Nytt utvekslingstilbod rustar lærarstudentar til viktige samtalar om mangfald og berekraft

Korleis kan ein lærar hjelpe elevane sine til å forstå verdien av mangfald i natur, språk eller kultur? Eit utvekslingsprosjekt med Italia og Spania skal sette lærarstudentane på sporet av dette.

Utveksling, berekraft og ei meir open undervisningsform står sentralt i prosjektet Green dialogues som har fått pengestøtte frå Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HKdir)under NOTED som støtte til utdanningssamarbeid og studentutveksling mellom lærerutdanningsinstitusjoner i Norge og i utlandet. Prosjektet skal tilby utveksling mellom Noreg, Italia og Spania til lærarstudentar innan litteratur – og språk.

– Det er utruleg kjekt at dette prosjekt har blitt tildelt midlar! Det er ein tydeleg tillitserklæring, og eg kjenner på presset om å levere eit så godt tilbod som mogleg, seier professor Nina Goga. 

Ho har i lag med samarbeidspartnarar ved Universitetet i Padova og det Internasjonale Universitetet i Catalonia (UiC) utvikla tilbodet som rettar seg mot lærarstudentar i litteratur og språk. 

– For oss har det vore viktig å utvikle fagtilbodet med utgangspunkt i ein tanke om at det skal vere ei reel utveksling av tankar og idear. Du skal ikkje berre bo og studere i eit anna land, vi ønskjer å sette studenten i kontakt med det spesielle på staden dei vel – språket, litteraturen og kulturen, seier Goga. 

Jobbar for ei meir berekraftig verd

Tilbodet har vakse ut av eit viktig spørsmål: Korleis kan ein som litteratur- og språklærar bidra til å sette i gang refleksjonar omkring verdien av mangfald – enten det er i naturen, språket eller kulturen? Og innsikta om at dersom vi skal greie å oppnå berekraftsmåla sett av FN, er det nødvendig å bringe fram ei ny bevisstheit og forståing – eit nytt blikk på verda.

– Nedfelt i faga er ein tanke om å fremme berekraft, men vi er ikkje opptekne av å fortelje folk kva dei skal meine. Målet er å vere nysgjerrig, utforskande og open for nye tankar og perspektiv. 

Dette vil ein sjå i tematikken i faga  - der ein blant anna kan studere korleis barnelitteratur skildrar naturen eller sjå nærare på samanhengane mellom språkleg mangfald og berekraft. Men openheita ligg også i forma undervisninga har. 

Dialoglaboratorium

– Vi er opptekne av å utvikle undervisningsformer som er litt annleis - eit slags dialoglaboratorium der studentane får lov til å delta i opne samtalar og forme undervisninga, blant anna gjennom val av tematikk eller litteratur. 

At kultur - og kunnskapsutveksling er innarbeidd både i tematikk og i måten det blir undervist på trur Goga kjem til å bidra i arbeidet for å skape ei grønare og betre verd. Håpet er å inkludere studentane i arbeidet med å synleggjere dette spennande eksperimentet, blant anna gjennom alumniordningar og publisering av artiklar.

– Vi ønskjer å auke den dialogiske kompetansen og trur det er mykje å hente i det å utforske noko i lag, vere kritiske og reflektere meir ope om det. Dette er noko studentane kan ta med seg vidare til eiga undervising i skulen.

bilde av Nina Goga

Nina Goga

Professor