Slik gjekk det då 48 GLU-studentar fekk ansvar for barneskulen

21. og 22. september var to dagar som vil bli snakka om i lang tid ved Christi Krybbe skuler. 48 studentar frå grunnskulelærarutdanninga fekk styre skulen. Her gjekk dei inn i rolla som lærarar, rektor og SFO-leiar på overtakelsespraksis.

Det var ei oppleving som ikkje berre endra skulekvardagen for dei 180 elevane. Skuleovertakinga illustrerer også krafta som ligg i samarbeid mellom lærarstudentar og skular.

Kva som skjer bak sceneteppe

Klokka 8.15 står studentrektor Maria i porten og ønskjer elevar velkommen til ein ny skuledag. Maria er trygg på rolla som rektor. Ho har allereie hatt to opplæringsøkter saman med rektor Martin Aas. I tillegg har Maria jobba som lærarvikar på Christi Krybbe skular og kjenner til fleire av elevane. Alt ligg godt til rette for å kunne gjennomføre oppgåva med glans.
– Det er mykje som skjer bak sceneteppe som rektor må ordne opp i undervegs, seier Maria med eit smil.    

Studentrektor Maria sit stødig i rektorstolen. – Å sjå engasjerte, glade og ivrige barn er den verkelege belønninga, seier ho.

Ved skuleovertaking tar studentane alle rollene ved skulen og dei får erfare korleis det er å drive ein skule. Praksisen har vore førebudd med planleggingsmøte og besøk på skulen i to dagar der studentane fekk høve til å bli kjend med elevane dei skal ha ansvar for i klasseromma.

Studentrektor Maria er smilande og sjølvsikker i rolla, og gler seg til å ønske elevane velkommen til to litt annleise skuledagar. 

Studentar i førarsetet

Overtakingspraksis er ei form for praksis som har lang tradisjon i grunnskulelærarutdanningane, men som ikkje har vore praktisert på campus Bergen på mange år. Christi Krybbe skuler har til vanleg 18 lærarar, ein rektor, to avdelingsleiarar, SFO-leiar og nokre ekstra ressursar. Med den erfarne gjengen fjerdeårsstudentar skal det vere fire studentlærarar per klasse. Det er rigga for eit solid team som tek ansvar for kvar og enkelt elev i dei sju klassetrinna på skulen.

I tillegg til lærarar og rektor syta SFO-leiar, Sigurd Åsland Sørensen for at tida før og etter skuletimane var like morosamme som dei var lærerrike.

Studentrektor Maria og SFO-leiar Sigurd har eit godt samarbeid om å leie skulen.

– Det var visse kriterium når vi vurderte kva årskull som fekk tilbod om overtakingspraksis. Studentane vi hadde med oss er på ingen måte ferske, fortel førsteamanuensis Ingjald Pilskog. Fjerdeårsstudentar på grunnskulelærarutdanninga har hatt fleire praksisperiodar tidlegare. 

– Gjennom praksis blir studentane kjent med yrke og dei får den nødvendige øvinga med å vera ein grunnskulelærar. Likevel kan det vere sider ved yrke som ikkje studentane blir like godt kjent med fordi praksislærar er tilgjengeleg under heile prakisisen, seier assisterande instituttleiar på IIKN Merete Økland Sortland.   

Gler seg til mattebingo

For elevane på Christi Krybbe blei dagane ein fin moglegheit til å oppleve undervisning på ein ny og engasjerande måte. Studentane frå HVL introduserte kreative metodar og kjekke aktivitetar som brakte læring til liv. Matte blei til ein skattejakt, norsk blei teater og samfunnsfag blei til utflukter til blant anna VilVite.

Førsteklassingane hadde mattebingo i andre time, og der var mange spente forventingar til dei nye lærarane. – Latelærarane er veldig snille. Det eg likar best på skulen er å leike. Og mattebingo, seier førsteklassingen Anton Pilskog.


Den sjarmerande førsteklassingen kjem ivrig bort og spør om eg er journalist. 

Leander Strømsholm er også veldig spent på dagane med dei nye studentlærarane sine. – Eg hugsar ikkje heilt kva dei heiter, men det er veldig gøy å ha dei her, seier femteklassingen. - Eg saknar dei ekte lærarane  litt, men det har vært gøy med dei nye likevel. 


Femteklassing Leander var veldig overbevist om at trappa var ein fin stad for foto. 

Hedda F. Vindheim er andreklassing, og er heilt bevisst på at Silje og René er lærarane til vanleg. Når ho får spørsmål om klassen oppfører seg like fint med dei nye lærarane som til vanleg, svarar ho med eit lurt smil: – Ja, eller kanskje litt annleis, sånn at vi lurer dei litt meir enn til vanleg. 

Er det noko som har gått galt medan studentane har hatt klassen då?  – Nei. Eller jo. Vi nekta å ta på oss regnbukse på VilVite, fordi vi ville vere der lengre, seier Hedda med eit smil. 
Hedda synast høgdepunktet med skuledagane var å besøke VilVite. 

Heile personellet på Andøya

Samtidig som studentane frå HVL tek over skulen, er heile den faste lærarstaben, inkludert rektor og avdelingsleiarar, på studietur til Andøya Space Education. Det er ein unik moglegheit for dei å utforske romforsking og bringe spennande opplevingar tilbake til skulen. Ekskursjonen er eit resultat av samarbeidet mellom HVL og Andøya Space Education, og i samband med gjennomføringa av Space camp på Kronstad for mellomtrinnselevane.

– Rektor Martin Aas har lenge hatt ein plan om ein ekskursjon for heile personalet. Då han tok kontakt med HVL med spørsmål om vi kunne fått til ein overtakingspraksis svarte vi positivt til dette. Dette var også ein inngangsport for å få gjeninnført overtakingspraksis i Bergen, seier assisterande instituttleiar Merete Sortland Økland

For GLU-studentane var det ein uvurderleg sjanse til å få praktisk erfaring og lære meir om utfordringane og gleda ved å undervise. Studentene jobba tett saman og inspirerte kvarandre til å vere dei beste lærarane dei kunne vere. Her sit studentane Siri Aven, Tonje Grannes, Julie Ekrheim og Camilla Dahl i planleggingsmøte.

Studentane er einige i at det har vore svært lærerrikt med skuleovertaking. Dei opplever at det var god dialog med lærarane i forkant, og at dei har hatt god tid til å planlegge undervisning slik at dei kunne føle seg trygge på undervisningsopplegget. 

– Erfaringane eg sit igjen med er at det er mykje som skal til for å drifte ein heil skule. Samarbeid og tillit er viktig. Og til slutt: nokre ting må berre takast på sparket. Det har vore veldig kjekt å få ansvaret og eg ville gjort det igjen, seier student Siri Aven.

TakeOver på Instagram

GLU-studentane Stine Meling og Jørgen Kleppe gjorde ein fantastisk jobb med å dokumentere overtakingspraksis på sosiale medium, og hadde såkalla TakeOver på Instagram der det køyrde live-sending frå dei to dagane. Lenke til innhaldet er tilgjengeleg på HVL sin Instagramkonto

MicrosoftTeams-image (1).png

Ein av fleire lærarutdanningsskular

Christi krybbe skuler i Bergen sentrum er ein av fleire lærarutdanningsskular til HVL. Les meir om lærarutdanningsskular- og barnehagar.