Nominasjon til utdanningskvalitetsprisen 2023
No kan du føreslå kandidatar til utdanningskvalitetsprisen for 2023. Fristen for å nominere er 1. november.
Utdanningskvalitetsprisen er ein årleg pris som er oppretta for å gi anerkjenning til fagmiljø eller enkeltpersonar som har gjort ein markert innsats i arbeidet for å utvikle utdanningskvaliteten innan eit fagområde eller eit studium ved HVL.
Prisen er meint å inspirere fagmiljø til å arbeide systematisk med å betre utdanningskvaliteten.
Korleis prisen vert delt ut
Utdanningsutvalet har satt ned ein jury som skal vurdere dei nominerte og gjere vedtak om kven som skal få prisen. Prisen vert delt ut i midten av desember.
Ved tildeling av prisen vil det bli lagt vekt på følgjande:
- Systematisk innsats for å utvikle kvalitet i utdanninga og god tilrettelegging for studentane sitt læringsarbeid.
- God evne til undervisning og samhandling med studentane, og bruk av nyskapande, varierte og studentaktive arbeids- og vurderingsformer.
- Systematisk arbeid med mellom anna forskingsbasert undervising, internasjonalisering og studentevaluering.
- Innsats for eiga fagleg og pedagogisk utvikling.
Her finn du retningslinjer for tildeling av prisen.
Korleis du kan føreslå kandidatar
Forslag til prisvinnar sender du inn i dette skjemaet: https://www.survey-xact.no/LinkCollector?key=NQHEQKCMSP9N
Alle tilsette, studentar og formelle høgskule- og studentorgan kan føreslå kandidatar. Forslaga må vere grunngjevne.
Send inn skjemaet innan 1. november.
Tidlegare vinnarar av utdanningskvalitetsprisen ved HVL
- 2022: Knut Eriksen Eide fikk utdanningskvalitetsprisen for 2022
- 2021: Utdanningskvalitetsprisen gjekk til lærargruppa på campus Førde
- 2020: Irina Pavlova fikk utdanningskvalitetsprisen for 2020
Kontakt:
Spørsmål kan rettast til Øystein Backelin, rådgivar i Avdeling for utdanningskvalitet.