Ønskjer fleire kvinner i faglege toppstillingar

Kjønnsfordelinga i faglege toppstillingar innan matematikk og naturvitskap er i sterk ubalanse. Det vil professor Lise Bjørkhaug Gundersen gjere noko med.

Lise Bjørkhaug Gundersen er professor i molekylærbiologi ved HVL. Her underviser ho framtidige bioingeniørar og forskar på samanhengar mellom genetikk og utvikling av arveleg diabetes. Tidlegare har ho også vore prodekan for forsking ved HVL.

Som professor har ho gått til topps i dei akademiske gradene. Men ho er ikkje i godt selskap. Statistikken viser at kvinner er underrepresentert blant faglege toppstillingar norsk forsking. Ifølgje HK-dir sin tilstandsrapport for høgare utdanning 2023, var kun 36 prosent av professorane og dosentane kvinner.

Men innan områda matematikk og naturvitskap er situasjonen enno verre. I 2022 var andelen kvinnelege professorar 28 prosent, medan andelen berre var 19 prosent innan teknologi.

Kva kan årsakene til dette vere?

Kjønnsubalanse over tid

Det er rett og slett vanskeleg å gi eit klart svar på, meiner Lise Bjørkhaug Gundersen. Men ho har nokre tankar om kvifor strukturane er seige å endre.

– Enkelte real- og ingeniørfag har vore mannsdominert lenge. Det skapar kanskje ei viss kulturhaldning, både i samfunnet og i enkelte fagmiljø, når mønsteret har vore slik over lang tid.

Ho trur dei fleste er einige om at kjønnsbalanse er sunt for eitkvart fagmiljø, både fagleg og sosialt.

– Ein balansert stab, i alle stillingskategoriar, er både viktig for den kjønnsbalanserte rekrutteringa av tilsette og studentar, og for godt samarbeid og trivsel. Å ikkje ha kontinuerleg fokus på dette, trur eg er ein bidragsytar til at endringar ikkje skjer, seier ho.

Ho viser til at nokre institutt har ein viss lik balanse på førstestillingsnivå, andre ikkje. Men når det kjem til professorstillingane, er det mennene som dominerer. 

– Det kan kanskje handle om at menn klarar å komme seg i ein betre posisjon der dei kan jobbe mot opprykk, eller det kan ligge i tilsettingane. Dette har vi ikkje kartlagt enno, legg ho til.

1 million kroner til balanseprosjekt

Nyleg fekk HVL-professoren 1 million kroner frå Forskningsrådet til eit prosjekt der ho mellom anna vil satse på kulturendring gjennom leiing og organisasjonsutvikling.

Ved HVL blei to fakultet slått saman til eit nytt fakultet 1. januar i år. Etableringa av den nye organisasjonen i Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap, meiner ho gir eit godt høve til ein frisk start.  

Saman med forskingsrådgjevar Bente Karin Hoddevik Ulvestad er planen å iverksette fire arbeidspakkar i det nye fakultet. Første oppgåve blir å identifisere dei spesifikke utfordringane i kvart institutt knytt til rekruttering og tilsetjingar innan forskarutdanning, faste stillingar og moglegheiter for opprykk. Dernest vil dei auke kompetansen på leiarnivå og ansvarleggjere leiarar som skal implementere kunnskapen i organisasjonen. I tillegg vil dei ha fokusgrupper med kvinner der karriereplanlegging og opprykksrettleiing vil vere tema.

– Å satse på kulturendring gjennom leiings- og organisasjonsutvikling meiner vi er viktig. Leiarar er til dømes sentrale i tilsetjingsprosessar og arbeidsfordeling blant tilsette. Organisasjonen har også et ansvar i å jobbe målretta med dette, og følge opp sin eigen handlingsplan for likestilling, mangfald og inkludering, understrekar Gundersen.

Løfter temaet i fakultetet

Dekan ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap Jens Kristian Fosse er glad for at prosjektet kjem i gang og er opptatt av at arbeidet med kjønnsbalanse får ein god start i det nye fakultetet.

– Som prodekan for forsking ved tidlegare Fakultet for ingeniør- og naturvitskap, bidrog Lise til å få på plass stipend til arbeid med opprykk for å betre kjønnsbalansen. Dette prosjektet tar arbeidet eitt steg vidare, frå det individuelle til det strukturelle, og løfter temaet for heile fakultetet. Eg er difor veldig glad for at dette prosjektet kjem i gang, seier Fosse.

Prosjektet startar opp i april 2024 og skal gå over to år.