse generative KI-modellane kan forsterka den trenden. Vi kan bli endå meir masseproduserande, sa han.

– Det er viktig å tenke over alvoret som ligg i dette. Når vi diskuterer dette, er det veldig lett å seie at dette skal vi implementere. Men her må vi også, som del av mandatet til universitetet, vere reflekterte og kritiske, la Karlsen til.

Her trekte Karlsen fram Harvard University, som driv med det han kallar ei ansvarleg eksperimentering med teknologien.

– Vi må gå inn i dette med nyfikne og kritisk sans, sa Karlsen.

– Viss vi går inn i det med tanken om at vi berre skal innføre det, går vi ikkje inn i det som eit universitet. 

Treng ein nasjonal politikk

Kristoffer Jul-Larsen er førsteamanuensis ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, og han arbeider blant anna med grunnnskulelærarutdanning ved HVL.

– Faglærarar melder tilbake om studentar som viser ganske manglande interesse og nysgjerrigheit for fagleg innhald. Det er ikkje noko nytt, sa han under innspelsrunden.

– Ein måte vi har bygd slik nyfikne tidlegare, er ved sjølvstendig arbeid med tekst. Språkmodellane gjer denne prosessen vanskelegare, sa han.

bilde av Kristoffer Jul-Larsen

Kristoffer Jul-Larsen

Førsteamanuensis

Han nemnde i tillegg problema med berekraft og energi- og vassforbruk knytt til mange av dei store språkmodellane, og han etterlyste ein heilskapleg nasjonal politikk på området.

 – Store språkmodellar fungerer som gode læringspartnarar, kan vera ei utfordring for bygging av læringsmiljø. Det å tole friksjonen i mellommenneskeleg arbeid er noko av det sentrale studentane skal gjennom i lærarutdanningane, sa Jul-Larsen.

– Ein kunnskapslaus bruk av KI er ein dårleg bruk av KI. Det ser vi i oppgåvesvara vi møter.

Gode innspel

Etter ein produktivt og engasjerande seanse, er innspelsmøtet over.

Prorektor for utdanning, Anne-Grethe Naustdal oppsummerer møtet slik:

– Det var eit veldig interessant innspelsmøte om KI. Det kom inn viktige innspel frå fleire av våre fagmiljø.

– KI utfordrar oss særleg både pedagogisk og fagleg. Studentane blir utfordra i høve læring. Eg ser veldig fram til den NOU-en som kjem ca i oktober 2026.

bilde av Anne-Grethe Naustdal

Anne-Grethe Naustdal

Prorektor for utdanning

Du kan framleis komme med innspel

Sjølv om innspelsmøtet i Bergen er over, kan HVL-tilsett framleis få sine meiningar høyrde. Du kan til dømes sende inn innspel til KI-utvalet via deira eige skjema. I tillegg kan du sende e-post til koordineringsgruppa for KI ved HVL på e-posten KI@hvl.no. Dette må gjerast innan 1. september.

Vi oppfordrar tilsette til å delta aktivt og bidra med sine innspel. Saman kan vi sikre at perspektiva og erfaringane frå HVL blir høyrde og tatt med i vurderinga av KI si framtid i høgare utdanning.

Skal sendast i september

Skriftlege innspel til KI-utvalet skal sendast frå HVL innan slutten av september. Innspela frå HVL blir sende ut frå leiarnivå og baserer seg på det som kjem tinn til KI-koordineringsgruppa og leiare, i tilleg til tidlegare kartleggingar og innspel om KI, til dømes gjennom VINST-alliansen.

Du finn meir informasjon om KI-utvalet og innspelsrunden på denne lenka.

Her er spørsmåla frå utvalet

Utvalet ønsker å få innspel på desse problemstillingane:

  • Kva er den største utfordringa med KI i høgare utdanning?
  • Korleis ser teknologien og høgare utdanning ut ti år fram i tid?
  • Korleis kan utdanningane førebu studentene på eit samfunn og arbeidsliv der KI får auka betydning? Kva blir viktigare, og kva blir mindre viktig å lære?
  • Korleis skal ein gjennomføre eksamen og vurdering?
  • Kva tilpassingar av vurderingsformer kan gjerast i lys av KI-utviklinga?
  • Kva slags ferdigheiter treng studentene innanfor bruk av KI, og bør utdanningsinstitusjonane gi spesifikk opplæring og rettleiing?
  • Kva moglegheiter og utfordringar gir KI i undervising og læringsaktivitetar?
  • Kva har KI å si for masteroppgåva og andre langsvarsoppgåver?
  • Kva skal til for at fagleg tilsette har kompetanse til å handtere KI på ein utdanningsfagleg god måte?
  • Kva behov er det for nasjonale tiltak og løysingar kontra lokale når det gjeld KI i høgare utdanning?
  • Kva særtrekk ved utdanningane – fagområde og enkeltutdanningar – krev at KI blir handtert annleis enn i høgare utdanning generelt?