
HVL lanserer ny handlingsplan for likestilling, mangfald og inkludering
Den nye planen skal bidra til at studentar og tilsette kjenner seg heime ved Høgskulen på Vestlandet.
– Vi er med på å forme samfunnet rundt oss. I ei tid der likestilling og mangfald er under hardt press i mange land, kjenner eg både stoltheit og ansvar for å bidra til denne viktige delen av samfunnsoppdraget til HVL, seier Irina Pavlova.
Ho er førstelektor ved HVL og ein av dei som har vore med på å utarbeidd den nye handlingsplanen.
Flyttar arbeidet nærare kvardagen til studentar og tilsette
– Det viktigaste bidraget er at arbeidet blir endå meir systematisk. Alle fakultet, administrative einingar og Studenttinget får i oppgåve å identifisere eigne område for langsiktige, strategiske og lokale tiltak. Dette arbeidet blir dermed flytta nærare kvardagen til studentar og tilsette, forklarar ho.
Pavlova påpeikar at det overordna målet er ganske enkelt, nemleg at fleire skal kjenne at dei høyrer til ved HVL.
– Det kan handle om å sjå eit større mangfald av rollemodellar i undervisning, forsking og kommunikasjon. Det kan handle om meir gjennomtenkte rutinar i rekruttering, større fokus på livsfasepolitikk eller sikring av universell utforming på digitale og fysiske møteplassar, seier ho.

Irina Pavlova er sosiolog og tilsettrepresentant i HVL sitt råd for likestilling, mangfald og inkludering. – Det trengst kollektiv handling for å skape endring, seier ho.
– Alle skal føle seg sett og respektert
Studentrepresentant Shifa Noureen har også vore med på å utarbeide planen. Ho er opptatt av at alle skal føle seg sett og respektert, uansett bakgrunn.
– I rådet har mi rolle vore å løfte fram studentperspektivet, og bidra med innspel om kva som kan betre studentkvardagen, og korleis vi kan nå ut til flest mogleg på HVL, seier ho.
Handlingsplanen slår fast nulltoleranse mot diskriminering, rasisme, trakassering og mobbing. For Shifa Noureen er dette avgjerande.
– Det er skrive inn konkrete rutinar for kva som skal gjerast dersom slikt skjer. Når dei følgjast, blir det lettare for studentar å seie ifrå, seier ho.
Noureen trur at tiltaka vil bidra til at fleire studentar føler seg trygge og inkluderte på HVL. Det handlar mellom anna om betre tilrettelegging, meir kunnskap om mangfald og tydelegare arbeid mot diskriminering og trakassering.
– Ved å aktivt jobbe med tiltaka i handlingsplanen, skaper vi eit miljø der alle studentar føler seg sett.
Noureen understrekar òg at arbeidet har ei personleg side.
– Som muslimsk kvinne med utanlandsk bakgrunn, er dette arbeidet ekstremt viktig for meg. Eg har personleg kjent på korleis det kjennest å ikkje bli tatt på alvor. Korleis det kjennest å bli oversett, og korleis det følast å ikkje bli inkludert i miljø der eg har hatt lyst til å passe inn.

Shifa Noureen
– Eit arbeid som skal nå heile organisasjonen
HVL sin førre handlingsplan på feltet vart vedtatt i 2020, så tida var no inne for ein revisjon.
– Vi må ha ein politikk for likestilling, inkludering og mangfald som tek omsyn til oppdaterte krav og forventningar til oss. Den må også ta opp utviklinga i høgskulen, mellom anna at vi snart er eit universitet, seier Tage Båtsvik.
Han er organisasjonsdirektør ved HVL og leiar institusjonen sitt råd for Likestilling, inkludering og mangfald.
– I den nye planen har vi gjort tiltaka tydelegare og meir spissa. Vi har også vektlagt at ansvaret for tiltaka vert lagt ut i organisasjonen, til ulike leiarnivå. I tillegg har vi vektlagt at leiarane og einingane må utvikla eigne tiltak som er tilpassa det utfordringsbilete dei har, seier Båtsvik.
Organisasjonsdirektøren peikar på at det er ei klar kopling til HVL sin strategi der inkludere er ein av dei tre verdiane: «Vi møter alle med respekt og omtanke, ved å inkludere verdset vi mangfald og fremjar fagleg utvikling, tryggleik og trivsel». Handlingsplanen og tiltaka skal bidra til at vi oppnår dette.

Tage Båtsvik. Foto: HVL/Ingvild F. Melien
Rådet for likestilling, mangfald og inkludering
- Rådet for likestilling, mangfald og inkludering ved HVL består av sju medlemmer og seks vararepresentantar.
- Rådets skal fremje reell likestilling, mangfald og inkludering ved Høgskulen på Vestlandet.
- Rådet skal bidra til at det ved Høgskulen på Vestlandet ikke skjer diskriminering av studentar og tilsette basert på kjønn, etnisitet, nasjonalt opphav, hudfarge, språk, religion og livssyn, politisk syn, organisasjonstilknyting, seksuell orientering, funksjonsevne, alder og andre forhold.
- Les meir om mandat og medlemmar: Rådet for likestilling, mangfold og inkludering
Handlingsplan for likestilling, inkludering og mangfald 2026-2030
Lenke til handlingsplanen på norsk
Action Plan for Equality, Inclusion and Diversity (english version)
Rådet har utarbeida forslag til handlingsplan. Denne er drøfta med hovudtillitsvalde, vore sak med høve til innspel frå HVL-leiinga og lagt fram for Arbeidsmiljøutvalet for innspel derfrå. Hovudverneombodet har også gitt innspel til planen. Handlingsplanen er vedtatt av rektor.