Samla seg om K2 og campusutvikling Kronstad

Nybygget K2 på Kronstad har skapt stort engasjement i og utanfor HVL. Onsdag fekk styret ein grundig gjennomgang av heile prosjektet, og dei samla seg samrøystes om forventningar til prosessen vidare.

- Styret har stor tru på at dette vil bli eit godt bygg for tilsette, studentar og samfunns- og arbeidslivet rundt høgskulen, seier styreleiar Arvid Hallén.

I desember sende tillitsvalde ved HVL ei bekymringsmelding til styret. Det var denne som låg til grunn for at styret onsdag fekk ein presentasjon av prosjektet frå prosjektleiinga. 

Prosessen og alle stega i prosjektet, frå bestillinga i 2015 fram til innflytting i 2020, blei presentert og grundig gjennomgått av prosjektleiarane Knut Erik Kismul og Knut Vindenes.

Her kan du sjå presentasjonane:

Avdelingsleiar for organisasjonsutvikling og digitalisering, Wiggo Hustad, gjorde i tillegg greie for målet med begge prosjekta i lys av eit organisasjonsutviklingsperspektiv. Ved sidan av dette fekk styret sjå videointervju med utvalde tilsette og representantar som ønsker å flytte inn i K2.

Grundig og god gjennomgang

Etter nokre timar med drøfting gjekk styret til handsaming av saka.

- Vi fekk ein svært god og grundig gjennomgang av heile prosjektet, seier styreleiar Arvid Hallén.

- Styret fekk tydeliggjort og klarlagt gangen i heile prosjektet, og presentasjonane fekk godt fram korleis medverknaden har vore undervegs, seier Hallén. 

Tar bekymringane på alvor

Styreleiaren er glad for at styret samrøystes samla seg om opplegget for den vidare prosessen for K2 og campusutviklinga på Kronstad. 

- Innspela og styret si drøfting fekk godt fram dei tilsette sine bekymringar knytt til prosjektet. Styret anerkjenner dette som legitim uro.

- Desse bekymringane går på utfordringar som ligg i ein modell med aktivitetsbaserte arbeidsplasser i seg sjølv, slik som tilhøyrsle i bygget og støy, men også tilgang til bygget og kor ope bygget blir.

- Styret stadfestar sine tidlegare forventningar om at det blir lagt til rette for god medverknad for dei som skal inn i K2. Dette er svært viktig for å sikre gode løysingar innanfor modellen som er valgt. 

Hallén er glad for at heile styret ser det store potensialet som ligg i nybygget knytt til nye arbeidsformer, samhandling og berekraft. 

- Vi har stor tru på at dette blir eit veldig bra prosjekt for tilsette, studentar og samfunns- og arbeidslivet rundt høgskulen.

Omfattande medverknad framover

Direktør for økonomi og arealforvaltning i HVL, Helge Skugstad, var også nøgd med styremøtet.

- Eg tykkjer det blei eit godt seminar. Vi er no kome oss inni eit godt og konstruktivt spor. Vi skal sjå framover.

- I det vidare skal vi gjere dette til ein god prosess for heile høgskulen og alle som skal flytte inn i K2.

- Vi har fått klarlagt rammene, og dialogen og medverknaden framover skal vere god og omfattande. 

Rektor også nøgd

Rektor Berit Rokne meiner også at gjennomgangen og diskusjonen i styret var viktig for vidare campusutvikling på Kronstad. 

- Samla sett vil K1 og K2 gi tilsette og studentar ein brei variasjon i arbeids- og læringsrom og metodar som blir viktig for å realisere hovudområda i HVL sin strategi; samspel, berekraft og nyskaping.