
- Realfag handlar om å vere nysgjerrig
Skal fleire velje realfag i framtida, hjelp det å tenne gnisten tidleg. Med Realfagsløft Vestland bidreg HVL til at barn og unge får utforske, undre og lære gjennom praktiske erfaringar.
Mangan, karbon, palladium, zink, jern. På eit bord i kjemilaben står små glas med ulike grunnstoff.
Anne Norenes løftar eit av dei, studerer det nøye før ho plasserer glaset på plakaten. Saman med klasseveninnene Maren Kvamme og Helena Haugland skal ho finne grunnstoffa sin rettmessige plass i det periodiske systemet.
Elevane frå Amalie Skram vidaregåande skule er på besøk ved Høgskulen på Vestlandet i Bergen. Gjennom ulike stasjonar utforskar dei kjemifaget i praksis.
Dei er interesserte i realfag sjølve, men det siste året har dei også fått erfare korleis det er å lære bort naturvitskap til andre.

Nyleg deltok Helena Haugland, Anne Norenes og Maren Kvamme på Mentordagen ved HVL. Om lag 50 nye mentorarer frå videregåande skular i Vestland fylke fekk opplæring i grunnleggjande kjemi og pedagogikk. Dei erfarne mentorane delte sine erfaringar til dei komande mentorane. Foto: VilVite.
Alt er kjemi
For Anne, Maren og Helena handlar mentorrolla om å gi yngre elevar rom til å oppdage at realfag er gøy.
– Det er kjekt å lære bort det vi kan til yngre elevar. Mange trur kanskje kjemi er vanskeleg, men når dei får eksperimentere og stille spørsmål, oppdagar dei kor spennande det er, seier Helena.

Mentorane meiner også at det betyr noko at dei ikkje er så mykje eldre enn elevane dei møter.
– Då blir det kanskje lettare å sjå for seg at ein sjølv kan halde på med realfag seinare, seier Maren.
– Mentorane viser at realfag handlar om nysgjerrigheit og ikkje om å vere eit geni, seier prosjektleiar Kristine Selvikvåg Lundervold ved HVL.

Startskot for Realfagsløft Vestland
Mentorordninga er ein del av Realfagsløft Vestland, ei treårig satsing som skal vekke interessa for naturvitskap og teknologi hos barn og unge. Prosjektet er forankra ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap ved HVL og blir gjennomført saman med VilVite, Universitetet i Bergen og næringslivspartnarane BIR, ABB og Eviny.
Satsinga er støtta av Vestland fylkeskommune gjennom programmet Berekraftig verdiskaping.
Bakgrunnen er eit aukande behov for realfagskompetanse i regionen. Næringslivet etterspør fleire kandidatar innan teknologi, ingeniørfag og naturvitskap, samstundes som færre elevar vel realfaglege utdanningsløp.
– Andelen elevar som vel realfag på vg2 har gått ned dei siste åra, og denne utviklinga bekymrar oss. Framover treng Vestland fleire arbeidstakarar med realfags- og teknologikompetanse. Dersom vi ikkje snur trenden no, kan vi om nokre år mangle folk med den kompetansen regionen treng, seier Lundervold.

Lisa Hasholt Fosse (VilVite), Kristine Selvikvåg Lundervold (HVL) og Rhiannon Tveiten Lewis (HVL) er ein del av kjerneteamet i Realfagsløft Vestland.
Samanhengande kjede frå barneskule til vidaregåande
Forsking viser at interessa for realfag ofte blir forma i alderen 10 til 14 år. Det er i denne alderen dei byrjar å finne sine interesser og bestemme seg for kva dei er «flinke til».
– Når ein elev skal velje programfag på vidaregåande, er mange av haldningane til egne evner og fag allereie på plass. Dersom vi ønsker at fleire skal velje realfag, må vi nå barn og ungdom medan dei framleis er nysgjerrige og opne for nye interesser, seier Lundervold.
Gjennom Realfagsløft Vestland skal elevar møte realfag på ulike arenaer. I tillegg til Vitenskapsklubben omfattar prosjektet mellom anna mentorordningar, matte-drop-in for vidaregåande elevar, campusbesøk, familiearrangement og møte med arbeidslivet.
Målet er å gi fleire barn og unge positive erfaringar med realfag og synleggjere moglegheitene som finst vidare i utdanning og arbeidsliv.
– Vi vil byggje ei samanhengande kjede frå barneskulen til vidaregåande skule. Det blir allereie gjort mykje godt arbeid i regionen. Vårt mål med denne satsinga er å byggje vidare på det som fungerer, knyte eksisterande tiltak tettare saman og samtidig prøve ut nye aktivitetar, seier prosjektleiaren.

Håpar dagens deltakarar blir morgondagens mentorar
For Lundervold handlar satsinga om meir enn å få fleire til å velje realfag.
– Som høgskule på Vestlandet har vi eit samfunnsoppdrag, og det startar ikkje den dagen studentane søkjer seg til oss. Altfor mange unge bestemmer seg tidleg for at dei «ikkje har ei mattehjerne», og vel bort realfag før dei har fått prøvd seg ordentleg. Vi ønskjer å gi dei tru på at dette er noko dei kan lære og meistre, seier ho.
For HVL handlar satsinga også om framtidig kompetanse i regionen.
– Vi utdannar ingeniørar, lærarar og andre fagfolk som Vestland er heilt avhengig av. Då treng vi òg fleire søkarar som har valt realfag på vegen dit, seier Lundervold.
Nettopp derfor håpar ho at møte med eldre elevar som Anne, Maren og Helena kan gjere inntrykk på dei yngste.
– Vi håpar borna går heim og tenkjer: «Realfag er gøy, og slik som mentoren min vil eg òg bli.» Kanskje er det nokre av desse sjetteklassingane som sjølve blir mentorar om nokre år, seier Lundervold.

Fakta om Realfagsløft Vestland
- Prosjektet er forankra ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap ved HVL og blir gjennomført saman med VilVite, Universitetet i Bergen og næringslivspartnarane BIR, ABB og Eviny.
- Satsinga er støtta av Vestland fylkeskommune gjennom programmet Berekraftig verdiskaping.
- Kjerneteamet i Realfagsløft Vestland består av Kristine Selvikvåg Lundervold, Erik Andreas Hanson, Rhiannon Tveiten Lewis og Marit Eggen frå HVL. Ina Hilton, Bianca Cecilie Nygård og Helge K. Dahle frå UiB, samt Lisa Hasholt Fosse og May Linda Hansen frå VilVite.
- Prosjektet omfattar mellom anna Vitenskapsklubb, mentorordningar, matte-drop-in, campusbesøk og møte med næringslivet.
- Har som mål å styrke interessa for realfag blant barn og unge frå mellomtrinnet til vidaregåande skule, få fleire barn og unge til å velje realfaglege utdanningsløp og bidra til å dekkje regionen sitt behov for realfagskompetanse.
- Les meir om HVL sine ingeniør- og teknologiutdanningar
- Les også aktueltsak om innspelsmøte ved HVL om den nye nasjonale strategien for realfag og teknologi: Fleire unge må velje realfag