Nytt prosjekt blir møteplass for studentar og næringsliv i Sogn

Korleis kan ein auke samspelet mellom høgskulen og aktørar i samfunnet? Dette spørsmålet står sentralt i eit nytt samarbeidsprosjekt igangsett av høgskulen på Vestlandet, Sogndal kommune og Sogn regionråd.

– Dette prosjektet tar utgangspunkt i noko av det som er viktigast for Høgskulen på Vestlandet – å kople oss på verkelege utfordringar i samfunnet og forsøke å løyse dei. Vi har alle mykje å lære av kvarandre!

Dette seier Ellen Eimhjellen Blom, førsteamanuensis ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI). Det snakkast mykje om tverrfaglegheit og samarbeid, men det kan være vanskeleg å få til i praksis. Samskaping for eit berekraftig Sogn tar utfordringa. No har prosjektet blitt tildelt i underkant av fem millionar frå Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir).

– Målet er å få til ei reell kunnskapsutveksling mellom arbeidsliv, frivillige organisasjonar og oss på Høgskulen på Vestlandet, og det er utruleg bra at vi har fått denne tildelinga, seier Blom.

Tettare kontakt

Ho har vore sentral i å utarbeide prosjektet, som er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet, Sogndal kommune og Sogn regionråd. Det heile starta hausten 2020, då Sogndal kommune tok kontakt med Høgskulen på Vestlandet. Kommunen ønska å inngå eit samarbeid for å sjå nærare på det fysiske aktivitetsnivået til folk i regionen, og undersøke korleis faktorar som sosial ulikheit påverkar helsa til folk.

­–  Å bidra med faglege kompetanse for å løyse slike utfordringar er noko av det viktigaste Høgskulen på Vestlandet kan gjere! Og vi såg at det var mykje å tene på å løyse dette saman, for både oss og kommunen, seier Blom.

Spelar kvarandre gode

Både kommunen og Høgskulen på Vestlandet var engasjert i å finne måtar å vidareutvikle samarbeidet også på andre område. Det blei satt saman ei prosjektgruppe der alle fakulteta ved høgskulen vart representerte, og denne gruppa arbeidde i lag med Sogndal kommune og Sogn regionråd. Eit viktig mål var å flette ambisjonane om samarbeid og tverrfaglegheit saman med fagtilbodet til høgskulen.

– Vi utviklar emnet «Berekraftig samskaping» som rettar seg mot studentar, dessutan også mot tilsette i private og offentlege verksemder, samt frivillige organisasjonar, forklare Blom.

Emnet vil byggast opp med å ha konkrete oppgåver som spelast inn frå næringsliv, kommune og frivillige organisasjonar som utgangspunkt. Problemstillingane skal ha fokus på berekraftig regional utvikling spesielt innan tema som miljø, folkehelse, oppvekst og digitalisering. Målet er å spele kvarandre gode og saman finne fram til løysingar på relevante utfordringar. Blom trur fagtilbodet vil kunne auke kompetansen til personar som allereie er i arbeid, men trekker også fram at dette har stor relevans for studentar ved høgskulen:

– Me veit at det er viktig for studentar å kjenne seg trygge på at utdanninga deira førebur dei på arbeidslivet. Gjennom dette emnet vil ein få sjansen til å utvikle viktige ferdigheiter som kreativitet, kritisk tenking, kommunikasjon og samarbeid i arbeid med ein konkret utfordring henta frå arbeidslivet

Bygger fysiske og digitale møteplassar

– Me ønsker å rive ned dei siloane me har ein tendens til å hamne i, spesielt i utdanningssektoren. Eit viktig verkemedel er å ha gode møteplassar, seier Blom.

Ho peiker på at det er eit enormt pluss å knytte forskingsarbeid og studieprosjekt til konkrete utfordringar frå arbeidslivet. Dette prosjektet vil gjere det lettare ved å skape fleire kontaktpunkt. Ei sentral målsetting er å utvikle ei aktivitetsløe.

– Det blir ein undervisningshub - ein arena for læring, men også ein plass der studentar, tilsette ved høgskulen, arbeidslivsaktørar og andre innbyggarar kan samlast, forklarer Blom.

I tillegg er målet å opprette eit digitalt forum der bedrifter, offentlege instansar og frivillige organisasjonar kan melde inn problemstillingar som studentar og faglærarar kan ta vidare.

Førsteamanuensis
Institutt for idrett, kosthald og naturfag