Fleire vil bli lærar og sjukepleiar ved Høgskulen på Vestlandet

Interessa for å studere ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) held seg på eit høgt nivå. Ved fleire utdanningar er det skjerpa konkurranse om plassane.

Heile 7339 personar har fått tilbod om studieplass ved HVL til hausten, viser tal frå Samordna opptak. Det er nesten 400 fleire enn i fjor.

– Vi ser fram til å ta imot dei nye studentane i august, seier prorektor for utdanning, Anne-Grethe Naustdal.

Ho er glad for at så mange vel utdanningar som det er stort behov for i samfunnet.

– Vi ser stor interesse for lærarutdanningane, helse- og sosialfaga og fleire av ingeniørutdanningane våre. Dette er viktig både for Vestlandet og landet elles.

Auke for lærar, men framleis ledige plassar

Grunnskulelærarutdanningane er blant studia som styrkar seg mest ved HVL. I alt er det sendt ut 760 tilbod. Det er 116 fleire enn i fjor. HVL er dermed den institusjonen med størst positiv endring på landsbasis, når det gjeld utsende tilbod på lærarutdanningane.

– Vi har arbeidd målretta med rekruttering til læraryrket over fleire år, og det er flott å sjå at fleire kvalifiserte søkarar ønskjer seg til utdanningane våre, seier Naustdal.

Ho trekker fram at HVL i år også tilbyr ei samlingsbasert grunnskulelærarutdanning i Sogndal.

– Vi ønskjer å gjere lærarutdanning tilgjengeleg for fleire. Difor tilbyr vi både campusbaserte og samlingsbaserte utdanningar.

Sjølv om dei samla tala er gode, er studenttala ved grunnskulelærarutdanningane og barnehagelærarutdanningane på Stord og i Sogndal svakare.

– Dette tek vi på største alvor. Vi satsar difor på nye måtar å organisere studiet på.

Barnehagelærarutdanninga har framleis utfordringar med rekrutteringa, sjølv om talet på utsende tilbod har auka med 72 frå i fjor.

– Vi håpar å hente inn fleire studentar gjennom ledige studieplassar i Samordna opptak. Erfaringa viser at mykje kan skje fram mot studiestart, seier Naustdal.

Stor interesse for nautikk og elektroteknologi

For andre år på rad er det ei positiv utvikling for ingeniørutdanningane ved HVL.

Marinteknikk, maskiningeniør og kjemiingeniør har alle eit oppsving i år. Også nautikkutdanninga i Haugesund held fram den positive utviklinga, og har ei solid venteliste. Det er også stor interesse for deltidsutdanninga i elektroteknologi, som starta opp i ved HVL campus Førde i fjor.

Bachelorutdanningane i informasjonsteknologi og dataingeniør i Bergen har derimot svakare tal, og studiet blir derfor lyst ut gjennom ledige studieplassar.

– Det er synd at både vi og dei andre utdanningsinstitusjonane opplever ein nedgang på dette feltet. Fleire rapportar viser at det er stort behov for IKT-spesialistar til den digitale og grøne omstillinga i åra framover, seier Naustdal.

HVL tilbyr nautikkutdanning med integrert praksis på campus Haugesund. 

Helse- og sosialfag held fram med å vekse 

HVL har ei av dei største sjukepleieutdanningane i landet. I tillegg til heiltidsutdanningane er deltidsutdanningane i Førde og på Stord populære.

Totalt har høgskulen sendt ut 1305 tilbod til bachelorutdanninga i sjukepleie. Dette er 132 fleire tilbod enn i fjor. På landsbasis er det derimot sendt ut færre tilbod på sjukepleie enn i 2025.

– Vi ser stor konkurranse om studieplassane på sjukepleie, særleg i Bergen. Vi har også gode søkartal ved dei andre campusane våre, og det er svært gledeleg at fleire ønskjer å utdanne seg til yrke som samfunnet har stort behov for, seier Naustdal.


HVL har sjukepleieutdanning i Bergen, Førde, Haugesund og på Stord. 

Også andre helse- og sosialutdanningar ved HVL står sterkt i årets opptak. Det er særleg stor konkurranse om studieplassane på fysioterapi, radiografi og bioingeniør. Mange ønskjer også å studere vernepleie og sosialt arbeid.

– Behovet for kompetanse innan helse- og sosialfaga kjem berre til å auke i åra framover. Derfor er det svært positivt at så mange søker seg til utdanningane våre.

Framskrivingar frå Statistisk sentralbyrå viser at mangelen på sjukepleiarar vil auke markant fram mot 2040. Det same gjeld fleire andre helse- og sosialfaglege yrke, mellom anna for vernepleiar, bioingeniør og ergoterapeut.

Økonomi og landmåling blant vinnarane 

Bachelorutdanninga i økonomi og administrasjon i Bergen er blant dei aller mest populære studia ved høgskulen, med 320 utsende tilbod og 1475 søkarar på venteliste. Også i Haugesund ligg økonomi og administrasjon an til å fylle alle studieplassane.

– Økonomifaga går svært godt. Vi ser både høge poenggrenser og ventelister, noko som viser at utdanningane er attraktive for mange, seier Naustdal.
Eigedomsmekling, økonomi og jus har venteliste også i år, medan landmåling og eigedomsdesign held på den sterke utviklinga frå dei siste åra.

Dei nettbaserte utdanningane i Sogndal har gode tal med høge poenggrenser.

HVL har også ei rekke reine nettbaserte studium som er svært populære, mellom anna sosiologi, samfunnsfag, historie og engelsk.

Fleire av dei toårige masterutdanningane ved HVL i Bergen rekrutterer godt i årets opptak. Dette gjeld mellom anna master i avansert klinisk allmennsjukepleie, master i barnevern og masterutdanninga i jordmorfag.

HVL har også eit stort tal etter- og vidareutdanningar som trekker mange søkarar, særleg innanfor helsefag, lærarutdanning og pedagogikk.

10 på topp - Her er utdanningane med lengst venteliste

1. Økonomi og administrasjon, Bergen
2. Sjukepleie, haust, Bergen
3. Fysioterapi, Bergen 
4. Sosialt arbeid, Bergen
5. Radiografi, Bergen
6. Vernepleie, Bergen
7. Human Resource Management (HRM) og leiing, Bergen 
8. Digital økonomi og leiing, Bergen
9. Ergoterapi, Bergen 
10. Landmåling og eigedomsdesign, Bergen

Fakta om Høgskulen på Vestlandet

  • 7339 personar har fått tilbod om studieplass ved HVL hausten 2026 gjennom Samordna opptak. I tillegg har mange fått tilbod gjennom lokalt opptak.
  • I år er det bachelorutdanningane i økonomi og administrasjon, sjukepleie, fysioterapi, sosialt arbeid og radiografi som har lengst venteliste.
  • Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største utdanningsinstitusjonane i landet, med 16.855 studentar og 1831 årsverk.
  • HVL har fem campusar på Vestlandet: Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
  • Kvart år uteksaminerer Høgskulen på Vestlandet om lag 3500 kandidatar innan mellom anna helse og omsorg, skule og barnehage, økonomi, administrasjon og ingeniør.
  • Kandidatundersøkinga 2025 viser at 67 prosent av dei som har studert ved HVL, fekk jobbtilbod før dei var ferdige med siste eksamen. Ytterlegare 21 prosent fekk jobb innan det var gått tre månader.
  • Høgskulen på Vestlandet ventar på svar på sin søknad til NOKUT om å bli akkreditert om eit universitet – eit universitet med ein profesjons- og arbeidslivsretta profil. NOKUT-komiteen vitja HVL 16. og 17. april i år.