Sandra Borch besøkte HVL

Fleircampusfinansiering, opptakskrav og betra villkår for studentane, var tema da statsråd for forsking og høgare utdanning, Sandra Borch, besøkte HVL campus Bergen onsdag 6. september.

– Eg ønskjer å bli meir kjend med sektoren og studentane og vil difor reise mykje rundt til universitet og høgskular, seier Sandra Borch. 

I møtet onsdag 6. september deltok rektor Gunnar Yttri, prorektor for utdanning Anne-Grethe Naustdal og leiar for Studenttinget på Vestlandet Henrik Haug. 

Fleircampus og behov for endra opptakskrav

Statsråden påpeikar at Regjeringa no arbeider med å få på plass styrka finansiering for fleircampusinstitusjonar. Dette er eit arbeid som både HVL og dei andre fleircampusinstitusjonanen har forventingar til.

– Statsråden lytta vidare til innspela våre om endringar i opptakskrava, slik at fleire får høve til å studera. Det trengs for å få nok og kvalifisert arbeidskraft til samfunnsberande yrke som lærar og sjukepleiar i åra som kjem, seier Yttri. 

Rektor Gunnar Yttri presenterte mellom anna kandidatundersøkinga og informerte om utvikling i opptakstal og arbeidet med HVL sin universitetssøknad. Frå venstre kommunikasjonssjef Anders Lundell i Kunnskapsdepartementet,  politisk rådgjevar for statsråden Signe Bjotveit, statsråd Sandra Borch, rektor Gunnar Yttri HVL, og leiar av Studenttinget på Vestlandet Henrik Haug.

Studentbustader og arbeidslivsrelevans

I møtet løfta også studenttingsleiar Henrik Haug viktige saker for studentane sine villkår, mellom anna studentbustadar, studenthus, praksis og arbeidslivsrelevans.

– Dette var eit godt møte. Det var også gledeleg å høyra at statsråden ønskjer å vitja fleire av høgskulen sine campusar i tida som kjem. Me vil ta godt imot, seier Yttri.