Ny master i kunstfag opnar for fordjuping og kreativt samspel

Er du lærar i skulen eller kulturskulen? Er du kunstnar eller kulturarbeidar? Frå hausten 2022 har du sjansen til å ta master i kunstfag ved Høgskulen på Vestlandet.

Masterprogrammet er organisert som eit samlingsbasert og nettstøtta deltidsstudium og normert studietid er på fire år.

– Dette masterstudiet er relevant for mange menneske med ulike faglege bakgrunnar – alt frå kunstnarar og kulturarbeidarar til lærarar og musikkterapeutar. Vi håper å skape eit heilt unikt læringsmiljø der ein kan lære, diskutere og la seg inspirere av kvarandre – noko dette masterprogrammet gir rom til, seier Oded Ben-Horin, instituttleiar ved Institutt for kunstfag. 

Fire ulike kunstformar

Master i kunstfag er ei ny utdanning som bygger på fire eksisterande masterprogram, noko som vert reflektert i dei fire studieretningane du kan velje: 

  • Anvendt drama og teater 
  • Barne- og ungdomslitteratur 
  • Kunst og handverk 
  • Musikk 

– Som student har du moglegheit til å fordjupe deg i di studieretning, samstundes som vi i fellesemna løfter fram felles perspektiv på kreativitet, estetikk og læring, fortel Åsmund Espeland, høgskulelektor ved Institutt for kunstfag.

Han har vore sentral i å utarbeide den nye mastertilbodet. 

Under utdanninga skal ein kunne sjå teori i lys av praksis, blant anna skal studentane i eit av fellesemna i mastergraden gjennomføre eit skapande prosjekt som dei utviklar saman på tvers av studieretningsfaga.

Noko meir enn rein lærarutdanning 

Masterutdanninga er absolutt relevant for arbeid i skule, samstundes viser samfunnsutviklinga at behovet for menneske med kompetanse om kreativ læring og formidling aukar også elles i samfunnet.

– Om du er kulturarbeidar eller kunstnar vil denne utdanninga kunne styrke kompetansen din og gi deg kunnskapar og ferdigheiter i det å formidle og bruke kreativitet i samhandling med andre, blant anna i opplæring, Workshops og i anna formidlingsaktivitet, seier Espeland.

Ein fullført master i kunstfag vil kvalifisere deg for opptak til ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksiser og andre ph.d.-studier. 

Les meir om utdanninga her.